E24 – Powerpoint burde avskaffes

E24 – Powerpoint burde avskaffes : «Har du noen gang merket at oppmerksomheten svinner hen, hjernen kobler ut og blikket blir glassaktig når sjefen drar frem en ny Powerpoint-presentasjon?»

Bytt gjerne ut «sjefen» med «noen» og kanskje nokre kjenner seg igjen her. Cognitive load theory (utvikla av Sweller) som det vert referert til i artikkelen på E24 hevdar at ein maksimalt kan arbeida med sju bitar (chunks) informasjon om gongen og at læring først skjer når desse vert kobla til skjema ein allereie har i langtidsminne. Klarar ein ikkje å kobla ny informasjonen til informasjon eller kunnskap ein allereie har lærer ein heller ikkje noko. Les meir om Cognitive load theory her

Dersom du tenkjer deg godt om hugsar du gjerne ein person som haldt ei god førelesing eller liknande og brukte powerpoint. 
Eg gjettar vilt på at den personen hadde berre stikkord og figurar/bilete/media i presentasjonen og at personen var ein god forteljar.  Gjetta eg nesten rett? Og tenkte du med gru på alle dei dårlege presentasjonane med vannvittig mykje tekst du berre må skriva ned samtidig som førelesaren skal sei noko og? Mange går i fella og lagar ein stor flott presentasjon med masse tekst og ender opp med å skriva heile manuset sitt på presentasjonen. Då er det vel ikkje vits å ha nokon til å halda presentasjonen, folk flest kan lesa på eigenhand.
Ein kan jo bruka notat/manus-funksjonen i powerpoint. Då kan ein visa tilhøyrarane presentasjonen, 
medan ein sjølv kan sjå manus og innhaldsoversikt, tidsbruk og anna. Praktisk og god funksjon eg har skrive om her.

Frå HSH Sjølv hugsar eg Erling Roland si førelesing best. Han stod 5-6 timar på podiet og fortalte, utan powerpoint og utan manus. Det imponerte meg!

Sjølv opplever eg at folk forventar at eg som «nerd» eller datamann skal fyra opp powerpoint kvar gong eg skal forklara, visa eller presentera noko. Og så vert dei overraska når eg ikkje gjer det. Rett som det er bruker eg gjerne presentasjonsvisinga i Mindmanager som støtte for å visa relasjonar og samanhengar mellom stikkorda og tema eg fortel om. Eit døme som vart brukt på eit kurs i Fronter finst her (krev installasjon av mindmanager viewer/active-x). Eller du kan sjå meg testa camtasia studio for første gong med PIP/HeadUP her (Hugs det var første gongen eg laga ein slik presentasjon!).

Kva skal du gjera neste gong du skal ha ein presentasjon? Legg gjerne igjen tips til resten av oss i kommentarfeltet.

Søkja mastergrad IKT i læring?

Eg gjettar at nokre av lesarane her er over middels interesserte i IKT i læring.
Og dersom de ikkje har snappa det opp så finst det ei masterutdanning med sju ulike profilar innan IKT i læringhøgskulen Stord/Haugesund. Søknadsfristen går ut den 15. april, så om du er interessert bør du skunda deg…

Fakta | master IKT i læring

Studietid: 2 år
Studiepoeng: 120
Studiegrad: Master
Studiested: Stord
Opptakskrav: Bachelor
Søknadsfrist: 1. mars eller 15. april 2007 – søk her

Diginalet Bulleteng

Diginalet Bulleteng – det digitale penalet ved Jeanette Tranberg skriv om tankekart. Her kjem ho med mange gode tips og idear. Sjå og kommentarane på innlegget hennar.

Når man skal lage tankekart er nøkkelordene du velger å bruke viktige. Om
du feks skal tar frem et tankekart laget for fem år siden, kan det hende det
blir vanskelig hvis du ikke har laget kartet med gode nøkkelord eller fraser.
Gode nøkkelord eller fraser er ord som fremkaller bilder – ofte enten et
sterkt verb eller substantiv. Altså et ord som er sterkt fremkallende eller har
evnen til å forme bilder, og f.eks. ord som lett skaper assosiasjoner. (Diginalet Bulleteng)

Nettbasert tankekart: MindMeister – think together

Mindmeister dukkar og opp som eit alternativ for å laga tankekart (mind maps)på nettet. Ser betre ut enn bubbl.us, men eg trur mindomo er det som er mest brukbart…

MindMeister – think together: «MindMeister is a collaborative online mind mapping tool – you can capture your thoughts and share them instantly with friends and colleagues.

MindMeister supports all the standard features of a classic mind mapping tool – only online, and with as many simultaneous users as you like! Learn more…»

Mindomo – Tankekart (Mindmap) i nettlesaren!

Mindomo har laga nettbasert tankekartverktøy. Ein kan importera filer frå Mindmanager eller laga nye kart i nettlesaren. Resultatet kan lagrast på serveren deira (inntil 7 kart) eller som biletefiler lokalt. Og så kan ein senda filene til andre.
Dette verktøyet kjem eg nok til å bruka vidare. Konto er etablert.

Media/Flash-video

Har endeleg konvertert nokre av videoane eg har laga til flashformat.
Ein presentasjon av grafiske organisatorar som vart laga til ein konferanse
i nord-Noreg for rettleiaren min i fjor:
http://guttorm.hveem.no/media/go/ (Det var litt skummelt å snakka til datamaskina…)

Ein liten reklamefilm som vart brukt av HSH på utdanningsmesser i fjor
(på iPod og videokanon):
http://guttorm.hveem.no/media/hsh/

Og til sist ein liten introduksjon i digitale forteljingar for elevane mine til MS Photostory 3:
http://guttorm.hveem.no/media/photostory/

Programmet eg brukte til konvertering var Visifly. 
Skjermfilminga som du ser i presentasjonen av grafiske organisatorar og 
photostory kan ein gjere med Camtasia studio.

Kva er grafiske organisatorar?

Ein 7 minuttars videopresentasjon knytt til grafiske organisatorar ligg tilgjengeleg på http://fenja.hsh.no/lager/ghv/guttorm.wmv

Eg tek gjerne i mot kommentarar og tilbakemeldingar. Har du spørsmål er du velkomen til å senda meg ein e-post på guttorm@hveem.no

(det er min første test med programmet eg laga presentasjonen i …)

Fullført mastergrad!

I dag har eg endeleg fullført mastergradsstudiet innan IKT i læring.
Eg har arbeidd med grafiske organisatorar i læringsarbeid.
I oppgåva kartlegg og skildrar eg forskjellige element innan dette området. Vidare ser eg på kva som kan skje når ein bruker ein grafisk organisator i ein læringsprosess basert på problembasert læring.

Oppgåva er nesten ein halvt års arbeid og tel 30 studiepoeng (10 vekttal).

Eg fekk gode tilbakemeldingar på presentasjonen og den vert lagt ut med kommentarar.

Kort fortalt kan ein seie at begrepet grafiske organisatorar inkluderar mange verktøy, bruksmåtar og metodar. I arbeidet har eg ikkje hatt rom for å gå inn på mange, men har gjort eit utval av perspektiv. Den første delen av oppgåva viser at det er mange moglege val ein kan gjere dersom ein skal bruka slike verktøy.

Masteroppgåva i pdf

Presentasjonen med kommentarar i powerpoint-format.

Eg set pris på tilbakemeldingar og kommentarar, gjerne som kommentarar til denne posten, i eigne bloggar (send i så fall trackback) eller på e-post til guttorm@hveem.no