Strukturering i ein digital skulekvardag #itsbk13 #ndla

Nokre konkrete og teoretiske tips til korleis ein jobber med struktur. Har klart å klemma inn LMS, NDLA, tankekart og geriljametodikk i same presentasjon.

Treng du vere digitalt kompetent? NEI!

Men det er sjølvsagt ein fordel.

Kaosprosess:

  • Du veit og har klargjort rammer for prosess og arbeid
  • og kva det skal resultera i.
  • Du bruker sjekklister og vurderingskriterier. Laga på førehand, gjerne i samarbeid med elevane.
  • Elevane skriv logg undervegs, kan vere enkel: kva har du gjort i dag, kva har du lært i dag, kva skal du gjere i neste økt. Arbeidsinnsats, osb.
  • Du lar elevane velje verktøy sjølv, men spør dei om framgang og om dette er gode val undervegs.
  • Det er fint om du kjenner til verktøy, men du treng ikkje meistra alle.
  • Du lærer av elevane
  • Og du lærer elevane å læra/hjelpa kvarandre
  • Du lar elevane spørje dei andre elevane om hjelp.
  • Fokuserer du på læringa i prosessen eller produktet?
  • Du kjenner igjen eit godt fagleg innhald uavhengig av innpakking.

IKT i læring og vurdering, kva tid får med til meir eller lærer betre med IKT?

Klasseleiing har og noko med IKT å gjere. Det er forsatt du som skal vere leiaren og hjelpa elevane gjennom jungelen.
Men du kan sannsynlegvis ikkje mest om eit tema lenger.
Men klarar elevane å sjå samanhengar like godt som deg?

Og presentasjonen med stikkord:

LMS: treng ein det?

Margreta spør om ein kan klara seg utan LMS

Svaret er JA, ein kan klara seg utan eit LMS. Men ein treng sannsynlegvis verktøy for å strukturera læringsløpet. Ein sterk bakdel med t.d. facebook er at det er vanskelegare å bruka asynkront enn eit LMS. Ein må vere tilstades der og då for å delta. Det er vanskeleg å finna tilbake til noko som vart delt for lenge sidan. Kor gode og oversiktlege er dei to verktøya du ser på biletet under?

Finn du det som stod på veggen din den 12. november 2011 der? Kva stod på min (eller ein annan ven sin vegg då? (Ok, kanskje du finn det på tidslinja…)

George Siemens snakka varmt om læringsloggar og spor etter læring (eller i alle fall aktivitet) på fleire konferansar i Noreg for eitt eller to år sidan. Dette finn ein vel ikkje i itslearning eller fronter? Eg meiner å hugsa at det hovudsakleg var ELGG han brukte.

Det finst mange gode alternativ eg gjerne skulle ha brukt saman med elevane. Det finst mange gode verktøy som berre er gode til ein ting, som igjen fører til at ein må bruka mange verktøy med elevane og det er kanskje ikkje så smart det heller. Ein må ha eit nav eller ein portal som er fleksibelt og som kan tilpassast. I tillegg likar eg best å kunna installera dette på ein eigen server, slik at eg ikkje treng bekymra meg for om Instagram vert kjøpt opp av Facebook, eller om google endrar vilkåra. Løysingar ein kan installera på eigen server har ofte open kjeldekode slik at ein kan bygga vidare og/eller tilpassa det om ein ynskjer det.

Som «LMS» eller nav for det heile: sannsynlegvis wordpress MU med tillegget buddypress som det viktigaste tillegget. Det finst mange andre tillegg ein bør installera (Feide, val for å sperre deler, vurdering, osb.) Her kan ein bruka grupper for å samhandla med ein klasse, men ein kan og samarbeida på tvers av klassar om ein vil det. Alle elevane får og sin eigen blogg dei lett kan oppdatera frå ein av dingsane dei har. Dei kan velje kva innlegg som skal vere synleg for resten av verda, eller berre klassen, eller berre lærar(ane). Eg trur ein god del elevar vel å skriva mesteparten heilt opent. Elevar har og skjønt at det er lurt å ta bilete av ting, og dei har vanlegvis eit kamera mindre enn ein meter frå seg dei kan bruka til å oppdatera læringsloggen/bloggen med.

Som lærar hadde eg tilpassa løysinga slik at elevane hadde sett dei bokmerka og lenkene eg ynskjer å dela med dei frå min diigo-konto. Desse hadde eg merka med ein tag og så henta inn feeden automagisk. (Det gjer eg allereie nederst på denne sida). Det vert ikkje noko ekstraarbeid for meg å dela bokmerket med elevane.

Nokre gonger prøver eg å skriva langt og, og då er kanskje ikkje wordpress det aller beste verktøyet, men eg hadde kanskje brukt google apps edu til samskriving og prosessorientert skriving.

Det finst mange gode verktøy knytt til arbeidsoppgåver og prosjektstyring. Desse verktøya kan ofte brukast i læringsarbeid. Podio, teambox, basecamp og open atrium er verktøy som godt kan introduserast for elevar. Eg ser ikkje bort frå at denne typen verktøy og kan vere eit svært viktig nav i undervising og læring. Men faren med desse verktøya er kanskje at læraren vert prosjektleiar og har alt for mykje makt.

(Resten av denne posten er henta fram frå utkasta grunna Margreta sitt innlegg.)

Eg kom for lenge sidan med ei lita utfordring til å tenkja litt på korleis ein kan undervisa dersom skulebygget og eksisterande LMS forsvinn. I denne posten skal eg prøva å reflektera litt og det er stor fare for at denne vert oppdatert ved eit seinare høve.

Vanlegvis arbeider eg meist i fronter, men bruker og itslearning i ein annan jobb.

Kva bruker ein LMS til?

Ein god del lærarar brukar det sannsynlegvis mest til å leggje ut beskjedar, dela filer og lenker og til å ta i mot innleveringar. Treng ein LMS til det?

Ein god del skular har sannsynlegvis ein samarbeidsarena (fag eller rom) i sitt LMS der dei deler planar, vurdering, avtalar osb. Treng ein LMS til det?

LMS er ikkje eit verktøy, det er ei verktøykasse. Verktøykassen skal dekkje opplæring, undervising, dokumentasjon og ikkje minst kommunikasjon.
Er dei eigna til det?

I tråd med læreplan og samfunnet? Neppe.

Dersom eg stod heilt fritt til å velja noko trur eg at eg hadde valt litt annleis. (Og då tenkjer eg ikkje så mykje på feide, safe harbour, it-avdelinga osb.)

Den enkle versjonen:
Edmodo:
Edmodo kan brukast til kommunikasjon, utveksling av lenker, oppgåver og filer. Verktøyet støtter kommunikasjon fleire vegar. I tillegg kan ein velja å la deler av informasjonen vere offentleg tilgjengeleg (Les: informasjon til føresette). Ein kan inkludera RSS i grupper (delte bokmerker eller liknande. Kalender, vurdering og «alarmar» kan ein og bruka på edmodo.

Edmodo | Home

Den litt vanskelegare:
Mahara:
Mahara er eit portefølje-system uvikla i New Zealand. Og det støtter autentisering mot Feide.
Kvar elev vert meldt inn i ein institusjon (støtter fleire institusjonar og autentiseringsformer) og får eit område til disposisjon. Her kan eleven skriva inn informasjon om utdanning, interesser osb. slik at ein kan laga seg ein CV. I tillegg kan ein ha ulike «views» eller sider som eg har omsett det med. På sidene kan ein velje å inkluderer alle innlegga frå ein av bloggane eleven har på mahara, informasjon fra ei av gruppene, element frå youtube eller eksterne bloggar. Mahara snakkar saman med Moodle. I tillegg kan elevane eller brukarane sjølv lasta ned heile eller deler av innhaldet sitt og få ei god oversikt over dette. Elevar kan sjølv velje kven som skal få sjå dei ulike delene eller postane, dei kan og dele med andre som ikkje er brukarar av denne løysinga (søke lærlingeplass t.d.).

Start - Mappa mi

 

Den endå litt vanskelegare versjonen:
WordPress MU med Buddypress og KB-Gradebook (og sannsynlegvis ein del andre tillegg)
Her får ein ein kommunikasjonssentral der kvart medlem får sin eigen blogg (eller fleire) i tillegg til grupper. Grupper kan vere på tvers av klassar og ein kan i tillegg la elevane bli med i grupper dei vil vere med (foto, avis osb.). Elevane kan lett oppdatera loggboka/læringsloggen/bloggen frå ein av dingsane dei har med seg, mobiltelefon held.

Kirkenes videreg䤮de skole 2013 bloggportal

Eit slags forsøk på å oppsummera

Ein treng ikkje LMS, men ein treng noko for å strukturera undervising og læring. Store verktøy som itslearning og fronter har mange interessegrupper og skal dekkje mange krav. Små løysingar kan vere meir fleksible, men krev og ein del dugnadsarbeid frå den der it-dama eller mannen, eller venen med IT-kompetanse. Enkelte løysingar konsentrerer seg berre om få ting (t.d. Creaza og blir.no) og er ofte gode til akkurat det.

Eigentleg handlar det vel mest om å utnytta dei verktøya ein har tilgjengeleg på best mulig måte for å nå dei måla ein har sett seg. I

Eg lurer på kven som slutter med itslearning, fronter eller pedit (utan å gå frå den eine til den andre) først. Moodle er allereie i bruk enkelte stader i Noreg.

Igjen alt for lita tid til å skriva kort og konsist. Kan bli oppdatert… Men det er fint om skriv noko under her likevel. Eg har ikkje fasiten.

Læringsplattformene møter motstand | Skole og utdanning

– Læringsportalene fungerer mer som en organisatorisk enhet for meg. Jeg legger ut oppgaver, gir elektroniske prøver og vurderinger, den benyttes altså mest som et dokumentasjonsgrunnlag. Utover dette benyttes Facebook til den daglige kommunikasjonen mellom lærere og elever.

via Læringsplattformene møter motstand | Skole og utdanning.

Eg har vore med og uttalt meg om læringsplattformar, eller læraradministrasjonssystem som eg kallar dei.

Les gjerne heile artikkelen hos computerworld og kom gjerne med innspel her etterpå:

  1. Kva funksjonar og verktøy inneheld ditt draumeverktøy for undervising?
  2. Kva funksjonar og verktøy inneheld ditt draumeverktøy for læring?
  3. Finst det system/verktøy som har potensial?
  4. Kva må gjerast?
  5. Kva saknar du i dei verktøya du har tilgjengeleg?
  6. Kva fungerer godt i dei verktøya du har tilgjengeleg?
  7. Kva meiner elevane om fronter/itslearning/pedit/blir.no/skolearena og andre system dei må bruka?

Kommentarfeltet er opent.

Frontertips: Læringsspel i LMS?

Eg likar å strukturera læringsressursane for elevane, dette inkluderer eventuelle spel ein kan læra noko av. Ein del spel kan ein med enkle grep leggje inn i itslearning, fronter og andre LMS eller i bloggen sin.

Kan setjast inn som melding, i eit fronterdokument, i ein læringssti eller artikkel.

Framgangsmåte:
Finn ei nettside med gode læringsrike spel (t.d. http://www.physicsgames.net) , sjå om du finn embed-kode. Kopier koden og lim den inn i HTML/kjeldemodus i eit redigeringsfelt i ditt LMS, eller blogg.

Det kan henda du finn fleire i bokmerka mine

Frontertips: Brøk og matematikk i prøvar

Ein kan bruka brøk og matematiske symbol i prøvar i fronter. Om det er smart er eg ikkje så sikker på, men det er i alle fall mogleg med litt kreativ bruk.

Finnmark_videregende_skoler-3

Framgangsmåte:
1. Opprett ein ny prøve
2. Opprett første spørsmål, i dette tilfellet bruker eg radioknappar som svaralternativ
3. Klikk i tekstfeltet under spørsmålet.
4. Klikk funksjonsknappen skriv inn t.d. spm, alt1, alt2 og plasser matematikken under desse:
Finnmark_videregende_skoler

5. No er alt eg treng generert, og eg skal flytta alt1 og alt2 til svaralternativa
6. Klikk HTML/Kjelde og lokaliser alt1. Kopier det du ser under alt1 frå og med
Finnmark_videregende_skoler-1

7. Lim inn koden på svaralternativ 1
8. Gjenta punkt 6-7 for alle svaralternativa
9. Klikk på Kjelde/HTML for å sjå vanleg tekst
10. Fjern svaralternativa frå redigeringsfeltet
Finnmark_videregende_skoler-2

Hugs å angi kva alternativ som er rett og kor mange poeng ein skal få om ein vel rett alternativ.

Elevane ser dette når dei tek prøven:

Finnmark_videregende_skoler-4

Ein anna måte er å bruka WolframAlpha for å generera bileta, det går kanskje endå raskare?
2_1_4_-_wolframalpha

Frontertips: Eksternt søk og strukturering i Fronter

Smart bruk av LMS inkluderer strukturering av læringsprosessar. Eg føretrekk å leggja element som videoar frå youtube, NRK skole, vimeo inn i LMS slik at andre forstyrrande element ikkje tek fokus.

I tillegg er det smart å henta inn ressursar frå NDLA og andre potensielt lærerike nettsider i LMS.

Ein kan leggje til verktøyet “Eksternt søk” i romma i fronter.Dette verktøyet søkjer i NDLA, NRK Skole, Lokus, Intute, Bibsys og Encyclopedia Britannica om du vel det.


1a520e76-8a3a-408c-8258-781523
 7c962c13-3fda-44f5-9245-fbea48

Når du søker i dette verktøyet kan du leggje inn lenker i rommet ditt i fronter på ein enkel og rask måte ved å klikka “kopier lenke” bak søkeresultata.

 

 

 

Leggje inn læringsressursen i eit rom?
Klikk “Kopier lenke” bak læringsressursen du vil bruka. Deretter vel du kvar du vil lagra lenke.

 

Dette kan forenkla planlegginga og bruken av fronter for å strukturera læringa.
749e05ba-aee1-4f1e-ae96-618c55

 

Og då blir det sjåande ut slik som dette i rommet/mappa:
D56043a5-a799-4b4e-9178-582499

 

Leggje til funksjonen “Eksternt søk” i fronter:

 

Klikk på rom
– oppe til høgre – vel endre verktøylisten
– nytt verktøy
– merk av for “Eksternt søk”
– Klikk lagre

 

8efbdc29-ab47-4501-9588-140618

 

Nyttig?
Sparar litt tid?

 

Korleis organiserer og strukturerer du?

Dokeos MIND | Dokeos

Dokeos MIND is a mindmapping software that interacts with the Dokeos e-Learning Suite. It contains visuals adapted to e-learning and can import simple and effective diagrams in Dokeos Mindmaps tool.

Watch the video on Dokeos Channel

Video tutorial Dokeos Mind

Spanande! Det kan jo henda det dukkar opp ein installasjon av dokeos på eit domene nært deg…

Posted via email from ghveem