Er du eit utvikla menneske eller eit utviklingsmenneske?

Ein god start på dagen, kaffe og Fredrik Härén på NHO sin årskonferanse. Denne videoen er nesten i TED-format og er særs aktuell for skulen i Noreg.
Härén er svensk, men har budd i Asia i fleire år og har nokre tankar om utviklinga i verda.
Han fortel om ein professor i han har møtt som sa nokolunde dette til elevane:
«De får ikkje bruke mobiltelefon på skulen. Bare mobiltelefonar de har bygd sjølv…» Same professoren har vore aktiv i fotballturneringar med robotar. Det kostar penger å kjøpa materiale til robotar, så difor vart utfordringa ikkje å laga fleire robotar som skulle spela mot kvarandre, men ein robot som kunne spela mot ein annan robot med ni ballar…

Jo meir framgangsrik ein er, desto mindre forandrar ein seg… Og då er det kanskje farleg å bu i Noreg?

Utviklingslanda utviklar seg, dei byggjer landa. Utvikla land som Noreg er ferdig utvikla. Eller?

Dersom omverda ikkje forandrar seg treng ein ikkje forandra seg. Ref. Krokodillen gjennom 80 millionar. Deltar me i forandringa, eller lener me oss tilbake?
Redcliff (http://www.imdb.com/title/tt0425637/) vs. Batman: Har du sett begge?

Kven har kunnskapsovertaket? Asia eller vesten? Asia har potensialet til å vera meir kreative enn vesten.

«Kina kopierer bare». 28 år gamal kinesisk designar: «Det handlar ikkje om copyright, det handlar om copying right.»
Picasso: «Good artists copy, great artist steal..»

Härén er ikkje redd for at Asia stjel våre idear, han er livredd for at me ikkje hentar idear frå Asia.

Me må bli inspirert av at Asia er framgangsrike og sjå kva me kan få til betre.

Norge er ikkje eit ferdig land, me er rundt 100-200 år frå å vera eit utvikla land.

Vil me at Noreg skal definerast som eit utvikla land, eller utviklingsland? Definerer du deg sjølv som eit utvikla menneske eller eit utviklingsmenneske?

http://video.nho.no/2010/01/fredrik-haren/#menu

Dei gode døma 2010 – Tankekart

Eg er så heldig at eg skal få dela nokre gode døme på Flesland den 8. april. Temaet for sesjonen er tankekart. Eg har planar om å fortelja litt om kva tankekart er, korleis ein kan bruka det på smarte måtar som lærar og som elev. Og eg har tenkt å fortelja litt om korleis ein vurderer tankekart, det kan vere ei utfordring. Første skisse er laga i tankekart, men er er open for innspel og kommentarar. Legg gjerne igjen ein kommentar eller send meg ein e-post, twittermelding eller liknande. Du kan nå meg på guttorm(snabel-a)hveem.no / twitter.com/ghveem.

dei gode døma

Prezi – delingsarena for pedagogar.

Prezi har tidlegare lansert utdanningsversjon av systemet sitt. Har du ikkje oppdatert versjonen din enda bør du gjere det her.
I tillegg lanserer dei no ein delingsarena der lærarar kan dela presentasjonane sine. Dei fleste er sjølvsagt på engelsk og er systematisert etter den amerikanske læreplanen. Men om ein ikkje kan bruka det direkte, kan ein jo bruka det som inspirasjon. Og så får norske lærarar dela presentasjonane sine.

practicing

Den sjette sansen – Kva kan me venta oss i framtida?

Me har tilgang til fryktelig mykje informasjon til ei kvar tid. Så lenge ein har ein mobiltelefon eller ein annan dings med seg kan ein sannsynlegvis surfa på internett, kontakta andre og få vita ting. Denne dingsen (den sjette sansen) gjer heile prosessen litt enklare. Kikk gjennom videoen og tenk litt på kva konsekvensar dette kan få i skulen.

– Kven sørgjer for at informasjonen er riktig? Kan kven som helst leggja inn? Kjeldekritikk…
– Kva tid bruker ein slikt?
– Kva slags faktakunnskap bør ein ha?

– Korleis må eksamensoppgåvene/oppgåver vera for at eleven skal kunne visa kva han/ho kan gjera med informasjonen? (Tor Espen har nokre dømer nederst her.)
– Korleis kan du som lærar bruka denne teknologien i undervisinga?
– Har dette nokon relasjon til samansette tekstar?
– Kva strategiar for bruk, samhandling osb. bør ein ha?

ITUMonitor 2009

ITU har i dag publisert ITUMonitor 2009 der dei går gjennom trendar og tilstand i skulen.

ITU har lagt ut video frå pressekonferansen, ein finn igjen pressemeldinga hos Computerworld, NRK, VG og Teknisk Ukeblad.

Kunnskapsdepartementet svarar og fortel kva dei ynskjer å satsa på her.

Øystein Johannesen har oppsummert hovudfunn her.

Eva har skrive referat og oppsummert spørjerunden til slutt. Hans Christian bloggar her. Marian har nokre refleksjonar som kanskje ikkje er direkte samanheng med lanseringa.

Oppdatert: Marcel (i Aschehoug) har og skrive sine tankar her. Tommy Engen her.

Heile rapporten kan ein lesa hos ITU i tillegg kan ein finna ein del på twitter med søkeord #itumonitor.

Og for moro skuld kan du sjå om du og klarar elleve rette på testen til NRK.no

Eg vil tru at vidaregåande kjem til å ha endå høgare bruk og sannsynlegvis meir kompetanse etter kvart som dei vert vane med NDLA og stadig fleire digitale læremiddel. Men me kan ikkje berre satsa på å bruka IKT til lesing og skriving. Prosjektstyring, simulering, animasjon, samansette tekstar er nokre stikkord ein kan ha i bakhovudet. Men for å få til slikt må ein ha kompetente lærarar, og for å få til ei satsing på IKT i læring må dei som styrer og legg premissane og vera kompetente. Eg er spent på kva det nasjonale senteret for IKT i utdanning kan leggje til rette for.

Det dukkar heilt sikkert opp ein del i bloggane og på http://delogbruk.no snart.

Alt saman skal lesast og fordøyast, men nokre av oss har ferie litt til…

Post nummer 400 forresten!

Nettvett – legg gode spor

Eg har laga ein liten presentasjon med tema nettvett, denne kan vere ei støtte til refleksjon og samtale med elevar. Det er viktig at du som lærar ser gjennom og reflekterer, det er fleire stadar ein kanskje kan stoppa opp og diskutera med elevane.

[iframe http://prezi.com/21100/view/#1 600 400]

Full skjerm: http://prezi.com/21100/view/#1

Vil du redigera? Ta kontakt.

Mikropresentasjonar

Martin Bekkelund kjem med eit godt tips til korleis du enkelt kan bruka ein iPhone til mikropresentasjonar. Ein kan sjølvsagt gjera det same med andre telefonar eller dingsar og.

  1. Eksporter presentasjonen til bilete.
  2. Overfør bileta til ei eiga mappe på mobilen.

Og så er ein klar til å dra fram presentasjonen når ein skal visa den til andre.

Mange nyare telefonar og dingsar har støtte for tilkobling til tv/prosjektør. Så i prinsippet kan ein halda heile presentasjonen i fullformat via telefonen/dingsen…

Enkelt og praktisk!

Les meir om alternativ og framgangsmåte her.

Prezi: Inspirasjonsøkt om web 2.0

Kirkenes vidaregåande har me IKT-verkstad med jamne mellomrom, på desse vert spesifikke verktøy teke opp, demonstrert og informert om. Denne gongen fortalte eg noko om m.a. web 2.0, blogging, twitter, del og bruk og om ein del læremiddel som finst.

Prezi vart brukt for å støtta fortellinga, ein kan vel ikkje kalla det ein finn i prezi for presentasjonar. Kanskje meir støtte for formidlaren? Ein kan forresten raskt bli sjøsjuk dersom ein leikar for mykje med funksjonane i prezi.

Kort oppsummert om prezi:  Rimeleg enkelt å bruka, krev trening, alternativ måte å presentera på (meir vekt på forteljaren), nedlastbar, plattformuavhengig. Berre synd at iphone ikkje har støtte for flash (då hadde eg kjørt direkte frå iphone til prosjektør…)

Og «presentasjonen» ser slik ut:
[iframe http://prezi.com/16750/view/ 600 400]

Eller fullskjerm: http://prezi.com/16750/

Andre presentasjonar mekka i prezi.

Vil du prøva?