Sortfix – smart søkemotor

Å finna, vurdera og bruka informasjon er ikkje alltid like lett.Men det er kanskje noko av det viktigaste ein bør læra i skulen. Det finst mange døme på at søking etter kjeldestoff går ille.

Tidlegare fekk ein grundige og kanskje overbevisande artiklar om Anne Frank dersom ein søkte på google.

Dersom ein kikka på domenenamnet som kom nesten øverst så såg ein at det tilhøyrte ein organisasjon med namn Vigrid. Eit anna klassisk døme er ungar som skriv om kattar og så søkjer dei etter bilete med ordet pus, eg treng kanskje ikkje fortelja noko om kva slags bilete som kan dukka opp frå engelske nettstadar då.

Sannsynlegvis har dei fleste tre utgangspunkt for å finna informasjon, startsiden.no (der dei søkjer i feltet til google), google.no og wikipedia.org. Det er mange gode alternativ ein kan bruka. I dag vil eg tipsa om sortfix.com.

Denne kan vere eit ypparleg hjelpemiddel i søkekurs. Ein skriv inn søkeord som vanleg og ein kan sjå resultata frå google, twitter, bing, bilete og filmar frå youtube. Men det er øverst ein finn det mest praktiske. Dei fire boksane inneheld «power words», «add to search» «remove» og «dictionary». Her kan ein raskt leggje til søkeord, vise alle resultat unntatt eit av orda og ein kan slå opp ord direkte dersom ein dreg dei til boksen «dictionary». Ganske smart, bør prøvast.
Skjermbilde2010-03-26kl.22.17.33.yv1yheo14WiS.jpg

H.S.I: Engasjerande historie?

What big eyes you have, Mr...Dersom du underviser i historie kan du kanskje få litt inspirasjon frå dette opplegget med tittel: H.S.I. Elevane får ein eller fleire  historiske saker dei skal etterforska og finna ei løysing på gjennom å studera dokument og bilete. Dei kan i tillegg samla dokumentasjon frå andre kjelder. Les meir omtale her på freetech4teachers.com og besøk H.S.I her. Kven tek utfordringa med å laga noko liknande i norsk versjon? Ressursar har me jo:  unimus.no, hvor hender det, temaweb, kart i skolen, digitalskolen, Riksarkivet, polarhistorie, og ikkje minst kildenett.no.

Verktøy for planlegging: Lessonwriter

Mange lærarar brukar den blå boka som sitt hovudverktøy gjennom skuleåret. Sjølv praktiserer eg papirfritt kontor og bruker litt andre verktøy i planlegginga. Hovudverktøyet mitt er Mindmanager. I tillegg bruker eg OneNote ein del (meir om det seinare).

I tillegg finst det ein del andre praktiske verktøy som t.d. Lessonwriter, tenk å få eit slikt verktøy inkludert i LMS. I lessonwriter finn ein fram til ein god tekst ein vil bruka (og då er kanskje ikkje wikipedia det beste alternativet alltid…) og så koblar lessonwriter teksten saman med den nasjonale læreplanen (I dette tilfellet USA sin) og gjer ein del automagiske saker. Til slutt sit ein igjen med eit arbeidsark med ein lesetekst, øvingsord, spørsmål og meir. Kanskje noko du kan bruka i engelskundervising?

Digitale læringsressurser – opphavsrett og andre juridiske utfordringer

Digitale læringsressurser – opphavsrett og andre juridiske utfordringer er eit omfattande og vanskeleg tema. På konferansesidene til Delrett finst det no opptak og presentasjonar tilgjengeleg på deira nettsider. I tillegg kan ein få med seg kommentarar og innspel på twitter under #delrett, på http://hashtags.no/t/?tag=delrett finn du i tillegg lenker som vart kvitra undervegs. Sist, men ikkje minst, finst det eit kollektivt referat på http://etherpad.com/delrett. Day 106 - I am a librarian

Nettfaget – informasjonskompetanse

I dag har det pågått ein liten diskusjon på twitter mellom elevar og lærarar på twitter om eit «fag» førebels under stikkord #nettfaget. Mykje handlar om informasjonskompetanse og kjeldebruk.

Eg har no oppretta ei side på wikien til del og bruk der ein kan koma med innspel til innhald. Bør dette kanskje vere tverrfagleg og ein del av norskfaget? Eller skal det vere eige kurs? Studieteknikk er og eit viktig element som kanskje passar inn. Studieteknikk med PC er kanskje ikkje heilt likt studieteknikk utan?

Emnet høyrer kanskje mest til den digitale kompetansen i dei ulike faga. Eg trur det kan vere lurt med eit innføringskurs i oppstartsvekene der m.a. IKT-kyndige lærarar/elevar og ikkje minst bibliotekarar kan spela ei sentral rolle.

Du er herved utfordra til å leggja igjen synspunkt i kommentarfeltet og til å bidra på wikien.

Tal og fakta om facebook

Held på med ein liten sak om sosiale medier og tenkte eg skulle finna ut litt om brukarane til facebook. Fakta om facebook finn ein enkelt her, men tala er det litt verre med. Heldigvis har nedrelid.com funne ut korleis ein kan finna estimat over brukarar med hjelp frå Øyvind i NRK Beta.

Dersom ein prøver å oppretta ei annonse i facebook så kan ein få ut eit estimat på antal brukarar, vidare kan ein velje alder, stikkord, sivilstatus, nær by, utdanning osb.

Tala er estimat og det ser ut til at dei varierer ein del dersom du prøver fleire gonger.

Estimata eg fann for Noreg ser i alle fall slik ut:

  • 1 547 940 personer over 18
  • 754 400 personer over 18 som er kvinne
  • 345 580 personer over 18 som er mann
  • 23 100 personer over 18 som har fullført college
  • 32 920 personer over 18 som har fullført universitet/høgskole
  • 49 200 personer over 18 som har fullført videregående skole
  • 360 160 personer over 18 som er singel
  • 81 860 personer over 18 som er forlovet
  • 246 440 personer over 18 som er gift
  • 90 000 personer over 18 som er singel som er interested i menn
  • 185 020 personerover 18 som er singel som er interested i kvinner
  • 273 140 personer over 18 som er singel som er interested i menn eller kvinner
    (kjelde: facebook.com 2. april 2009)

Dette kan ein vel bruk i matematikkundervisinga og evt i kjeldekritikk?

  1. Kor stort sannsyn er det for at du finn ein singel gut over 18 år som er interessert i jenter på facebook?
  2. Kan desse estimata vere reelle? Kva skjer om ein summerer opp dei forskjellige tala (antal brukarar = menn + kvinner?)
  3. Kvifor vert estimata så høge når ein brukar annonseverktøyet for å finna tala?