Student og linux?

Dersom du er student er sannsynlegvis UberStudent noko du kan vere interessert i. UberStudent er ein linuxdistro med verktøy som kan gjera studiekvardagen betre.

Pris: 0,-

Omtale | Last ned

forskning.no > Minnepinne mot eksamensjuks

Minnepinne mot eksamensjuks

Skolene skal introdusere digital eksamen der elevene bruker sine egne bærbare datamaskiner, og mange elever kan fristes til å jukse. Forskere ved Norsk Regnesentral har funnet løsningen ved hjelp av fri programvare som startes fra en minnepinne.

– Under eksamen vil elevsystemet kjøre en tilpasset variant av Linux-systemet Ubuntu. Elevsystemet vil kun inneholde programvare som er nødvendig for gjennomføring av eksamen, bare tillatte nettsider vil være tilgjengelige og nettverkstilgangen vil være begrenset til skolens eksamensnett.

– På denne måten vil elevene i mindre grad fristes til å jukse, sier Truls Fretland.

– Før eksamensstart settes minnepinnen i elevens avslåtte datamaskin. Etter oppstarten tastes kandidatnummeret inn og PC-en sender jevnlig melding til administrasjonsmodulen at den er på nett.

Dette er viktig siden en omstart av maskinen kan gi eleven tilgang til dokumenter på egen harddisk, samt tilgang til ikke-godkjente nettverk.

Heile artikkelen finn du her.

Operativsystem på minnepinne er ei særs interessant teknisk løysing, sjølv har eg fleire slike minnepinnar liggjande med xbmc, ubuntu og linux mint i bruk. (Tips til korleis ein gjer slikt finn du
her
.)

Det er sjølvsagt diskusjonar om ein skal ha tilgang til alle hjelpemiddel under ein eksamen, og op oppgåvene er gode dersom ein lett kan svara på dei med alle hjelpemiddel tilgjengeleg. Men om ein no skal arrangera eksamen med eit avgrensa utval i hjelpemiddel er nok dette ei potensiell løysing. Tru om dei har sett det opp slik at ein ikkje kan lesa innhaldet på harddisken, cd-rom eller anna, det er fullt mulig å lasta ned t.d. heile wikipedia..

Testa Ubuntu (Linux)?

Ubuntu er eit gratis alternativ til Microsoft Windows. Ubuntu er eit operativsystem med mange tilgjengeleg gratis program. Innanfor kategorien «edutainment» (kan kanskje omsetjast med pedgogisk programvare…) finst det mange brukande program.

Du treng ikkje formatera eller ta vekk operativsystemet ditt for å testa dette. Med VMPlayer installert og ein ferdig virtuell maskin kan du kjøra ubuntu i windows, ganske praktisk og ufarleg. Ein treng heller ikkje ha doktorgrad i ikt for å kunne testa dette. Prøv sjølv: http://www.vmware.com/vmtn/vm/ubuntu.html
(Last ned og installer vmplayer, deretter lastar du ned og pakkar ut den virtuelle ubuntu-pakken. start vmplayer og opne ubuntu-pakken.