NKUL10 – i etterkant

Konferansar og referat er ferskvare, refleksjonar tek litt lengre tid…

Videoar frå konferansen er tilgjengeleg her og i itunes Uwide open sea

Det eg tenkjer på i etterkant av NKUL-konferansen er

– Diagnostisering, litt medisin, lite behandling.
Me veit nokolunde kva diagnosen er, me veit ein del av medisinen, med ikkje heilt korleis behandlinga skal gå føre seg. I det tilfellet trur eg at «Dei gode døma» er meir konkret og praktisk. Eg har trua på mindtools og å læra med datamaskinar, ikkje av.

– Sosialkonstruktivisme
Kan nok vera eit viktig prinsipp ein må bruka, det passar jo og med kunnskapsløftet. Det handlar kort fortalt om å arbeida saman med andre for å læra. Læring skjer då der meiningar og folk møtes, uansett om det er digitalt eller i klasserommet.

– ælæring (eg-læring).
Ein lærer slik ein likar best og når ein vil. Kva vert konsekvensen av det? Vil ikkje det forandra premissa og deler av oppdraget til skulen i dag? Det heilskaplege mennesket, det sosialt utvikla, å vera saman med andre. Blir me ekspertar på kvart vårt nes? Vil det resultera i isolert og fragmentert forståing? Klarar ein å sjå samanhengar mellom historie og samfunnsfag, eller i norskfaget for den del? (Kanskje det er det læraren skal gjera?) Kven kjem til å velja å fordjupa seg i Ibsen? Eller nynorsk? Kanskje det berre er deler av metodane som skal forandrast, ikkje kunnskapsløftet? Eksamen? Digitale mapper?

Det er mykje som er kult og fascinerande med IKT, men det er nokre felt skulen bør fokusera på:

  • Produksjon (Touch, skriveverktøy, samansett tekst, mestring…)
  • Informasjon (å finna, vurdera, tolka, bruka, rekontruera, sjå/visa samanhengar, personvern, personleg identitetsforvaltning)
  • Samarbeid (Korleis samarbeidar ein? Kven samarbeider ein med? Korleis få tak i riktig person til riktig tema? PLN)
  • Kompleksitet (Ja til fleire komplekse og samansette oppgåver! Der ein må bruka det som står ovanfor i praksis. Korte tidsfristar, krav, dokumentasjon og vurdering/refleksjon)

Eg er ikkje heilt ferdig med å tenkja på dette enda og held på med eit prosjekt eg trur er i rett gate, men meir om det seinare. Her har eg nemleg hoppa frå bryggja  utan å vera heilt sikker på om eg treng redningsvest eller båt…

Andre oppsummeringar (eit lite knippe):

http://plinius.wordpress.com/2010/05/07/p-9010/
http://bjornhelge.blogspot.com/2010/05/post-nkul.html
http://margreta.wordpress.com/2010/05/08/her-er-sa-underlig/
Moldeklev har samla det meste her: http://moldeklev.wordpress.com/2010/05/08/nkul-2010/

i tillegg har Niels ein god del her: http://www.pageflakes.com/niels.damgaard/25813214

Det viktigaste var kanskje å møta eit nettverk og mange dyktige folk frå mitt PLN. Takk for å få helsa på dykk på ordentleg og!

Er du eit utvikla menneske eller eit utviklingsmenneske?

Ein god start på dagen, kaffe og Fredrik Härén på NHO sin årskonferanse. Denne videoen er nesten i TED-format og er særs aktuell for skulen i Noreg.
Härén er svensk, men har budd i Asia i fleire år og har nokre tankar om utviklinga i verda.
Han fortel om ein professor i han har møtt som sa nokolunde dette til elevane:
«De får ikkje bruke mobiltelefon på skulen. Bare mobiltelefonar de har bygd sjølv…» Same professoren har vore aktiv i fotballturneringar med robotar. Det kostar penger å kjøpa materiale til robotar, så difor vart utfordringa ikkje å laga fleire robotar som skulle spela mot kvarandre, men ein robot som kunne spela mot ein annan robot med ni ballar…

Jo meir framgangsrik ein er, desto mindre forandrar ein seg… Og då er det kanskje farleg å bu i Noreg?

Utviklingslanda utviklar seg, dei byggjer landa. Utvikla land som Noreg er ferdig utvikla. Eller?

Dersom omverda ikkje forandrar seg treng ein ikkje forandra seg. Ref. Krokodillen gjennom 80 millionar. Deltar me i forandringa, eller lener me oss tilbake?
Redcliff (http://www.imdb.com/title/tt0425637/) vs. Batman: Har du sett begge?

Kven har kunnskapsovertaket? Asia eller vesten? Asia har potensialet til å vera meir kreative enn vesten.

«Kina kopierer bare». 28 år gamal kinesisk designar: «Det handlar ikkje om copyright, det handlar om copying right.»
Picasso: «Good artists copy, great artist steal..»

Härén er ikkje redd for at Asia stjel våre idear, han er livredd for at me ikkje hentar idear frå Asia.

Me må bli inspirert av at Asia er framgangsrike og sjå kva me kan få til betre.

Norge er ikkje eit ferdig land, me er rundt 100-200 år frå å vera eit utvikla land.

Vil me at Noreg skal definerast som eit utvikla land, eller utviklingsland? Definerer du deg sjølv som eit utvikla menneske eller eit utviklingsmenneske?

http://video.nho.no/2010/01/fredrik-haren/#menu