Digitale testar

Digitale testar i LMS kan vere eit smart element i vurderingsarbeid. Ein kan laga spørsmålsbankar der ein trekk ut 50 av 100 spørsmål tilfeldig, har tidspress og sjølvrettande oppgåver. Ein kan sjølvsagt la elevane samarbeida om å laga spørsmål frå pensum og så kan læraren leggje inn desse i ”banken”. It’s learning har laga eit hefte der du kan få mange andre tips

I tillegg har Svend Andreas laga ein flott tipsserie om digitale testargood question.

den lærande og IKT


Image by Getty Images via Daylife

Johan Lundin har nokre gode poeng i blogginnlegget «IT är inte ett nödvändigt ont».
Han skriv om ein student som berre dukka opp på dei obligatoriske førelesingane og elles studerte på varmare breiddegrader. Dette kunne ein ikkje merka på resultata. Lundin skriv vidare om korleis studentane brukte versjonskontroll for oppgåver, digital delt kalender og at dei brukte nettbaserte møteløysingar.

Med dette i bakhovudet kan ein ta den lærande sitt perspektiv. Mykje av fokuset rundt IKT i skulen i dag er kanskje på skulen og lærarane sine forutsetningar. Bør me kanskje tenkja meir på kva dei lærande brukar? Nokon vel å bruka nettby for å organisera aktivitetar, skal me då la dei gjera det, skal me nekta dei, eller skal me kanskje visa dei betre/alternative løysingar? Zimbra Desktop Edition kan vere eit godt verktøy for lærande. Sjølv brukte me msn og irc for å analysera mellomkrigsromanar saman med elevar frå ein annan skule (Krav). Gruppene fekk sjølv velje kva verktøy dei ville bruka for å diskutera (Dette var før skype/gtalk og andre videoløysingar…). På masterstudiet IKT i læring brukte me videokonferanse for å samarbeida med medstudentane som var spreidd over heile landet.

Det er ein god ide å visa elevar korleis ein kan bruka IKT på ein god måte. Treng de ein samarbeidsplattform? Har du kikka på elgg, ning, zimbra, zoho, google docs? Kanskje secondbrain er ein ypperlig stad å samla informasjonsbitane og for å samarbeida?
Wiki kan brukast både til oppgåveskriving og for å organisera.

Det heile handlar kanskje om kva du som lærar legg til rette for. Skal du styra heile prosessen og leggja alle premissa, eller skal du styra mål og vurderingskriterier?

Dette passar sjølvsagt ikkje i alle samanhengar, men kanskje mest når det er snakk om problembasert læring, prosjekt og liknande.

Nettfaget – informasjonskompetanse

I dag har det pågått ein liten diskusjon på twitter mellom elevar og lærarar på twitter om eit «fag» førebels under stikkord #nettfaget. Mykje handlar om informasjonskompetanse og kjeldebruk.

Eg har no oppretta ei side på wikien til del og bruk der ein kan koma med innspel til innhald. Bør dette kanskje vere tverrfagleg og ein del av norskfaget? Eller skal det vere eige kurs? Studieteknikk er og eit viktig element som kanskje passar inn. Studieteknikk med PC er kanskje ikkje heilt likt studieteknikk utan?

Emnet høyrer kanskje mest til den digitale kompetansen i dei ulike faga. Eg trur det kan vere lurt med eit innføringskurs i oppstartsvekene der m.a. IKT-kyndige lærarar/elevar og ikkje minst bibliotekarar kan spela ei sentral rolle.

Du er herved utfordra til å leggja igjen synspunkt i kommentarfeltet og til å bidra på wikien.

NRK.no: Kunnskapsministeren mener skolene bør kunne straffe elever som bruker for mye tid på Facebook og lignende i skoletiden.

NTB/NRK/VG har i dag hatt ein del tabloide overskrifter… VG Nett har kommentert på bloggen til Solhjell, Teknisk Beta har kommentert det heile her.

Solhjell seier det slik (du finn opptaket her):

Må sette klare grenser
– Vi må få elevene til å forstå at vi må sette klare grenser for bruk av Facebook i skolen og ha sanksjoner. Men det skal være lokal handlingsfrihet. Den enkelte skole og lærer må avgjøre.

Kva gjer du når eleven gjer noko heilt anna enn det han eigentleg skal gjera? Gir beskjed/ kastar han ut / oppfordrer han til å gå ut? Ein kan/kan ikkje kasta ut elevar.

Mange elevar er ikkje vant til å bruka IKT for å læra, dei er meir vant med å bruka det til underhaldning og kommunikasjon. Heldigvis er det ein del oppegåande elevar og, sjå t.d. her, her eller her.

Facebook kan vere eit ypparleg verktøy for læring sjå berre her, her eller her.

Eg meiner dette handlar meir om klasseleiing og pedagogikk.

Det er vel det Solhjell og meiner?

Oppdatert:

Solhjell presiserer i sitt blogginnlegg:

“Det skal vere opp til den lokale handlefriheten. Det er neppe (riktig) å forby, men å sørge for det samme som ellers. Sette klare grenser, ha klare regler, få elever til å forstå og vere med på dei, ha sanksjonar når dei blir brutt”

Med andre ord, noko heilt anna. I grunn det stikk motsatte av den siste overskrifta! Fascinerande. Det hadde vore interessant å høyre kva nokre av dokke som var i salen oppfatta at eg sa?

Interne lenker:

Facebook gir dårligere karakterer,

Klart du kan

Eksterne lenker:

http://www.vg.no/nyheter/innenriks/elevavisen/artikkel.php?artid=542613

http://www.aftenposten.no/meninger/article3047568.ece

http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/hordaland/1.6584447

Vil du bli ein litt betre lærar?

I så fall kan det vere lurt å henta inspirasjon og tips til korleis ein kan verte endå betre til det ein gjer.

100 opne, gratis leksjonar ligg klare på spelelista her, ferdig sortert etter tema.

Ein klarar nok ikkje å få til alle på ein gong, men set deg gjerne eit mål om at du skal bli betre på nokre av tinga som vert nemnt i  videoane.

Det hjelp å skriva eller skribla…

Å hugsa er ikkje alltid like lett, men det finst nokre hjelpemiddel for å huska betre. Kor mange er det eigentleg som skriv ned noko når dei er på konferanse, møte, undervising osb? Sjølv må eg skriva for å hugsa, det held kanskje med stikkord, men skrivinga må til. Eg hugsar ting eg skriv på ein lapp eller i eit tankekart, sjølv om eg aldri ser på det eg skreiv igjen. (Nok ein grunn til å reflektera/blogga…)

…Very enjoyable. Very edifying. A good learning experience, I felt.
But then, as the plane was landing – a mere 15 minutes or so after I had stopped watching the presentations – I came to a disturbing realization: I had only the vaguest memory of what was covered in each lecture… (Mission to learn)

Mission to learn har nokre refleksjonar her.

Forskning.no skriv og om forsking som viser at det ikkje er så dumt å skribla ned noko når ein skal følgja med på noko anna.

Det er kanskje ikkje så lett å skribla på pcen, det er jo så mykje anna som freistar, men det er ikkje dumt å lukka slikt som twitter, msn, e-post og slikt…

Har du elevar som skriblar i timane?  Gjer du noko med det? Er du ein skriblar?