God nettressurs – Praktisk naturfag

Praktisk naturfag kan vere vanskeleg å få i stand på eiga hand, ein skal vel få elevane til å undra seg, reflektera og vere nysgjerrige.

Eg har kikka raskt gjennom forskjellige tips på http://www.naturfag.no  sine ressurssider, her var det mykje snadder.

I dag oppdaga mine elever kokepunktet til vatn, enkel praktisk øving. I morgon skal dei oppdaga frysepunkt, tru om det er forskjell på saltvatn og ferskvatn?

Skal du t.d. forklara kretslaupet til vatn kan dette vere ein brukande måte å gjera det på:
http://www.naturfag.no/_barn/forsok/vis.html?tid=17022

Fleire kan du finna her: http://www.naturfag.no/_barn/laringsressurser/lp_sok.html

Velj klassetrinn og andre alternativ, finn fram til passande kompetansemål og lat elevane dine undra seg! 

Fullført mastergrad!

I dag har eg endeleg fullført mastergradsstudiet innan IKT i læring.
Eg har arbeidd med grafiske organisatorar i læringsarbeid.
I oppgåva kartlegg og skildrar eg forskjellige element innan dette området. Vidare ser eg på kva som kan skje når ein bruker ein grafisk organisator i ein læringsprosess basert på problembasert læring.

Oppgåva er nesten ein halvt års arbeid og tel 30 studiepoeng (10 vekttal).

Eg fekk gode tilbakemeldingar på presentasjonen og den vert lagt ut med kommentarar.

Kort fortalt kan ein seie at begrepet grafiske organisatorar inkluderar mange verktøy, bruksmåtar og metodar. I arbeidet har eg ikkje hatt rom for å gå inn på mange, men har gjort eit utval av perspektiv. Den første delen av oppgåva viser at det er mange moglege val ein kan gjere dersom ein skal bruka slike verktøy.

Masteroppgåva i pdf

Presentasjonen med kommentarar i powerpoint-format.

Eg set pris på tilbakemeldingar og kommentarar, gjerne som kommentarar til denne posten, i eigne bloggar (send i så fall trackback) eller på e-post til guttorm@hveem.no

Endeleg! Masteroppgåva er levert!

Etter mykje slit, lange dagar og lite søvn er endeleg masteroppgåva levert!
No er det «berre» presentasjonen som gjenstår før sommarferien. Ja, og eit jobbintervju då…

Masteroppgåva har tittel: Bruk av grafiske organisatorar i læringsarbeid. PDF-versjon vil bli gjort tilgjengeleg etter presentasjonen…
Om du lurer på kva ein grafisk organisator er så kan kanskje biletet under gi deg ein viss ide.

Referansar i Opera (Userjs)

Har no laga ein liten sak som gjer det enklare å referera…
Scriptet referanse formatert ut frå Harvard-mal.
Eit lite javascript må lagrast i di userjs-mappe: Last ned.

Deretter må du leggje til eit bokmerke i nettlesaren, du kan dra lenka Referanse til ei verktøylinje eller ein annan stad..

Når du no klikkar på Referanse vil følgjande visast for http://guttorm.hveem.no/blogg/:

Guttorm Hveem – Mastergrad IKT i læring – Grafiske organisatorar i læringsprosessar. [Internett] NO: Adresse: http://guttorm.hveem.no/blogg/ Lest:6 Juni 2005

Altså: document.title [Internett] NO: Adresse:document.location Lest: dd.MM.YYYY)

Sjå og innom http://userjs.org for meir avanserte og nyttige script til opera…

Data gjør flink

Data gjør flink: » Skoler som arbeider systematisk med organisatoriske rammer, fleksible metoder og fokus på læring, lykkes best med pedagogisk bruk av IT, sier forskningsleder Ola Erstad ved Universitetet i Oslo til VG.»

Kva skal ein gjere? Bruke IKT i faga.

Korleis skal ein gjere det? Bruke IKT som ein transparent verkty for å støtta eleven si kunnskapsbygging.

Kvifor skal ein gjere det? Den femte basiskunnskap? Nja, IKT kan vere eit bra verkty for nokon i nokon samanhengar.



«Systematisk bruk

Hovedpoenget med skolenes arbeid har vært å gå bort fra at IT er et eget fag, og over til at de bruker IT-verktøyet helhetlig og systematisk i de fleste fag.»

Flott! IKT bør brukast i faga som eit verkty for å støtta undervising og/eller eleven, ein treng ikkje å vera så opptatt av korleis ting verkar, så lenge dei verkar og kan gjera noko for deg.



«De skolene som har lykkes, har flyttet PC’ene fra datarommet til klasserommene. De har et tilstrekkelig antall PC’er, uten at det er nødvendig med én bærbar PC pr. elev. Og de har forankret satsingen på helhetlig digital læring hos rektor.»

Rektor og lærarar bør vere medvitne på kva tid og kvifor ein bør nytta IKT, å ha eige datarom er kanskje ikkje lurt, det gjer det kanskje vanskelegare å koma til og då vert kanskje IKT-bruken «isolert» frå faget eller arbeidsoppgåva.



«For å få optimal nytte av den digitale læringen er det også nødvendig at elevene har tilgang til datamaskin og e-post hjemme. – Bare på den måten kan elevene gjøre hjemmearbeid som en del av den digitalbaserte læringen. Og bare på den måten kan foreldre få innblikk i hva eleven gjør, sier Ola Erstad.»

Det verkar her som om Ola Erstad snakkar om eit eller anna LMS (Fronter/IT’s Learning/PedIT)…

:: Guttorm Hveem si skuleside :: allmennlærarutdanning :: mastergrad IKT i læring ::

Sjølv om eg ikkje akkurat oppdaterer skulesidene mine særleg ofte er det mykje trafikk der;

Vekestatistikk veke 10 – 2005:

Guttorm Hveem si skuleside – http://stud.hsh.no/home/ko100ghv/

Unike besøk siste 7 dagar: 166.

Gjennomsnitt: 23 unike besøk pr. dag

Fordeling på vekedagar:

Mandag:29

Tirsdag:29

Onsdag:35

Torsdag:30

Fredag:13

Lørdag:16

Søndag:14

Mest populære søkeord som fører til mine sider:

1. relasjonsmodell 7

2. didaktisk 6

3. didaktiske 4

4. jernalderen 2

5. i 2

6. Novak, 2

7. MAKIS 2 (Og kjent som MAKVIS/KAMPVISE)

8. Q 2

9. Grensejeger 2

10. gsv 2

11. relasjonsmodellen 2

12. empiri 2

13. for 2

14. J.D. 2

15. Jakobselv 2

16. kleda 2

17. Donna 2

18. www.gingerjolie.com 2 (Grunna eit innlegg i bloggen om spam og telenor sine markedsføringsmetodar)

19. fronter 1

20. cmap 1

21. ( 1

22. +blogger 1

23. prosjekt 1

24. kongens 1

25. stud.hsh.no 1

Det kan jo sjå ut som om oppgåver vert delt ut på tirsdagar…

Sjekk google si oversikt over mine sider.

:: Guttorm Hveem si skuleside :: allmennlærarutdanning :: mastergrad IKT i læring ::: «::Velkommen til Guttorm Hveem sine skulesider ::»

digi.no – 9. klassinger uten datakunnskap

digi.no – 9. klassinger uten datakunnskap: «1.470 av elevene fullførte eBorger-testen. Testen avslørte betydelig kunnskapshull i elementør bruk av data. Hele 25 prosent av elevene klarte ikke testen, som avdekker at de ikke behersker den _femte basiskunnskap_ i skoleverket.

Det er Utdanningsdepartementet som nå krever digital kompetanse i skolene og som har lansert begrepet femte basiskunnskap som er generell dataforståelse. De fire andre er lesing, skriving, regning og muntlig framstillingsevne.»

«Vi erfarer at mange ungdom er flink til å laste ned programmer og dyktige på dataspill, men mangler ferdigheter innen analytisk og strukturert databehandling som kreves i jobbsammenheng, sier Nilsen.»

Interessant! Men kva bakgrunn har eigentleg desse elevane? Kva nyttar dei data til? Datakyndig ungdom er ofte gamers, d.v.s. dei bruker mykje tid på speling, og det treng ikkje vera spesielt lærerikt på områda som her vert testa. Kva og korleis nyttar dei søkemotorar? Nyttar dei berre ein startportal? Nyttar dei fleire?
Når det gjeld den analytiske og strukturerte databehandlinga er vel den svak, kan det ha ein samanheng med vanar frå såkalla zapping? Det viktigaste er vel at det skjer noko på skjermen med jamne mellomrom (kvart 3. til 10. sekund)…
Er det noko som helst trening i det å strukturera og analysera innhald i skulen i dag? Kva verkty og i kva samanhengar gjer ein i så fall det? IKT i skulen er vanlegvis ikkje eit verkty i faget, men eit tillegg til faget.

Er dette eit argument for å innføra grafiske organisatorar (mind mapping/concept mapping)??

– Skolen blir ikke bedre av IKT (bt.no si sensasjonsoverskrift frÃ¥ à se Bratthammar si masteroppgÃ¥ve)

– Skolen blir ikke bedre av IKT: «- Skolen blir ikke bedre av IKT

Departementet vil bli skuffet i sin storsatsing på IKT for å øke læringsutbytte og endre organisasjon i skolen. – Det virker ikke, sier masterstudent Åse Bratthammer.

Publisert: 30. jan. 2005, 06:00
Oppdatert: 30. jan. 2005, 01:23
i BT.no av LENA VERMEDAL

– En bombe. Slik karakteriserte Gavriel Salamon, en av verdens fremste forskere på IKT og læring, masteroppgaven til Bratthammer. Denne uken gikk hun opptil eksamen ved Høgskolen Stord/Haugesund (HSH) og fikk beste karakter.»
————————————
Åse sa vel at IKT ikkje verka som ein endringsagent eller katalysator for å endra pedagogisk praksis og metode i skulen. Ho sa vel ikkje noko om at skulen ikkje vart betre med eller utan IKT. Men at det er forskjell i forventningar politisk og i praksis i skulen er det fint å få dokumentasjon på.

«Ingen av de spurte mente de ville oppnå bedre resultater eller bli en bedre lærende organisasjon gjennom bruk av IKT. Lærere mente IKT tok vekk fokus fra læringen.»

Viktig poeng, men snakkar me her om læringa til elevane eller organisasjonen?

«- Skolen må ta i bruk fordelene. Alle kjenner fordelene ved tekstbehandling. Det er en selvfølge. Det finnes simulasjoner og animasjoner som kan være veldig verdifulle for enkelte elever, men det må bare ikke ta overhånd.»

Nye ting er spanande, etter kvart forsvinn noko av spaninga, det er vel kanskje dit me har kome med IKT i skulen no. IKT kan brukast til mykje forskjellig rart, det er ikkje dermed sagt at det er nødvendig å bruka det til alt..
Skal ein utvikla digital kompetanse mÃ¥ ein og kunne velje bort IKT når det ikkje høver.

«Når din datter kommer hjem klokka tre om natten, og du ønsker å fortelle henne noe viktig. Hvordan gjør du det? Sender henne en faks, eller en e-post? Selvfølgelig ikke. Du kaller henne til kjøkkenbordet og formidler budskapet øye til øye.»
Gavriel Salomon