Yes, The Khan Academy IS the Future of Education (video) | Singularity Hub

Berre på engelsk, men likevel ei gullgruve av ein læringsressurs når det gjeld matematikk. Elevane treng ikkje vera så gamle før dei skjønner kva dei skal klikka på for å gå vidare til neste oppgåve heller. Dersom ein kjem til oppgåver ein ikkje får til kan ein velja å sjå videoar der ein får opplæring.

Tenk no om Udir og NDLA kunne fått til noko slikt saman!

Og tenk viss ein som lærar hadde slike verktøy for å laga læringsressursar eller læringsstiar på ein enkel måte.

Posted via email from ghveem

Norskressurs: Spesialeffektar i film

I samband med jobb har ein elev spurt meg om hjelp til å laga ein film med spesialeffektar. Eit av måla er å la han vera inne i filmane og effektane han skal presentera. Det får me nok til med ein einsfarga vegg, proffane bruker greenscreen og chroma keying.

I den samanhengen har eg ramla over ei liste med gode døme på spesialeffektar. I tillegg legg eg til nokre som tilfeldigvis er i interessefeltet mitt og.

Stikkord: rotoscope, kite, PIP

Animusic er kanskje ikkje spesialeffektar, men verdt å ta ein kikk på uansett. Dei har gitt ut minst to DVDar med ulike songar..

Stikkord: CAD, 3D, simulering, musikk.

100 år med spesialeffektar demonstrert gjennom ulike filmklipp:

Tron Legacy er vel for det meste laga på data…

Kva er eigentleg spel og kva er ikkje?

Utviklinga i verda i veldig grove trekk vert vist gjennom ein stop-motion animasjon basert på 2100 ark teikna for hand.

Heime hos oss går det mykje i Lego, og minstemann er ein kjennar innan sjangeren Lego Star Wars på youtube…

Ein treng eigentleg ikkje meir enn kreativitet og eit kamera for å laga fantastiske filmar (og ein plan og tid…). Denne musikkvideoen er laga med stop-motion.

Dette var eit lite tillegg og utdrag frå denne oversikta, mykje meir finst på youtube og så kan du finna fagstoff og fleire døme hos NDLA.

NTB info – Scanpix i samarbeid med NDLA

”Avtalen med Scanpix vil sikre elever og lærere tilgang til det beste som er å oppdrive av illustrasjoner. Vi er meget godt fornøyd med at vi nå har fått etablert dette samarbeidet. Scanpix sine bilder vil berike NDLAs faglige innhold, og gi lærestoffet en nærhet til elevens egen virkelighet.

Videre vil vi i samarbeidet med Scanpix over de neste tre år ta sikte på å gjøre tilgengelig 60 000 faglig relaterte bilder til fri bruk for elever og lærere. I så måte er avtalen historisk, og vil kunne gi ringvirkninger for allmenn bruk av offentlig finansiert innhold” sier NDLAs leder Øivind Høines.  

Supert at NDLA gir oss tilgang til rundt 60 000 fagleg relaterte bilete til undervising!

Håper at det blir lett å finna relevante bilete med søkeord og taggar. Kanskje brukarane kan få skriva inn taggar og?

Posted via email from ghveem

Kjemi i den videregående skole

ALTIKJEMI er et digitalt undervisningsopplegg for den videregående skolen.

Opplegget består av korte tema med illustrasjoner, animasjoner, videoer og tale, med 2 til 4 minutters varighet. Hvert tema kan gjennomgås uavhengig av de øvrige. De kan brukes både i klasseromsundervisning, i gruppearbeid og til individuelle studier.

 

ALTIKJEMI dekker pensum i kjemi i femtimerskurset i naturfag i Vg1, og vil etterhvert bli utvidet til å dekke pensum i Kjemi 1 og Kjemi 2 i Vg2 og Vg3.

Posted via email from ghveem

Spillet om fattigdom | Spillpikene.no

PING er et dataspill om fattigdom, for bruk i skolen. Det ble lansert 20. oktober, og er laget med støtte fra diverse europeiske fond og stiftelser, men også i samarbeid med organisasjoner for fattigdomsbekjempelse. I en presentasjonsvideo som er tilgjengelig på spillets hjemmeside hevder spillskaper Jane McGonigal følgende: «Gaming is an appropriate tool for 21th century learning about key societal issues such as poverty.»

Posted via email from ghveem

Læringsressursar og Youtube

Image representing Academic Earth as depicted ...
Image via CrunchBase

Det enkle spørsmålet «Har du lov til å visa filmar frå Youtube i undervising?» har ikkje eit enkelt svar. NRK Østlandssendingen har skrive om «Ulovlig bruk av Youtube» på skolen» der på IT-folk og filmfolk uttalar seg. Olav Torvund har forklart problemstillingane litt nærare i «Youtube og undervisning» og i kommentarfeltet er det nyttig informasjon å få med seg. Dersom ein har god tid kan ein kikka gjennom videoane frå Del rett-konferansen for å få meir informasjon om temaet. I tillegg kan det vere opplysande å lesa gjennom avtalane KS og Kopinor har for skulen. Eg er ikkje sikker på om avtalen om digital bruk er heilt dekkjande, men det er i alle fall gjeldande avtale ein må forholda seg til. Avtalen dekker nemleg ikkje video, lyd, program, interaktive læringsressursar osb…

Kva gjer ein for å sleppa å vurdera om ein har lov å bruka det ein finn på t.d. youtube? Ein unngår Youtube? Eller bruker ein dei ein veit ein kan bruka?

Det ein heil del gode ressursar du kan bruka, m.a. har NDLA gjort ein heil del video, lyd, bilete, animasjonar og andre læringsressursar tilgjengeleg for bruk i skulen. NRK Skole legg stadig ut meir materiale, sortert etter tema og kunnskapsløftet. TV2 har og laga til ein skulevariant, men for å få tilgang til denne må ein betala per år. Fleire universitet i Noreg bruker Itunes U for å leggje ut førelesingar og anna. NTNU og UiS er i gang. Medan UiO ikkje er så langt unna.

The New York Times viser i ein artikkel fleire gode læringsressursar som Academic Earth, Connexions, OpenCourseWare Consortium, Open Culture, ITunes U og YouTube.com/edu

Reblog this post [with Zemanta]