Skolen i digital utvikling 2011, #sdu11 – del og bruk.

Media_httpskoleledels_xomli

Torsdag og fredag går konferansen «Skolen i digital utvikling» (http://skoleledelse.no/sdu/) av stabelen igjen.

Dersom du har lyst til å få med deg det som skjer kan du følgja med på på desse lenkene:
– Kollektivt referat vert skrive fortløpande: http://samskrive.ndla.no/sdu11

– Det blir sannsynlegvis kvitra ein del under firkantemne #sdu11: http://hashtags.no/t/?tag=sdu11

Og så reknar eg med at det dukkar opp ein del blogginnlegg i etterkant.

Referat vert og publisert i etterkant.

Tips: Klikk på historikk for å sjå presentasjonar frå tidlegare år.

Posted via email from ghveem

Del og bruk-konferansen 2011

Eg rakk diverre ikkje innom del og bruk-konferansen i år, men heldigvis er det mange som har lagt igjen gode spor til oss.

Kollektivt referat via samskrivingsverktøyet til NDLA finn ein på http://samskrive.ndla.no/dob11 .

I tillegg har Elisabeth har skrive referat her, Kristin her, og Øystein her. Fleire dukkar nok opp etter kvart.

Oversikt over tekst, lenker og bilete som vart delt på twitter frå konferansen finn ein på http://hashtags.no/dob11

Kanskje det mest spanande er omvendt undervising? Dersom du og er interessert i dette temaet kan det vere lurt å følgje Ingunn, Elisabeth, Roger og ikkje minst The Flipped Class Network

Til neste år håpar eg på streaming til grisgrendte strøk.

Posted via email from ghveem

NKUL 2011: Felles referat

Kollektivt referat frå NKUL 2011, tusen takk til Hilde, Elin, Ole, Jakob og alle andre som har bidratt!

 

=============================================
NKUL 2011
Skriv akkurat der du vil. Ta gjerne ansvar for sesjonen du er på. 
Flott om du får med sesjonskode/Namn på sesjon

Dere som ikke er på NKUL kan følge live stream. Lenke til livestream onsdag http://multimedie.adm.ntnu.no/mediasite/Viewer/?peid=1df1a6b9968f4a71a6c51f63d4a5fb9c1d. Hvis du har problemer med denne streamen, kan du gå via denne siden http://multimedie.adm.ntnu.no/mediasite/Catalog/catalogs/NKUL11.aspx.
Rask oversikt over kven som skriv på twitter, lenker og anna: http://hashtags.no/NKUL

Hald fram med å lese «NKUL 2011: Felles referat»

NKUL11

  • Martin Gaustad
On Demand

13 April 2011, 13:00 RDT

5 Minutes 15 Seconds

Wenche Erlien, Naturfagsenteret

  • Wenche Erlien, Naturfagsenteret
  • Sonja M. Mork, Naturfagsenteret
On Demand

04 May 2011, 13:00 RDT

1 Hour 22 Minutes 51 Seconds

Forsker Håkon Fyhn, Sosialantropologisk institutt, NTNU

  • Forsker Håkon Fyhn, Sosialantropologisk institutt, NTNU
On Demand

05 May 2011, 09:00 RDT

48 Minutes 38 Seconds

Jørund Høie Skaug, Senter for IKT i utdanningen

  • Jørund Høie Skaug, Senter for IKT i utdanningen
On Demand

05 May 2011, 10:15 RDT

47 Minutes 2 Seconds

Dei siste dagane har eg prøvd å få med meg mest mogleg av NKUL-konferansen i Trondheim via nettet. Arrangørane av NKUL gjer gode tilrettelegginar for oss som ikkje deltek. Ein kan sjå stream, opptak og delta i sesjonane ved å skriva firkantemne #NKULS og sesjonskode. Dersom du opnar iTunes og søker på NKUL får du opp videoar frå dei siste NKUL-konferansane.

Undervegs vert det og skrive felles referat her: http://samskrive.ndla.no/nkul11

Har du bare tid til å sjå ein video frå NKUL så velg S2C – Klasseromsledelse med IKT. Desse videoane kan ein og sjå på eit teammøte og når ein diskuterer undervising på skulen…

http://multimedie.adm.ntnu.no/mediasite/Catalog/catalogs/NKUL11.aspx

Posted via email from ghveem

Om Ung 3.0 « Ung 3.0

Utgangspunktet for konferansen Ung 3.0 er kunnskap om ungdom og deres medieliv, og de mulighetene dette gir oss når det gjelder kunnskapsdeling og kommunikasjon med målgruppen.

Ungdom er aktive brukere av digitale medier som mobiltelefoni, Internett, dataspill, TV og film. Gjennom nettsider som YouTube er de også selv med på å produsere og dele innhold for nettet. De ulike mediene blir benyttet både som en sosial arena og møteplass og som et sted for informasjonsinnhenting og underholdning. Vi ser også at blant annet blogging og Facebook i økende grad er med og setter dagsorden sosialt og politisk. Dagens mediebruk innebærer et paradigmeskifte gjennom den forventningen deltakerne har om deling, dialog og åpenhet og om en rask og direkte tilgang på informasjon.

Elevane er flinke til å laga små innslag frå konferansen, og i etterkant kan ein sjå videoopptak frå fleire av sesjonane.

Posted via email from ghveem

Global Education Conference – Home

The 2010 Global Education Conference is being held November 15 – 19, 2010, online and free.  Sessions will take place in multiple time zones and multiple languages over the five days.   For those «tweeting,» the hashtag is #globaled10.

The conference is a collaborative and world-wide community effort to significantly increase opportunities for globally-connecting education activities.   Our goal is to help you make connections with other educators and students, and for this reason the conference is very inclusive and also is provides broad opportunities for participating and presenting.   While we have an amazing list of expert presenters and keynote speakers, we will also have some number of presenters who either have not presented before or have not presented in Elluminate–please encourage and support them, as  they are likely to be a little nervous! 

There is no formal registration required for the conference, as all the sessions will be open and public, broadcast live using the Elluminate platform, and available in recorded formats afterwards.  There is a limit of 500 live attendees for any given session.   Links to watch the sessions will be posted the weekend before the conference begins, in the «Sessions» and «Schedule» pages, and recording links will be listed in the session descriptions soon after each day’s sessions.  To verify that your computer system is configured correctly to access Elluminate, please run the self-test here.   

Klikk innom Sessions for å sjå direkte eller i opptak.

Posted via email from ghveem

Referat frå Skolen i digital utvikling 2010: #sdu10

Referat frå Skolen i digital utvikling

Skolen skal forberede elevene på livet utenfor, og IKT er en selvfølge i dagens arbeidsliv. Vi må ikke overse mulighetene som ligger foran nesen vår. Vi har mulighet for å skape læringsarenaer hvor vi treffer elevenes egen hverdag. Forskjellene blir veldig tydelige innenfor IKT-området, og her ligger en stor utfordring. Det er ikke mange som har hatt en lærerutdanning hvor integrering av IKT i fagene har vært tema. Vi har lærere som ikke ser nytten av bruk av IKT i egen undervisning, selv i norskfaget hvor man har stor nytteeffekt.

Under konferansen var det fleire aktive deltakarar og saman laga me dette kollektive referatet. Dersom du har skrive ned noko eller blogga er det fint om du legg inn lenker i dokumentet.
Heile dokumentet vart kopiert til dette dokumentet på google docs undervegs.

I tillegg vart det kvitra aktivt av rundt femti personar, oversikt over desse finn du her: http://hashtags.no/sdu10

Takk for god kollektiv jobb og takk til NDLA som gjer samskrivinga mogleg på http://samskrive.ndla.no.

Posted via email from ghveem

EtherPad: sdu2010

Skolen i digital utvikling 2010
http://skoleledelse.no/sdu/
forslag til firkantemne på blogg/twitter: #sdu10
Oversikt over kvitrarar og lenker frå konferansen: http://hashtags.no/t/?tag=sdu10
Velkommen til kollektivt referat frå SDU10.
Det er fint om du skriv ned stikkord frå sesjonane du er med på. Dette gjeld spesielt parallellsesjonane. Det er plass til 32 brukarar samstundes, dersom det vert fullt er det fint om du gir plass til dei som vil skriva.

Når konferansen er over kan du klikka på Import/Export over for å referatet lagra i eit format som passar deg. .

11. og 12. November – adressa er http://samskrive.ndla.no/sdu2010

Posted via email from ghveem

ISTE 2010

I år har eg vore så heldig å få oppleva deler av ISTE, ei av dei største messene knytt til IKT i læring. Starten på ferien vart ekstra spanande når Anders Bjerkholt frå Moava hadde billettar til overs slik at eg kunne få med meg utstillinga. Det tok vel fire-fem timar berre å traska gjennom utstillinga. Og svært kort oppsummert så er det mykje fint utstyr ein kan få kjøpt. Ein heil del potensielt gode nettløysingar og. Men hjelp det med masse fint utstyr? Tja, kanskje dersom alt verkar og læraren kan utnytta potensialet på ein god pedagogisk måte. Men det var mykje kult utstyr eg fint klarar meg utan og. Mentometerknappar var det mange variantar av, den beste var kanskje «minitavlene» der elevane skreiv med blyant og viste læraren.

Ein anna observasjon var eit dokumentkamera med tilhøyrande retteprogram. Ein la altså ark med elevane sine avkryssongar (fleirvalsoppgåver) under kameraet og fekk opp ferdig retta/oppsummert prøve på skjermen. Kvifor ikkje gjera alt på pc?

Vidare såg eg ei potensielt god løysing til språkundervising, her var det ferdig docking til ein haug med ipodar, slik at ein enkelt kunne gi gjera klar eit klassesett med lydspor og innspelingar. Køen framfor Google Apps Education var lengst. Edmodo og Edugeek.net var og på plass.

Og ja, eg fekk fylla ut registreringskortet heilt på eiga hand…

No vert det sannsynlegvis ganske stille her til eit stykke ute i august, du får ha ein riktig god sommar!

Posted via email from ghveem