Tar undervisningen i Itunes | Skole og utdanning

På universitetsnivå har NTNU i Trondheim og Universitetet i Stavanger levert undervisningsmateriale til iTunes U siden 2009, men Telemark fylkeskommune er først ute med innhold for videregående skole. Prosjektleder Rune Mathisen er stolt over at Telemark fylkeskommune er den første fylkeskommunen i landet med et slikt tilbud.- Jeg er overbevist om at bruk av videoer har en plass i fremtidens skole. Ikke som en erstatning av læreren, men et tilegg. Det er lettere med tilpasset undervisning, og her kan elevene kjøre i sitt eget tempo. De kan ta pauser og spole tilbake, det er ikke mulig i klasserommet, sier Mathisen i en pressemelding fra Fylkeskommunen.

via Tar undervisningen i Itunes | Skole og utdanning.

Spenstig tiltak, og eg er overtydd om at elevane er fornøyde med å kunne sjå timar om igjen når det passar dei. Prosjektet har og valt å ikkje låsa seg til ein plattform, alle videoar ligg på youtube i tillegg.

God læringsressurs: BioDigitalHuman

Eg gjetter at ganske mange lærarar kan bruka denne svært detaljerte og gode modellen av kroppen.

Ein kan velje kva deler av kroppen ein vil studera, zooma inn og sjå frå alle vinklar. I tillegg kan ein velje kva system ein vil visa. Klikker ein på hjertet, kan ein sjå og høyra korleis hjertet slår. I tillegg kan ein finna ut korleis kroppen er i ulike tilstandar «Normal Heart Beat», «Arrhytmia: Atrial Fibrillation» og ikkje minst «Golf swing Dynamics for dei som er interessert i å studera korleis musklar og skjellett rører på seg når ein speler golf..
Ein kan og fokusera og bare studera ein muskel eller eit av dei indre organa om ein ynskjer det.

 

Golf sa du?

 

Ein kan og klikka på enkeltelement om ein ynskjer det

 

Kikk på verktøya og finn fram:

 

Prøva?

 

Chrome-addin:

 

Lesa meir?

 

Infografikk: Undervisningsidear

Dette er deler av ei skisse i praktisk arbeid med informasjonsgrafikk (infographics).

Kunnskapsmåla er henta frå Design og handverk

Kunnskapsmål

Generelle

  • Å kunne uttrykke seg muntlig og skriftlig i design og håndverk innebærer å uttrykke seg visuelt og verbalt om design og håndverk. Kommunikasjon om estetikk, design og produksjonsprosesser med kunder, kolleger, leverandører og andre samarbeidspartnere er sentralt. Det innebærer videre bruk av fagspråk, formidling av egne meninger og deltakelse i faglige diskusjoner.
  • Å kunne lese i design og håndverk innebærer å finne, reflektere over, forstå og anvende aktuell faglitteratur innen design og håndverk. Det innebærer også å tolke og bruke skriftlig og visuelt språk, arbeidstegninger og beskrivelser med tegn og symboler.
  • Å kunne bruke digitale verktøy i design og håndverk innebærer å innhente informasjon, eksperimentere med form, farge og komposisjon, utvikle og produsere håndverksprodukter og tjenester. Å bruke digitale verktøy innebærer å delta i faglige nettverk og dokumentere eget arbeid og egen læring og kompetanse.
  • bruke digitale verktøy i kvalitetsarbeid og presentasjons- og dokumentasjonsarbeid i tråd med yrkesmessige behov
  • lage og bruke arbeidstegninger og annen relevant dokumentasjon i arbeid med produktutvikling og produksjon
  • vurdere eget arbeid som ledd i å kvalitetssikre og videreutvikle arbeidsprosesser og produkter
  • bruke digitale verktøy i praktisk arbeid med håndverksprodukter og tjenester
  • visualisere egne ideer overfor kunder, brukere og andre medarbeidere
  • konkretisere og begrunne egen idé, egen arbeidsprosess og eget produkt i forhold til etiske og estetiske normer, bestillinger og økonomiske, materielle og tidsmessige rammer for arbeidet

Infografikk

Stikkord: Informasjon, overflod av informasjon, vanskelige tema, konkretisera, visualisera

Lettare å forstå?

Hans Rosling gjer det på ein fin måte: 200 land gjennom 200 år på fire minutt

Fleire døme

Kor blir ungdom utdanna?

Kva er best av te og kaffe?

Det svarar seg...

Flaskevatn?

Stor samling

Kva er infografikk?

For mykje web 2.0?

 


Tips til verktøy


Oppgåve

Velg ei av desse, eller kom med forslag

Ditt liv – Kven er du? Kva har du gjort? Korleis har livet ditt utvikla seg til 2060?

Lag infografikk for skulen

Lag infografikk for din kommune

Lag infografikk for eit fylke

Lag infografikk for ein organisasjon

Lag infografikk for eit produkt

Presenter: Norsk mediebarometer 2010

Presenter ei av desse datasamlingane


Krav

  • Minst ein grunnfarge
  • Minst tre fargar
  • Minst fem element du har laga
  • Minst to lovleg henta element
  • Minst ei framstilling av relevane tal (diagram eller liknande)
  • Minimum 10 ord
  • Maksimum 100 ord
  • Illustrator og/eller photoshop som hovedverktøy

Ressursar

Døme på ikon og element

Lovlege bilete

http://flickrcc.bluemountains.net/

http://search.creativecommons.org

Steg for steg og opplæring

Photoshop – steg for steg

Illustrator – Steg for steg

Fleire opplæringsvideoar


Prosess (fritt etter ndla.no)

  1. Idéutvikling
    Lag små enkle skisser eller tankekart. Inspirasjon finner du i naturen og blant menneskene omkring deg. Bruk gjerne kamera til støtte for hukommelsen.
  2. Planlegging
    Velg uttrykk, virkemidler, komposisjon, materialer og teknikker.
  3. Gjennomføring
    Lag skisser og arbeidstegninger. Start produksjon. Ikke vær redd for å eksperimentere og husk å gjøre notater underveis.
  4. Vurdering
    Vurder resultatet med et kritisk blikk og finn ut hvilke justeringer du bør gjøre før du leverer produktet fra deg. Du må be en annen elev om vurdering og konkrete tips til forbedring.
  5. Dokumentasjon
    Lag ei arbeidsmappe/rapport der du samler alle skisser, notater, kildehenvisninger og forklarer og begrunner de vurderinger og valg du har gjort underveis. Husk, det er mulig å beskytte et designprodukt.
  6. Muntlig presentasjon av produkt. Du skal presentere produktet ditt og grunngi valg av informasjon og elementer. Du skal fortelle om tre ting du har lært og en ting du kan bruke videre.

Vurdering

  • sammensetning/komposisjon
  • fargebruk
  • bildebruk
  • grafikk/symbolbruk
  • kreativitet
  • lesbarhet – kor lett er det å skjønna innhaldet?
  • dokumentasjon
  • presentasjon

Relevante lenker:

http://www.diigo.com/user/guttorm1979/infographics

Versegod, du kan bruka akkurat det du vil, men eg håper du forbetrer opplegget og kommenterer her etterpå.

Føredrag: MK-nettverk om web 2.0

I går var eg så heldig at eg fekk halda eit lite føredrag om web 2.0, eit par smarte verktøy og litt om personlege læringsnettverk for rundt 70 MK-lærarar og andre i Tønsberg. Slike bestillingar på føredrag vert det fleire og fleire av og då er eg glad for at eg kan bruka elluminate/learncentral.org. Det gjer at reisetida vert 10 minutt (kobling og administrering) i staden for fly og anna. Den tekniske løysinga krev litt trening og tilpassing. Mellom anna kan det vere smart å gjera slik at mikrofonen ikkje står på når høgtalarane er på. Dialogbasert undervising er og litt vanskeleg sidan det forsvinn nokre sekund mellom sendar og mottakar.

Uansett, presentasjonen er lagt ut som nettsider og som PDF med stikkord. Undervegs i presentasjonen fekk deltakarane oppgåver gjennom google skjema, ei ypperlig løysing der eg kunne sjå svara med ein gong.

Takk til Tom/@tom_knudsen, John Eivind/@johneivind007 og Rune/@bitjungle for innspel og tips.

Norskressurs: Spesialeffektar i film

I samband med jobb har ein elev spurt meg om hjelp til å laga ein film med spesialeffektar. Eit av måla er å la han vera inne i filmane og effektane han skal presentera. Det får me nok til med ein einsfarga vegg, proffane bruker greenscreen og chroma keying.

I den samanhengen har eg ramla over ei liste med gode døme på spesialeffektar. I tillegg legg eg til nokre som tilfeldigvis er i interessefeltet mitt og.

Stikkord: rotoscope, kite, PIP

Animusic er kanskje ikkje spesialeffektar, men verdt å ta ein kikk på uansett. Dei har gitt ut minst to DVDar med ulike songar..

Stikkord: CAD, 3D, simulering, musikk.

100 år med spesialeffektar demonstrert gjennom ulike filmklipp:

Tron Legacy er vel for det meste laga på data…

Kva er eigentleg spel og kva er ikkje?

Utviklinga i verda i veldig grove trekk vert vist gjennom ein stop-motion animasjon basert på 2100 ark teikna for hand.

Heime hos oss går det mykje i Lego, og minstemann er ein kjennar innan sjangeren Lego Star Wars på youtube…

Ein treng eigentleg ikkje meir enn kreativitet og eit kamera for å laga fantastiske filmar (og ein plan og tid…). Denne musikkvideoen er laga med stop-motion.

Dette var eit lite tillegg og utdrag frå denne oversikta, mykje meir finst på youtube og så kan du finna fagstoff og fleire døme hos NDLA.