ITUMonitor 2009

ITU har i dag publisert ITUMonitor 2009 der dei går gjennom trendar og tilstand i skulen.

ITU har lagt ut video frå pressekonferansen, ein finn igjen pressemeldinga hos Computerworld, NRK, VG og Teknisk Ukeblad.

Kunnskapsdepartementet svarar og fortel kva dei ynskjer å satsa på her.

Øystein Johannesen har oppsummert hovudfunn her.

Eva har skrive referat og oppsummert spørjerunden til slutt. Hans Christian bloggar her. Marian har nokre refleksjonar som kanskje ikkje er direkte samanheng med lanseringa.

Oppdatert: Marcel (i Aschehoug) har og skrive sine tankar her. Tommy Engen her.

Heile rapporten kan ein lesa hos ITU i tillegg kan ein finna ein del på twitter med søkeord #itumonitor.

Og for moro skuld kan du sjå om du og klarar elleve rette på testen til NRK.no

Eg vil tru at vidaregåande kjem til å ha endå høgare bruk og sannsynlegvis meir kompetanse etter kvart som dei vert vane med NDLA og stadig fleire digitale læremiddel. Men me kan ikkje berre satsa på å bruka IKT til lesing og skriving. Prosjektstyring, simulering, animasjon, samansette tekstar er nokre stikkord ein kan ha i bakhovudet. Men for å få til slikt må ein ha kompetente lærarar, og for å få til ei satsing på IKT i læring må dei som styrer og legg premissane og vera kompetente. Eg er spent på kva det nasjonale senteret for IKT i utdanning kan leggje til rette for.

Det dukkar heilt sikkert opp ein del i bloggane og på http://delogbruk.no snart.

Alt saman skal lesast og fordøyast, men nokre av oss har ferie litt til…

Post nummer 400 forresten!

den lærande og IKT


Image by Getty Images via Daylife

Johan Lundin har nokre gode poeng i blogginnlegget «IT är inte ett nödvändigt ont».
Han skriv om ein student som berre dukka opp på dei obligatoriske førelesingane og elles studerte på varmare breiddegrader. Dette kunne ein ikkje merka på resultata. Lundin skriv vidare om korleis studentane brukte versjonskontroll for oppgåver, digital delt kalender og at dei brukte nettbaserte møteløysingar.

Med dette i bakhovudet kan ein ta den lærande sitt perspektiv. Mykje av fokuset rundt IKT i skulen i dag er kanskje på skulen og lærarane sine forutsetningar. Bør me kanskje tenkja meir på kva dei lærande brukar? Nokon vel å bruka nettby for å organisera aktivitetar, skal me då la dei gjera det, skal me nekta dei, eller skal me kanskje visa dei betre/alternative løysingar? Zimbra Desktop Edition kan vere eit godt verktøy for lærande. Sjølv brukte me msn og irc for å analysera mellomkrigsromanar saman med elevar frå ein annan skule (Krav). Gruppene fekk sjølv velje kva verktøy dei ville bruka for å diskutera (Dette var før skype/gtalk og andre videoløysingar…). På masterstudiet IKT i læring brukte me videokonferanse for å samarbeida med medstudentane som var spreidd over heile landet.

Det er ein god ide å visa elevar korleis ein kan bruka IKT på ein god måte. Treng de ein samarbeidsplattform? Har du kikka på elgg, ning, zimbra, zoho, google docs? Kanskje secondbrain er ein ypperlig stad å samla informasjonsbitane og for å samarbeida?
Wiki kan brukast både til oppgåveskriving og for å organisera.

Det heile handlar kanskje om kva du som lærar legg til rette for. Skal du styra heile prosessen og leggja alle premissa, eller skal du styra mål og vurderingskriterier?

Dette passar sjølvsagt ikkje i alle samanhengar, men kanskje mest når det er snakk om problembasert læring, prosjekt og liknande.

Nettfaget – informasjonskompetanse

I dag har det pågått ein liten diskusjon på twitter mellom elevar og lærarar på twitter om eit «fag» førebels under stikkord #nettfaget. Mykje handlar om informasjonskompetanse og kjeldebruk.

Eg har no oppretta ei side på wikien til del og bruk der ein kan koma med innspel til innhald. Bør dette kanskje vere tverrfagleg og ein del av norskfaget? Eller skal det vere eige kurs? Studieteknikk er og eit viktig element som kanskje passar inn. Studieteknikk med PC er kanskje ikkje heilt likt studieteknikk utan?

Emnet høyrer kanskje mest til den digitale kompetansen i dei ulike faga. Eg trur det kan vere lurt med eit innføringskurs i oppstartsvekene der m.a. IKT-kyndige lærarar/elevar og ikkje minst bibliotekarar kan spela ei sentral rolle.

Du er herved utfordra til å leggja igjen synspunkt i kommentarfeltet og til å bidra på wikien.

Vil du bli ein litt betre lærar?

I så fall kan det vere lurt å henta inspirasjon og tips til korleis ein kan verte endå betre til det ein gjer.

100 opne, gratis leksjonar ligg klare på spelelista her, ferdig sortert etter tema.

Ein klarar nok ikkje å få til alle på ein gong, men set deg gjerne eit mål om at du skal bli betre på nokre av tinga som vert nemnt i  videoane.

Gjemmesiden: Tips til gjenbruk og administrasjon i LMS

Svend Andreas har skrive eit godt innlegg om korleis han administrerer kursa og læremidla sine i HiST sitt LMS. Eg pleier å innleiia LMS-kurs med at «dersom ein er villig til å ofra sommarferien til å jobba intensivt med klargjering i LMS kan ein kanskje ta fri heile hausten».

Ein kan gjera klart mykje på førehand, det er og lurt å nummerera innhaldet, laga mapper med diskusjonar, lærestoff, prøvar/testar og anna som vert synlege  på gitte tidspunkt. For det første gjer dette det enklare for elevane å vite kvar dei er, kva dei held på med og kva arbeidsoppgåver dei har.

For det andre vil du som lærar ha mapper du kan leggje ferdig oppgåver og slik i etter kvart, men du treng ikkje å visa det til elevane før dei treng det.

Prinsippet verkar i både fronter og it’s learning. Eg ser ikkje bort frå at det kan vere lurt å leggje innhaldet på sitt eige område i LMS, i fronter heiter det «mitt arkiv», slik at ein ikkje mister innhaldet når gamle rom vert sletta og nye rom oppretta.

Svend Andreas har og lagt ut ein liten skjermvideo der han forklarar korleis han administrerer ved hjelp av ei TODO-liste.