Media/Flash-video

Har endeleg konvertert nokre av videoane eg har laga til flashformat.
Ein presentasjon av grafiske organisatorar som vart laga til ein konferanse
i nord-Noreg for rettleiaren min i fjor:
http://guttorm.hveem.no/media/go/ (Det var litt skummelt å snakka til datamaskina…)

Ein liten reklamefilm som vart brukt av HSH på utdanningsmesser i fjor
(på iPod og videokanon):
http://guttorm.hveem.no/media/hsh/

Og til sist ein liten introduksjon i digitale forteljingar for elevane mine til MS Photostory 3:
http://guttorm.hveem.no/media/photostory/

Programmet eg brukte til konvertering var Visifly. 
Skjermfilminga som du ser i presentasjonen av grafiske organisatorar og 
photostory kan ein gjere med Camtasia studio.

Kva kan skje… Søkemotorar kan vel ta overhand i framtida…

Via Anders G. N.  Høgskulelektor IKT i læring ved HSH fekk eg denne lenka: 
http://masterplanthemovie.com/
 
Den filmen er det verdt å kikka på og etterpå kan du jo reflektera over kor mykje
søkemotorane veit om deg… Litt rart at cookies frå akkurat denne søkemotoren 
ligg så mange år på maskina di…

Kor mange av desse tenestene bruker du?
Google earth 
Google analytics
Googledocs & spreadsheets
Google søk
Google mail/gmail
Blogger
Picasa
og av resten på: http://www.google.com/intl/en/options/ ?
Tenk kva spor eitt firma kan ha om deg…
Skal ein tru på personvernet eller ha ein liten tvil bak øyra?

«Og hva er tro? Nesten det samme som håp.
Men hvis du tror for sterkt, da blir du fanatiker.
Det er ikke bra. Derfor har vi tvilen også.
Uten tvilen ville vi fremdeles befunnet oss
i steinalderen. Men du skal ikke tvile for mye heller.
Du skal bare ha en liten takluke for tvil.
Det tror jeg er meningen. En liten tvil bak øret.»
Rolf Jacobsen

Born og internett, kjeldekritikk og tips. «Men alt som står på internett er jo sant!»

Kvar måndag startar med ein liten open runde i klasserommet der elevane får fortelja kva dei har gjort i helga. Mange fortel at dei har vore mykje «på data».

Generelt kan ein seie at gutar kanskje er meir opptatt av å spela, medan jenter bruker IKT til sosialisering, «Blink» og MSN er relevante stikkord.

Blink (Utvikla av db.no) vert presentert slik:
«Blink er en møteplass hvor du kan treffe nye venner, snakke om felles interesser og fremme nyheter og meninger. Blink er Norges største nettsamfunn.» (http://blink.no)

Med MSN kan ein snakka saman via tastaturet, det kan ein gjera i grupper eller ein til ein.
I andre typar prategrupper og forum kan det vere fleire deltakarar og tilhøyrarar.

Nedanfor har eg samla litt info frå nyhenda den 29.01.2007 knytt til emnet, den siste lenka er det mykje god informasjon på. Sjå gjerne gjennom videoane og ta gjerne med tenåringar/ungar innom der…

Ei god nettside som handlar om personvern.

«Det handler om hvordan opplysninger om deg kan bli brukt av andre, og hvordan du kan ta kontroll over disse opplysningene.»

http://www.dubestemmer.no/

Oppsummert:

  1. Du er ikkje anonym på nettet.
  2. Ting som havnar på nettet forsvinn sjeldan. Det tok meg to dagar å få fjerna eit sensitivt dokument frå google (cachen) etter at ein student lagra «feil».
  3. Det tek 3 sekund å senda eit bilete frå kameratelefonen til pcen. Det tek 10 sekund å senda biletet vidare til alle på kontaktlista i eit e-postprogram.
  4. Nettvett og køyrereglar er lurt å ha. Og så kan det vere lurt å vere med på ein surferunde med ungane i ny og ne..
  5. Det er ikkje alltid lett å vita kven ein har kontakt med. Då er dømet: http://www.dubestemmer.no/film/Cyber.wmv ganske treffande.

«Men alt som står på Internett er jo heilt, heilt sant. Heilt sikkert altså.»

God nettressurs – Praktisk naturfag

Praktisk naturfag kan vere vanskeleg å få i stand på eiga hand, ein skal vel få elevane til å undra seg, reflektera og vere nysgjerrige.

Eg har kikka raskt gjennom forskjellige tips på http://www.naturfag.no  sine ressurssider, her var det mykje snadder.

I dag oppdaga mine elever kokepunktet til vatn, enkel praktisk øving. I morgon skal dei oppdaga frysepunkt, tru om det er forskjell på saltvatn og ferskvatn?

Skal du t.d. forklara kretslaupet til vatn kan dette vere ein brukande måte å gjera det på:
http://www.naturfag.no/_barn/forsok/vis.html?tid=17022

Fleire kan du finna her: http://www.naturfag.no/_barn/laringsressurser/lp_sok.html

Velj klassetrinn og andre alternativ, finn fram til passande kompetansemål og lat elevane dine undra seg! 

Animasjonsfilm – Ferdig

Så vart animasjonsfilmen ferdig, filmen vart rundt to minutt lang (inkludert rulletekst). Trur me enda i underkant av 2000 bilete.

Surf innom http://guttorm.hveem.no/media/sydvaranger/ for å sjå (flash, låg kvalitet)

Ei anna gruppe har laga ein seks minuttars stumfilm, denne legg eg ikkje ut. Men eg kan seie at det verkar som om det er lettare å få god innsats for nokon dersom dei ikkje treng konsentrera seg om dialogen…