Søk og du skal finne – om systematisk informasjonssøking

Søk og du skal finne – om systematisk informasjonssøking : ««Søk og du skal finne» er en enkel veiledning i lommeformat for ungdom om målrettet informasjonssøk og kildekritikk. Veiledningen kan brukes i alle fag og typer prosjekt – om det er til en rapport i kjemi, et prosjekt om globalisering eller et forfatterskapsstudium.»

Nyttig ressurs når det gjeld digital kompetanse og kjeldekritikk!
Oppdatering: Denne burde jo vore nettbasert, men eg har ikkje funne den norske versjonen enda.  Den danske opprinnelege versjonen finst i alle fall her.

Spennande prosjekt…

Denne veka skal elevane mine samarbeida med sjuande klasse frå skulen dei skal byrja på til hausten. Både prosessen og produktet kan bli veldig spennande trur eg. Begge klassanse har vore gjennom reklame som tema i norskfaget den siste veka.

Nedanfor er mesteparten av oppdragsteksten (eitt av færrast mogleg innlegg med bokmål). Eg kjem tilbake til resultat. Du står sjølvsagt fritt til å forbetra oppdrag og oppdragstekst om du vil prøva dette sjølv. Og viss du gjer det er eg takksam for tilbakemelding (Kva verka? Kva verka ikkje? Kvifor? Kva gjorde du/dine betre?)

1 Oppdrag:
Dere skal lage en reklamekampanje for et firma, en arbeidsplass, et lag, en organisasjon, en skole eller lignende i Sør-Varanger kommune.
2 Krav
2.1 Dere må selv velge noen dere vil lage kampanje for. Når dere har bestemt dere må dere ta kontakt med firmaet/personen det gjelder for å finne ut hva de vil reklamere for.
2.2 Dette er et gruppeprosjekt, det vil si at alle i gruppa skal bidra i arbeidet.
2.3 Reklamekampanjen skal inneholde minst to elementer, dere kan velge mellom:
(a) Film (Moviemaker)
Filmer skal vare i maks to minutter.
Film skal inneholde video og musikk/lydkommentar (NB. Lovlig musikk)
(b) Bildepresentasjon (Photostory)
Bildepresentasjon skal vare i maks to minutter
Må inneholde bilder, tekst og lydkommentar/musikk (NB. Lovlig musikk og bilder)
(c) Animasjon (Monkeyjam)
Maks to minutter
(d) Presentasjon (Powerpoint)
Presentasjonen skal være selvgående
Presentasjonen må inneholde tekst og bilder/figurer (NB. Lovlige bilder/figurer)
(e) Plakat (Word/Powerpoint/Ark)
Plakat skal være i A3-format
Plakat skal inneholde tekst, bilde/figur (NB. Lovlige bilder/figurer)
(f) Radioreklame
Radioreklame skal vare i maks 1 minutt.
Radioreklame skal spilles inn av minst 2 personer i gruppa og inneholde lovlig bakgrunnsmusikk/jingle.Dere skal KUN bruke lovlig materiale, det vil si at en må sjekke opphavsrett på bilder, lyder og musikk en finner på Internett

Kva kan skje… Søkemotorar kan vel ta overhand i framtida…

Via Anders G. N.  Høgskulelektor IKT i læring ved HSH fekk eg denne lenka: 
http://masterplanthemovie.com/
 
Den filmen er det verdt å kikka på og etterpå kan du jo reflektera over kor mykje
søkemotorane veit om deg… Litt rart at cookies frå akkurat denne søkemotoren 
ligg så mange år på maskina di…

Kor mange av desse tenestene bruker du?
Google earth 
Google analytics
Googledocs & spreadsheets
Google søk
Google mail/gmail
Blogger
Picasa
og av resten på: http://www.google.com/intl/en/options/ ?
Tenk kva spor eitt firma kan ha om deg…
Skal ein tru på personvernet eller ha ein liten tvil bak øyra?

«Og hva er tro? Nesten det samme som håp.
Men hvis du tror for sterkt, da blir du fanatiker.
Det er ikke bra. Derfor har vi tvilen også.
Uten tvilen ville vi fremdeles befunnet oss
i steinalderen. Men du skal ikke tvile for mye heller.
Du skal bare ha en liten takluke for tvil.
Det tror jeg er meningen. En liten tvil bak øret.»
Rolf Jacobsen

Born og internett, kjeldekritikk og tips. «Men alt som står på internett er jo sant!»

Kvar måndag startar med ein liten open runde i klasserommet der elevane får fortelja kva dei har gjort i helga. Mange fortel at dei har vore mykje «på data».

Generelt kan ein seie at gutar kanskje er meir opptatt av å spela, medan jenter bruker IKT til sosialisering, «Blink» og MSN er relevante stikkord.

Blink (Utvikla av db.no) vert presentert slik:
«Blink er en møteplass hvor du kan treffe nye venner, snakke om felles interesser og fremme nyheter og meninger. Blink er Norges største nettsamfunn.» (http://blink.no)

Med MSN kan ein snakka saman via tastaturet, det kan ein gjera i grupper eller ein til ein.
I andre typar prategrupper og forum kan det vere fleire deltakarar og tilhøyrarar.

Nedanfor har eg samla litt info frå nyhenda den 29.01.2007 knytt til emnet, den siste lenka er det mykje god informasjon på. Sjå gjerne gjennom videoane og ta gjerne med tenåringar/ungar innom der…

Ei god nettside som handlar om personvern.

«Det handler om hvordan opplysninger om deg kan bli brukt av andre, og hvordan du kan ta kontroll over disse opplysningene.»

http://www.dubestemmer.no/

Oppsummert:

  1. Du er ikkje anonym på nettet.
  2. Ting som havnar på nettet forsvinn sjeldan. Det tok meg to dagar å få fjerna eit sensitivt dokument frå google (cachen) etter at ein student lagra «feil».
  3. Det tek 3 sekund å senda eit bilete frå kameratelefonen til pcen. Det tek 10 sekund å senda biletet vidare til alle på kontaktlista i eit e-postprogram.
  4. Nettvett og køyrereglar er lurt å ha. Og så kan det vere lurt å vere med på ein surferunde med ungane i ny og ne..
  5. Det er ikkje alltid lett å vita kven ein har kontakt med. Då er dømet: http://www.dubestemmer.no/film/Cyber.wmv ganske treffande.

«Men alt som står på Internett er jo heilt, heilt sant. Heilt sikkert altså.»