Klimamysteriet – IKT i læring

Rainbows have nothing to hideSkolefagundersøkinga og andre undersøkingar viser at bruk av fagspesifikke program kan føra til auka læring. I tillegg kan det vere gevinstar å henta frå simuleringar og problembasert læring. Klimamysteriet er eit læringsundervers der elevar skal hjelpa rollefiguren Axel med å redda klimaet i verda. Her må ein bruk filmar, spel, informasjonskompetanse og web 2.0 for å løysa oppdraget. Underviser du i naturfag eller engelsk er det fleire kompetansemål som kan passa. Men hugs at spelet ikkje nødvendigvis fører til god læring så lenge det berre vert brukt som eit spel. Det bør brukast i ein større samanheng. Ein kan t.d. gi elevane eigne spørsmål dei berre klarar å svara på gjennom å ta del i spelet.

Meir kan lesast her:

HSH

Introduksjonsvideo

Spelet finn du på: http://www.congin.com/climatemystery/

Klarar dine elevar å løysa klimamysteriet?

HSH.no: Studerer digital mobbing

Student Jorunn Teigen Sætre frå Kvinnherad har skrive masteroppgåve om digital mobbing i ungdomsskulen, og sett nærare på korleis mobbeoffer, medelev og lærar opplever problemet.
Fredag 13. mars legg ho fram oppgåva si på HSH.

Sms og chat

Når det gjeld omfanget av digital mobbing, viser Teigen Sætre sine data at vel 15 prosent av elevane blir utsette for ei eller anna form for digital mobbing, og at mobbinga skjer både via telefonoppringing, sms, chat og anna nettkommunikasjon.
Undersøkinga hennar viser vidare at meir enn dobbelt så mange jenter som gutar seier at dei har vore utsette for digital mobbing.

Andre opplevingar
I Teigen Sætre sin analyse går det vidare fram at dei som vert utsette for mobbing opplever hjelpetiltaka i skulen på ein heilt annan måte enn lærarane. Det som kanskje er det mest oppsiktsvekkande funnet her er at 48 prosent av dei som vert utsette for mobbing seier at læraren «nesten aldri» hjelper i samband med digitale mobbesituasjonar.

Ulike tiltak
Det er også tankevekkande at lærarane og dei som vert utsette for mobbing ser ulikt på kva tiltak som bør setjast i verk. Der lærarane helst ønskjer å snakke om mobbing meir generelt, ønskjer dei som vert utsette for mobbinga i større grad at mobbaren skal konfronterast med handlinga si og at åtferda hans eller hennes også skal drøftas i klassen. (via hsh.no)

Samandraget og mastergradsoppgåva vert publisert her etter kvart.