Er du eit utvikla menneske eller eit utviklingsmenneske?

Ein god start på dagen, kaffe og Fredrik Härén på NHO sin årskonferanse. Denne videoen er nesten i TED-format og er særs aktuell for skulen i Noreg.
Härén er svensk, men har budd i Asia i fleire år og har nokre tankar om utviklinga i verda.
Han fortel om ein professor i han har møtt som sa nokolunde dette til elevane:
«De får ikkje bruke mobiltelefon på skulen. Bare mobiltelefonar de har bygd sjølv…» Same professoren har vore aktiv i fotballturneringar med robotar. Det kostar penger å kjøpa materiale til robotar, så difor vart utfordringa ikkje å laga fleire robotar som skulle spela mot kvarandre, men ein robot som kunne spela mot ein annan robot med ni ballar…

Jo meir framgangsrik ein er, desto mindre forandrar ein seg… Og då er det kanskje farleg å bu i Noreg?

Utviklingslanda utviklar seg, dei byggjer landa. Utvikla land som Noreg er ferdig utvikla. Eller?

Dersom omverda ikkje forandrar seg treng ein ikkje forandra seg. Ref. Krokodillen gjennom 80 millionar. Deltar me i forandringa, eller lener me oss tilbake?
Redcliff (http://www.imdb.com/title/tt0425637/) vs. Batman: Har du sett begge?

Kven har kunnskapsovertaket? Asia eller vesten? Asia har potensialet til å vera meir kreative enn vesten.

«Kina kopierer bare». 28 år gamal kinesisk designar: «Det handlar ikkje om copyright, det handlar om copying right.»
Picasso: «Good artists copy, great artist steal..»

Härén er ikkje redd for at Asia stjel våre idear, han er livredd for at me ikkje hentar idear frå Asia.

Me må bli inspirert av at Asia er framgangsrike og sjå kva me kan få til betre.

Norge er ikkje eit ferdig land, me er rundt 100-200 år frå å vera eit utvikla land.

Vil me at Noreg skal definerast som eit utvikla land, eller utviklingsland? Definerer du deg sjølv som eit utvikla menneske eller eit utviklingsmenneske?

http://video.nho.no/2010/01/fredrik-haren/#menu

Smarte verktøy til iPhone

Svend Andreas har skrive eit innlegg om kva apps han bruker og korleis han har organisert skjermane sine på iPhone.
Her kjem nokre tips til…

Fjernkontroll/Fjernstyring
Eg bruker hovudsakleg to apps til dette.
Air Mouse Pro krev ein installasjon på maskinane du vil bruka det mot. Du kan velja om du vil ha vanleg flate for styring av mus, eller gyro med høgre og venstreklikk. Du kan og skriva inn på skjermtastatur og styra det meste. Hovudsakleg brukt mot mediasenter (Mac mini) og til presentasjon/undervising.
TeamViewer gir deg skjermbilete frå PC/MAC og du kan jobba som normalt på PC-en frå iPhone. Eg bruker gratisversjonen.
Skjermbilde2010-03-23kl.09.20.09.XTLSrIdb5bSl.jpgSkjermbilde2010-03-23kl.09.25.51.nmKqJo1rozxt.jpg

Bøker
Å lesa bøker på skjerm er kanskje uvant og nytt for mange. Det finst fleire tilbydarar og difor har eg fleire lesarar. Det er kanskje enklast å kjøpa/synkronisera bøker med Kindle for iPhone. Med Stanza på iPhone og Calibre på ein PC/MAC kan du konvertera og overføra bøker/PDF og anna rett til iPhone. På den måten fekk eg NDLA inn på min iPhone.
Skjermbilde2010-03-23kl.09.20.16.fPQbr9JDfx6d.jpgSkjermbilde2010-03-23kl.09.20.51.mBil4nCNt3oL.jpgSkjermbilde2010-03-23kl.09.26.17.YWrqIpDxzJ4k.jpgSkjermbilde2010-03-23kl.09.27.42.ez0P6rkdhTet.jpg
Nyttige verktøy
Evernote blir brukt for å synkronisera tekst, klipp og anna mellom alle maskinane mine og iPhone.
Dropbox blir bruk til å synkronisera filer mellom maskinar og iPhone. Tilgang så lenge ein har nett og lett å dela filer frå Dropbox.
Runkeeper logger treningsøktene dine. Du får data for fart, kart osb.
Writepad er ei litt meir avansert skriveblokk enn den som føl med iPhone.
JotNot-scanner er eit viktig verktøy for å halda kontoret mitt papirfritt. Ein kan scanna sider og vidaresenda dei som PDF/bilde til Evernote, Dropbox, Google docs Webdav/idisk, box.net eller e-post.
Tripit held styr på reiser og flybillettar. Ein videresender reisekvitteringa til ei e-postadresse og så lagar Tripit oversikt over reise og legg på kart, telefonnummer osb.
Har du ein wordpress-blogg er det smart med appen WordPress. Skriv eller rediger, godkjenn kommentarar osb.
Tumblr vart brukt for å oppdatera feriebloggen med bilete, tekst, lyd og video undervegs på reisa.
Taptu blir brukt for søk på internett, grensesnittet er imponerande.

Skjermbilde2010-03-23kl.09.20.28.Lc8T4zCAKTtp.jpgSkjermbilde2010-03-23kl.09.23.17.ljGPBeNsb3yG.jpgSkjermbilde2010-03-23kl.09.20.46.kooGKki6dpGs.jpgSkjermbilde2010-03-23kl.09.20.58.1LCRK81bz8pW.jpgSkjermbilde2010-03-23kl.09.23.30.bZHPogAlkh3r.jpgSkjermbilde2010-03-23kl.09.27.22.Ro01M4OF5PIg.jpgSkjermbilde2010-03-23kl.09.23.43.3qzLun0J5T66.jpgSkjermbilde2010-03-23kl.09.24.36.VgEdgx2aB09e.jpgSkjermbilde2010-03-23kl.09.24.54.oR4p47I0yz72.jpg

AR
AroundMe viser informasjon om firma og andre ting rundt deg.
Layar kan visa ulike lag med informasjon rundt deg, bilete frå ulike tenester, artiklar frå wikipedia og liknande.
Wikitude henter informasjon frå artiklar på wikipedia og plasserer dei på kartet/skjermen.
Gulesider gjer at du kan finna adresser og firma rundt deg.
Skjermbilde2010-03-23kl.09.20.20.yrrQaYMlDphq.jpgSkjermbilde2010-03-23kl.09.24.11.lWqrNcI1SEAe.jpgSkjermbilde2010-03-23kl.09.24.23.M3iYDFcVGEbx.jpgSkjermbilde2010-03-23kl.09.26.27.wq9ql6bBbSJE.jpg

Kommunikasjon
Echofon Pro er mitt førsteval som twitterklient. Integrert med Flickr-kontoen og ReadItLater. Støtter PUSH og synkroniserer Echofonklienten med MAC-en.
Skjermbilde2010-03-23kl.09.20.25.U2W0VHB88HXT.jpg

Lesestoff
Read It Later blir brukt til å ha oversikt over artiklar/nettsider eg skal lesa. Blir brukt i alle nettlesarane mine og gir meg ei synkronisert leseliste. Ein kan i tillegg velje å laste ned artiklane på leselista dersom ein t.d. skal sitja nokre timar på fly…
Stanza er omtalt lengre oppe.
Diigo Offline Reader gir meg rask tilgang til bokmerka mine på diigo. Du kan søka og lasta ned bokmerka viss du vil.
Netnewswire blir brukt til å lesa RSS-straumen frå Google Reader. Enkelt og greit grensesnitt, du kan senda artiklar til e-post, twitter og instapaper frå appen. Synkroniserer med Google Reader.

Skjermbilde2010-03-23kl.09.20.42.pTz5dWENykTi.jpgSkjermbilde2010-03-23kl.09.23.59.wlvDlzr0Yvxe.jpgSkjermbilde2010-03-23kl.09.21.45.py7Q1B64x5qX.jpg

Lærar
Har testa TeacherTool for å sjå om det er noko, og har vel funne ut at det ikkje passar meg heilt… Men tipsar i alle fall om det. Test gratisversjonen først!Skjermbilde2010-03-23kl.09.27.02.U2wTdtbAVSlU.jpg

Elev
Det finst mange program elevane kan bruka for å læra seg ting, for å finna formlar osb. myHomework kan vere eit godt program for å skriva ned lekser og ha oversikt over innleveringar og prøvar.
Skjermbilde2010-03-23kl.09.25.06.9cbOmEtQgq9f.jpg

Bilete
Flickr og Flickit blir brukt for å lasta opp bilete frå iPhone til Flickr, ein har litt fleire val og ein kan lasta opp fleire bilete i slengen i Flickit.
Photoshop.com gir deg nokre av funksjonane frå Photoshop, ein kan redigera litt og bruka ulike filter.

Skjermbilde2010-03-23kl.09.20.32.45PSTcrVth91.jpgSkjermbilde2010-03-23kl.09.25.24.g3RjQUXcOwgM.jpgSkjermbilde2010-03-23kl.09.20.38.pW5CIoH6RTN1.jpg

Tankekart
Eg har sett på fleire apps for tankekart, per i dag har eg hovudsakleg brukt Simplemind Xpress, men den dekkjer ikkje alt eg treng.
Det er overhengande fare for at Mindjet blir kjøpt inn sidan det kan kommunisera med Mindmanager på MCA/PC…
Skjermbilde2010-03-23kl.09.22.26.Qm9u5CH3du9M.jpg
Skjermbilde2010-03-23kl.09.22.41.FJImFi3BjWBi.jpg
Så, har du nokre tips Svend Andreas og eg har oversett?

Dei gode døma 2010 – Tankekart

Eg er så heldig at eg skal få dela nokre gode døme på Flesland den 8. april. Temaet for sesjonen er tankekart. Eg har planar om å fortelja litt om kva tankekart er, korleis ein kan bruka det på smarte måtar som lærar og som elev. Og eg har tenkt å fortelja litt om korleis ein vurderer tankekart, det kan vere ei utfordring. Første skisse er laga i tankekart, men er er open for innspel og kommentarar. Legg gjerne igjen ein kommentar eller send meg ein e-post, twittermelding eller liknande. Du kan nå meg på guttorm(snabel-a)hveem.no / twitter.com/ghveem.

dei gode døma

Prezi – delingsarena for pedagogar.

Prezi har tidlegare lansert utdanningsversjon av systemet sitt. Har du ikkje oppdatert versjonen din enda bør du gjere det her.
I tillegg lanserer dei no ein delingsarena der lærarar kan dela presentasjonane sine. Dei fleste er sjølvsagt på engelsk og er systematisert etter den amerikanske læreplanen. Men om ein ikkje kan bruka det direkte, kan ein jo bruka det som inspirasjon. Og så får norske lærarar dela presentasjonane sine.

practicing

NDLA på din lesedings?

Å lesa bøker på skjerm er kanskje utenkeleg for mange, eg kan godt vere enig i at skjønnlittere bøker kanskje best eignar seg på papir. Men lærestoff, fagbøker og anna kan godt vere digitalt for min del. Og eg gjetter at det er fleire som kunne tenkt seg å ha med seg alle lærebøkene i lomma. I går lasta eg ned Coursesmart til eit av mine viktigaste verktøy, nemleg iPhone. Videoen som viser Coursesmart på iPad (konsept førebels) er rimeleg interessant. Eg håper og trur at denne modellen kan vere aktuell for skulen og kanskje for forlaga og. Hos Coursesmart leiger ein bøkene sine per semester, kanskje ein kan kjøpa nokre permanent og.Ein kan ta notat og lagra desse saman med bøkene. Etter semesteret har ein ikkje tilgang til bøkene, men ein har tilgang til notata ein har teke. Og kanskje dei er viktigast? Denne modellen kan kanskje vere aktuell for norske forlag og? Men, så, i Noreg har me NDLA tilgjengeleg, kva kan dei gjera framover? Eg ynskjer gjerne å ha med meg fagbøker og lærebøker i lomma. Elevar kan kanskje og tenkja seg det, ein slepp å mista bøker, gløyma bøker og ein kan lesa bøker på bussen, trikken eller andre stader. Praktisk for fleire partar med andre ord.

Korleis får ein NDLA på ein lesedings som t.d. kindle, iPhone, Nook eller andre?

1. Du treng pdf-versjonar av innhaldet på ndla, førebels kan ein finna pdf-filer av kvar side. Kanskje kapittel/bøker/tema samla etter kvart?

2. Du treng programvare for å forandra formatet på pdf-filene til det formatet lesedingsen din støtter. Eit gratis og dekkjande program er Calibre.

Det eg har gjort for å ha deler av NDLA på min lesedings (iPhone) er å lasta ned pdf-versjonane av eit kapittel, i dette tilfellet Norsk – kommunikasjon, til ei mappe. Deretter opna Calibre (passa på å starta serveren under innstillingar) og la til ei mappe som ei bok (fleire pdf-filer til ei bok), konverterte til e-bok. Kobla til iPhone og starta Stanza. Klikka på «Get books» og så kunne eg bla gjennom alle bøkene på PC-en og lasta dei eg ville ha på iPhone. Og no kan eg lesa om kommunikasjon akkurat der eg vil og når det passar meg. Og for å forenkla prosessen håper eg at NDLA etter kvart legg ut kapittel/tema/fag som samla pdf-filer. Eventuelt at ein kan velje fleire sider av eit kapittel og lagra det som ei pdf-fil. Det kan dei sannsynlegvis gjera, men dei må kanskje sloss litt mot nynorsk-folk (ikkje meg), forlag og nokre andre først.

Kva gjer du dersom skulebygget brått forsvinn?

I dag følgjer eg Kongsbergkonferansen på twitter og CoverItLive og det har fått meg til å grubla litt på korleis ein skal koma seg vidare med digital kompetanse og utnytta dei verktøya me har tilgjengeleg på ein betre måte. Eg trur mange skundar seg sakte framover og det skjer definitivt mykje spanande rundt om kring. Diverre er det ein del som vert stoppa av allereie etablerte løysingar som t.d. Fronter og It´s learning og ikkje minst skulen som bygg og organisasjon. Heng deg med på dette tanke-eksperimentet:


Det vert oppdaga asbest i heile skulebygget og skulen vert stengt. Det finst ikkje andre lokale elevane og lærarane kan bruka. I tillegg ryk servere der LMS-et ligg (Fronter/It´s learning, evt. andre). Du må ha undervising og sørgja for at elevane når kompetansemåla det neste året.

Kva gjer du?


Verktøy for planlegging: Lessonwriter

Mange lærarar brukar den blå boka som sitt hovudverktøy gjennom skuleåret. Sjølv praktiserer eg papirfritt kontor og bruker litt andre verktøy i planlegginga. Hovudverktøyet mitt er Mindmanager. I tillegg bruker eg OneNote ein del (meir om det seinare).

I tillegg finst det ein del andre praktiske verktøy som t.d. Lessonwriter, tenk å få eit slikt verktøy inkludert i LMS. I lessonwriter finn ein fram til ein god tekst ein vil bruka (og då er kanskje ikkje wikipedia det beste alternativet alltid…) og så koblar lessonwriter teksten saman med den nasjonale læreplanen (I dette tilfellet USA sin) og gjer ein del automagiske saker. Til slutt sit ein igjen med eit arbeidsark med ein lesetekst, øvingsord, spørsmål og meir. Kanskje noko du kan bruka i engelskundervising?

Mindtools: Georgios Smedja i Fysik och Matematik

Via det svenske skuleverket sine nettsider for IKT i læring kom eg over

Georgios Smedja i Fysik och Matematik. Her samlar læraren Georgios gode ressursar han sjølv brukar i læringsarbeid. Han bruker m.a. simulering for at elevane skal læra og forstå komplekse prosessar. Han meiner og at det er viktig å gjera matematikk meir lab-orientert og konkret for å auka interessa og sjå at matematikk kan brukast praktisk. Geogebra vert nemnt som eit program ein kan konkretisera matematikk i. Eit anna viktig poeng er at simuleringar ikkje kan vera det einaste ein ein gjer for å forstå noko, læraren må hjelpa til med å tolka, forklara, stilla spørsmål osb.

Det Georgios fortel stemmer godt overeins med det David H. Jonassen  skriv om mindtools. Her er det snakk om målretta og fagspesifikk bruk av IKT, j.f. Skolefagundersøkelsen 2008, og ikkje minst læring med IKT.

Underviser du i matematikk eller fysikk er det lurt å ta turen innom Georgios smie, men husk å gjera noko meir enn å simulera…