ITUMonitor 2009

ITU har i dag publisert ITUMonitor 2009 der dei går gjennom trendar og tilstand i skulen.

ITU har lagt ut video frå pressekonferansen, ein finn igjen pressemeldinga hos Computerworld, NRK, VG og Teknisk Ukeblad.

Kunnskapsdepartementet svarar og fortel kva dei ynskjer å satsa på her.

Øystein Johannesen har oppsummert hovudfunn her.

Eva har skrive referat og oppsummert spørjerunden til slutt. Hans Christian bloggar her. Marian har nokre refleksjonar som kanskje ikkje er direkte samanheng med lanseringa.

Oppdatert: Marcel (i Aschehoug) har og skrive sine tankar her. Tommy Engen her.

Heile rapporten kan ein lesa hos ITU i tillegg kan ein finna ein del på twitter med søkeord #itumonitor.

Og for moro skuld kan du sjå om du og klarar elleve rette på testen til NRK.no

Eg vil tru at vidaregåande kjem til å ha endå høgare bruk og sannsynlegvis meir kompetanse etter kvart som dei vert vane med NDLA og stadig fleire digitale læremiddel. Men me kan ikkje berre satsa på å bruka IKT til lesing og skriving. Prosjektstyring, simulering, animasjon, samansette tekstar er nokre stikkord ein kan ha i bakhovudet. Men for å få til slikt må ein ha kompetente lærarar, og for å få til ei satsing på IKT i læring må dei som styrer og legg premissane og vera kompetente. Eg er spent på kva det nasjonale senteret for IKT i utdanning kan leggje til rette for.

Det dukkar heilt sikkert opp ein del i bloggane og på http://delogbruk.no snart.

Alt saman skal lesast og fordøyast, men nokre av oss har ferie litt til…

Post nummer 400 forresten!

Nettfaget – informasjonskompetanse

I dag har det pågått ein liten diskusjon på twitter mellom elevar og lærarar på twitter om eit «fag» førebels under stikkord #nettfaget. Mykje handlar om informasjonskompetanse og kjeldebruk.

Eg har no oppretta ei side på wikien til del og bruk der ein kan koma med innspel til innhald. Bør dette kanskje vere tverrfagleg og ein del av norskfaget? Eller skal det vere eige kurs? Studieteknikk er og eit viktig element som kanskje passar inn. Studieteknikk med PC er kanskje ikkje heilt likt studieteknikk utan?

Emnet høyrer kanskje mest til den digitale kompetansen i dei ulike faga. Eg trur det kan vere lurt med eit innføringskurs i oppstartsvekene der m.a. IKT-kyndige lærarar/elevar og ikkje minst bibliotekarar kan spela ei sentral rolle.

Du er herved utfordra til å leggja igjen synspunkt i kommentarfeltet og til å bidra på wikien.

Vil du bli ein litt betre lærar?

I så fall kan det vere lurt å henta inspirasjon og tips til korleis ein kan verte endå betre til det ein gjer.

100 opne, gratis leksjonar ligg klare på spelelista her, ferdig sortert etter tema.

Ein klarar nok ikkje å få til alle på ein gong, men set deg gjerne eit mål om at du skal bli betre på nokre av tinga som vert nemnt i  videoane.

1001 – ein fin start på del og bruk

Sidan starten i februar har Del og bruk fått 1001 medlemmer, det er imponerande at så mange lærarar og skulefolk samlar seg for å dela tankar og diskutera på nettet. Rundt om i landet sit det mange lærarar og tenkjer på det same (vurderingskriterier, måloppnåing, stegark, rubrikkar, nettvett osb). Kanskje nokre manglar andre eldsjeler å diskutera med og finn dei i norskgruppa, spanskgruppa, ei av LMS-gruppene eller gruppa for vurdering for læring?  I tillegg melder fleire og fleire seg inn i den digitale delingsarenaen, det dukkar opp stadig nye fjes på bloggar, twitter og ikkje minst på Del og bruk. Det vert lagt merke til og

bardvegar om del og bruk

Kva framtida vil visa er ikkje godt å seie, alt vert drive på dugnad av Svend Andreas Horgen, Margreta Tveisme, Ingunn Kjøl Wiig, Rolf-Anders Moldeklev og underteikna.

Tal og statistikk er ofte viktig motivasjon, her er litt frå Del og bruk:

Oppdatering:

Og eitt døgn seinare er det 1056 medlemmer….

Delogbruk kan og treffast på http://delogbruk.noDel og bruk - statistikk feb-apr

Tags: ,