Fagleg oppdatering? Ti råd for å komma i gang med twitter. #ndla #nkul

1: Skriv noko på profilen din!
Kven er du? Kva er du interessert i? Kva driv du med? Last opp eit bilete! Blogger du?Legg inn ei lenke! Eg vil gjerne vite noko om deg før eg vel å følgje deg.

2: Hopp i det!
Det blir litt som ungdomsskulen, sjå på «dei kule». Bli med i diskusjonen, det er berre å hoppa inn kva tid som helst. Har du prøvd noko nytt i klasserommet? Har du laga eit god opplegg? Erfart noko andre kan ha nytte av å høyra om?

3: Følg folk!
Ein følgjer ofte folk med same interessefelt. Sjå kven dei følgjer og finn fleire du kan følgje. Men det er nyttig å følgje folk med andre meiningar og. Sjå om andre har laga lister. På listene har dei kanskje gruppert folk for deg allereie.

4: Be om råd!
Spør nokon om dei har tips til andre du kan følgje og om dei eventuelt kan introdusera deg. Takhøgda er ganske stor, sjå korleis andre oppfører seg og lær av det. Spør om råd om du lurer på noko.

5: Svar!
Sjå under «koblinger/interaksjoner». Viss nokon har skrive noko til eller om deg (@brukernavnet_ditt) så finn du det igjen der. Du kan og sjå kven andre skriv til ved å klikke på det som står bak @brukernavn på twitter.

6: Offentleg/privat?
Alt utanom direktemeldingar på twitter er offentleg tilgjengeleg. Sjølv om du skriv noko til @brukernamn kan andre sjå det. Sensitiv informasjon har ikkje noko på twitter å gjere (ikkje der heller).

7: Følg tema!
Du kan og finna andre ved å følgje relevante tema (hashtags) som t.d. #lærerhverdag, #skole, #yrkesfag, #vurdering og eg må sjølvsagt nemne #ndla. Er det konferansar eller andre arrangement blir ein ofte eininge om eit temaord/hashtag slik at ein kan finna igjen dette. Neste store konferanse med tema innanfor skule og IKT er NKUL og då er det smart å følgje med på #NKUL. Vil ein ha oversikt over eit temaord kan ein bruke søkefunksjonen på twitter eller t.d. http://hashtags.no/. Viss ein går inn på http://hashtags.no/ndla#alltid kan ein sjå relaterte brukarar og temaord.

8: Utvid nettverket!
Twitter er berre ein liten del av eit større fagleg nettverk på internett. Mange av dei du følgjer på twitter har kanskje bloggar dei skriv litt lengre i. Og kanskje dei deler mykje spanande der og?

9: For mykje?
Straumen kan gå veldig raskt og ein får ikkje med seg alt. Det kan vere smart å merke ting med stjerne for å lesa seinare, eller sjå kva andre har merka med stjerne. Nokre bruker og InstapaperPocket eller andre liknande løysingar for å lagra lenker dei ynskjer å lese seinare.

10: Gi og du skal få!
Viss du deler med andre deler dei med deg. Ver raus!

Bli med!
Eg er @ghveem på twitter og skriv og ein del på NDLA.no sine kontoar. Full oversikt over NDLA sine fagredaksjonar på twitter finn du her.

Du som les her er kanskje allereie på twitter?

Har eg gløymt noko? Skriv gjerne i kommentarfeltet!

Strukturering i ein digital skulekvardag #itsbk13 #ndla

Nokre konkrete og teoretiske tips til korleis ein jobber med struktur. Har klart å klemma inn LMS, NDLA, tankekart og geriljametodikk i same presentasjon.

Treng du vere digitalt kompetent? NEI!

Men det er sjølvsagt ein fordel.

Kaosprosess:

  • Du veit og har klargjort rammer for prosess og arbeid
  • og kva det skal resultera i.
  • Du bruker sjekklister og vurderingskriterier. Laga på førehand, gjerne i samarbeid med elevane.
  • Elevane skriv logg undervegs, kan vere enkel: kva har du gjort i dag, kva har du lært i dag, kva skal du gjere i neste økt. Arbeidsinnsats, osb.
  • Du lar elevane velje verktøy sjølv, men spør dei om framgang og om dette er gode val undervegs.
  • Det er fint om du kjenner til verktøy, men du treng ikkje meistra alle.
  • Du lærer av elevane
  • Og du lærer elevane å læra/hjelpa kvarandre
  • Du lar elevane spørje dei andre elevane om hjelp.
  • Fokuserer du på læringa i prosessen eller produktet?
  • Du kjenner igjen eit godt fagleg innhald uavhengig av innpakking.

IKT i læring og vurdering, kva tid får med til meir eller lærer betre med IKT?

Klasseleiing har og noko med IKT å gjere. Det er forsatt du som skal vere leiaren og hjelpa elevane gjennom jungelen.
Men du kan sannsynlegvis ikkje mest om eit tema lenger.
Men klarar elevane å sjå samanhengar like godt som deg?

Og presentasjonen med stikkord:

Dysleksi? Prøv OpenDyslexic #ndla

Dette er eit tips eg håper mange kan ha nytte av. Dersom det er vanskeleg å lesa tekst på pc finst det fleire hjelpemiddel tilgjengeleg. Det er utvikla ein skrifttype som skal gjere det lettare å lesa dersom ein har dysleksi. I tillegg finst det fleire måtar å bruka denne skrifta på. Du kan bruka den i nettlesaren som tillegg, det finst ein eigen nettlesar med skrifta innebygd for ipad og iphone, smarte bokmerker og skriveverktøy.

OpenDyslexic is a new open sourced font created to increase readability for readers with dyslexia. The typeface includes regular, bold, italic and bold-italic styles. It is being updated continually and improved based on input from dyslexic users. There are no restrictions on using OpenDyslexic outside of attribution.

via OpenDyslexic – Dyslexia Fonts.

 

 

Korleis blir til dømes NDLA med tillegget aktivert i chrome?

NDLA med OpenDyslexic
NDLA med OpenDyslexic

Meir informasjon

Nedlasting

iOs-app: OpenWeb

Prøvd? Gi gjerne tilbakemeldingar i kommentarfeltet.

 

På gjensyn @KirkenesVGS, hallo @ndla_no #ndla.

Etter fire år som IKT-pedagog og lærar ved Kirkenes vidaregåande vender familien no nasen sørover. Det betyr ny jobb.

Eg gleder meg til å ta fatt hos Nasjonal digital læringsarena (NDLA) der eg skal jobba med brukerkontakt og -dialog i fleire kanalar, m.a. i sosiale medier, og utvikla strategiar, rutinar og prioriteringar i samband med dette. I tillegg blir det nok ein del idemakeri og konkretisering av utviklingsprosjekt. Stillingsinstruksen er ikkje heilt spikra enda, men spanande blir det.

Kontorstad blir ikkje så langt frå heimen, eg har alliert meg med ein rektor og får disponera kontor på Øyatun ungdomsskule mot kursing og opplæring innan IKT i læring.

Eg håpar på å få hyppige tilbake- og framovermeldingar frå IKT-pedagogar, eKoordinatorar, lærarar og andre som brenn for IKT i læring. Ros og konkrete tiltak er sjølvsagt kjekkast, men ein må vel få litt ris og av og til?

Sidan stillingsinstruksen ikkje er heilt klar er det jo lov å koma med innspel og ynskjer til den i kommentarfeltet.

God læringsressurs: BioDigitalHuman

Eg gjetter at ganske mange lærarar kan bruka denne svært detaljerte og gode modellen av kroppen.

Ein kan velje kva deler av kroppen ein vil studera, zooma inn og sjå frå alle vinklar. I tillegg kan ein velje kva system ein vil visa. Klikker ein på hjertet, kan ein sjå og høyra korleis hjertet slår. I tillegg kan ein finna ut korleis kroppen er i ulike tilstandar «Normal Heart Beat», «Arrhytmia: Atrial Fibrillation» og ikkje minst «Golf swing Dynamics for dei som er interessert i å studera korleis musklar og skjellett rører på seg når ein speler golf..
Ein kan og fokusera og bare studera ein muskel eller eit av dei indre organa om ein ynskjer det.

 

Golf sa du?

 

Ein kan og klikka på enkeltelement om ein ynskjer det

 

Kikk på verktøya og finn fram:

 

Prøva?

 

Chrome-addin:

 

Lesa meir?

 

Norskressurs: Spesialeffektar i film

I samband med jobb har ein elev spurt meg om hjelp til å laga ein film med spesialeffektar. Eit av måla er å la han vera inne i filmane og effektane han skal presentera. Det får me nok til med ein einsfarga vegg, proffane bruker greenscreen og chroma keying.

I den samanhengen har eg ramla over ei liste med gode døme på spesialeffektar. I tillegg legg eg til nokre som tilfeldigvis er i interessefeltet mitt og.

Stikkord: rotoscope, kite, PIP

Animusic er kanskje ikkje spesialeffektar, men verdt å ta ein kikk på uansett. Dei har gitt ut minst to DVDar med ulike songar..

Stikkord: CAD, 3D, simulering, musikk.

100 år med spesialeffektar demonstrert gjennom ulike filmklipp:

Tron Legacy er vel for det meste laga på data…

Kva er eigentleg spel og kva er ikkje?

Utviklinga i verda i veldig grove trekk vert vist gjennom ein stop-motion animasjon basert på 2100 ark teikna for hand.

Heime hos oss går det mykje i Lego, og minstemann er ein kjennar innan sjangeren Lego Star Wars på youtube…

Ein treng eigentleg ikkje meir enn kreativitet og eit kamera for å laga fantastiske filmar (og ein plan og tid…). Denne musikkvideoen er laga med stop-motion.

Dette var eit lite tillegg og utdrag frå denne oversikta, mykje meir finst på youtube og så kan du finna fagstoff og fleire døme hos NDLA.

Læringsressursar og Youtube

Image representing Academic Earth as depicted ...
Image via CrunchBase

Det enkle spørsmålet «Har du lov til å visa filmar frå Youtube i undervising?» har ikkje eit enkelt svar. NRK Østlandssendingen har skrive om «Ulovlig bruk av Youtube» på skolen» der på IT-folk og filmfolk uttalar seg. Olav Torvund har forklart problemstillingane litt nærare i «Youtube og undervisning» og i kommentarfeltet er det nyttig informasjon å få med seg. Dersom ein har god tid kan ein kikka gjennom videoane frå Del rett-konferansen for å få meir informasjon om temaet. I tillegg kan det vere opplysande å lesa gjennom avtalane KS og Kopinor har for skulen. Eg er ikkje sikker på om avtalen om digital bruk er heilt dekkjande, men det er i alle fall gjeldande avtale ein må forholda seg til. Avtalen dekker nemleg ikkje video, lyd, program, interaktive læringsressursar osb…

Kva gjer ein for å sleppa å vurdera om ein har lov å bruka det ein finn på t.d. youtube? Ein unngår Youtube? Eller bruker ein dei ein veit ein kan bruka?

Det ein heil del gode ressursar du kan bruka, m.a. har NDLA gjort ein heil del video, lyd, bilete, animasjonar og andre læringsressursar tilgjengeleg for bruk i skulen. NRK Skole legg stadig ut meir materiale, sortert etter tema og kunnskapsløftet. TV2 har og laga til ein skulevariant, men for å få tilgang til denne må ein betala per år. Fleire universitet i Noreg bruker Itunes U for å leggje ut førelesingar og anna. NTNU og UiS er i gang. Medan UiO ikkje er så langt unna.

The New York Times viser i ein artikkel fleire gode læringsressursar som Academic Earth, Connexions, OpenCourseWare Consortium, Open Culture, ITunes U og YouTube.com/edu

Reblog this post [with Zemanta]

NDLA på din lesedings?

Å lesa bøker på skjerm er kanskje utenkeleg for mange, eg kan godt vere enig i at skjønnlittere bøker kanskje best eignar seg på papir. Men lærestoff, fagbøker og anna kan godt vere digitalt for min del. Og eg gjetter at det er fleire som kunne tenkt seg å ha med seg alle lærebøkene i lomma. I går lasta eg ned Coursesmart til eit av mine viktigaste verktøy, nemleg iPhone. Videoen som viser Coursesmart på iPad (konsept førebels) er rimeleg interessant. Eg håper og trur at denne modellen kan vere aktuell for skulen og kanskje for forlaga og. Hos Coursesmart leiger ein bøkene sine per semester, kanskje ein kan kjøpa nokre permanent og.Ein kan ta notat og lagra desse saman med bøkene. Etter semesteret har ein ikkje tilgang til bøkene, men ein har tilgang til notata ein har teke. Og kanskje dei er viktigast? Denne modellen kan kanskje vere aktuell for norske forlag og? Men, så, i Noreg har me NDLA tilgjengeleg, kva kan dei gjera framover? Eg ynskjer gjerne å ha med meg fagbøker og lærebøker i lomma. Elevar kan kanskje og tenkja seg det, ein slepp å mista bøker, gløyma bøker og ein kan lesa bøker på bussen, trikken eller andre stader. Praktisk for fleire partar med andre ord.

Korleis får ein NDLA på ein lesedings som t.d. kindle, iPhone, Nook eller andre?

1. Du treng pdf-versjonar av innhaldet på ndla, førebels kan ein finna pdf-filer av kvar side. Kanskje kapittel/bøker/tema samla etter kvart?

2. Du treng programvare for å forandra formatet på pdf-filene til det formatet lesedingsen din støtter. Eit gratis og dekkjande program er Calibre.

Det eg har gjort for å ha deler av NDLA på min lesedings (iPhone) er å lasta ned pdf-versjonane av eit kapittel, i dette tilfellet Norsk – kommunikasjon, til ei mappe. Deretter opna Calibre (passa på å starta serveren under innstillingar) og la til ei mappe som ei bok (fleire pdf-filer til ei bok), konverterte til e-bok. Kobla til iPhone og starta Stanza. Klikka på «Get books» og så kunne eg bla gjennom alle bøkene på PC-en og lasta dei eg ville ha på iPhone. Og no kan eg lesa om kommunikasjon akkurat der eg vil og når det passar meg. Og for å forenkla prosessen håper eg at NDLA etter kvart legg ut kapittel/tema/fag som samla pdf-filer. Eventuelt at ein kan velje fleire sider av eit kapittel og lagra det som ei pdf-fil. Det kan dei sannsynlegvis gjera, men dei må kanskje sloss litt mot nynorsk-folk (ikkje meg), forlag og nokre andre først.

#nkul NDLA

2:41:47 PM: #nkul ndla vil støtta og legga til rette for dei som vil delta. Ansvaret skal over til fylkeskomm. Første haust der vg1 får gratis læremidl

2:45:33 PM: #nkul ndla veit ikkje heilt korleis det endar.

2:48:22 PM: #nkul Ikt i skulen handlar om bruk, ikkje teknikk. Sterk skuleleiing viktig for endring. Delingskultur viktig. For dei som vil…

2:50:14 PM: #nkul er høg kvalitet på læring ei tjukk bok utan bilete?

2:53:37 PM: #nkul læremiddel er ein del av ein læringsressurs. Digitale læringsressursar: tilgangen til desse veks. Lettare å finna og bruka no?

2:55:05 PM: #nkul forskjell på lag 1 og 2. Lag 2/deling skal vere dynamisk og i utvikling

3:00:38 PM: #nkul ndla vil leggje til rette for fleire vegar til målet. Lyd, lettlest, trad. Kjøper inn fra t.d. Nrk, bbc, forlag.

3:02:53 PM: #nkul beta er ikkje fulldekka fag, men har gode ressursar.

3:04:27 PM: #nkul fleire fag kjem. Inkludert temaet digital kompetanse.

3:28:10 PM: #nkul ndla har støtte for import og bruk i LMS.

3:34:24 PM: #nkul ndla framhever #delogbruk og anbefaler alle å melda seg inn…

3:36:03 PM: #ndla kan me laga dit delingssamfunn i skulen i Norge når det er så få som vil bidra? Tja, wikipedia?

3:38:09 PM: #nkul ndlafolk bidrar lettare på delogbruk enn på ndla…

3:43:53 PM: #nkul ndla. Mindreårige elevar vs. Personvern, opphavsrett, innsyn m.m. Skapar problem for ndla.