Norsk kulturråd: DigitalMuseum

Målet med DigitaltMuseum er at museas samlingar skal vere lett tilgjengeleg for alle interesserte, uavhengig av tid og stad. Samlingane skal enkelt kunne nyttas til studiar, undervisning og bildesøk. DigitaltMuseum inneheld over 800 000 gjenstandar og foto. Frå februar 2011 omfattar basen også kunstobjekt.

Meir enn 40 norske museum deltek med digitaliserte verk frå samlingane.
Sjå også deltakande institusjonar.

Publikum kan søke blant bilete, gjenstandar, teikningar og bygningar. Om publikum har meir informasjon om eit objekt kan dei bidra med å skrive ein kommentar på sida til objektet. Besøkande kan også legge inn nøkkelord (tags) på objektet, til dømes ord som skildrar utsjånad eller tema, løfte fram detaljar eller anna som ikkje er omtalt i den teksten museet har lagt inn. Nøkkelorda blir søkbare også for andre.

DigitaltMuseum er utvikla av KulturIT og støtta av Norsk kulturråd (tidlegare ABM-utvikling).

http://www.digitaltmuseum.no/

Posted via email from ghveem

H.S.I: Engasjerande historie?

What big eyes you have, Mr...Dersom du underviser i historie kan du kanskje få litt inspirasjon frå dette opplegget med tittel: H.S.I. Elevane får ein eller fleire  historiske saker dei skal etterforska og finna ei løysing på gjennom å studera dokument og bilete. Dei kan i tillegg samla dokumentasjon frå andre kjelder. Les meir omtale her på freetech4teachers.com og besøk H.S.I her. Kven tek utfordringa med å laga noko liknande i norsk versjon? Ressursar har me jo:  unimus.no, hvor hender det, temaweb, kart i skolen, digitalskolen, Riksarkivet, polarhistorie, og ikkje minst kildenett.no.