Verktøy for planlegging: Lessonwriter

Mange lærarar brukar den blå boka som sitt hovudverktøy gjennom skuleåret. Sjølv praktiserer eg papirfritt kontor og bruker litt andre verktøy i planlegginga. Hovudverktøyet mitt er Mindmanager. I tillegg bruker eg OneNote ein del (meir om det seinare).

I tillegg finst det ein del andre praktiske verktøy som t.d. Lessonwriter, tenk å få eit slikt verktøy inkludert i LMS. I lessonwriter finn ein fram til ein god tekst ein vil bruka (og då er kanskje ikkje wikipedia det beste alternativet alltid…) og så koblar lessonwriter teksten saman med den nasjonale læreplanen (I dette tilfellet USA sin) og gjer ein del automagiske saker. Til slutt sit ein igjen med eit arbeidsark med ein lesetekst, øvingsord, spørsmål og meir. Kanskje noko du kan bruka i engelskundervising?

Den sjette sansen – Kva kan me venta oss i framtida?

Me har tilgang til fryktelig mykje informasjon til ei kvar tid. Så lenge ein har ein mobiltelefon eller ein annan dings med seg kan ein sannsynlegvis surfa på internett, kontakta andre og få vita ting. Denne dingsen (den sjette sansen) gjer heile prosessen litt enklare. Kikk gjennom videoen og tenk litt på kva konsekvensar dette kan få i skulen.

– Kven sørgjer for at informasjonen er riktig? Kan kven som helst leggja inn? Kjeldekritikk…
– Kva tid bruker ein slikt?
– Kva slags faktakunnskap bør ein ha?

– Korleis må eksamensoppgåvene/oppgåver vera for at eleven skal kunne visa kva han/ho kan gjera med informasjonen? (Tor Espen har nokre dømer nederst her.)
– Korleis kan du som lærar bruka denne teknologien i undervisinga?
– Har dette nokon relasjon til samansette tekstar?
– Kva strategiar for bruk, samhandling osb. bør ein ha?

Bokmerke denne veka (weekly)

Posted from Diigo. The rest of my favorite links are here.

Bokmerke denne veka (weekly)

Posted from Diigo. The rest of my favorite links are here.

Informasjon og kunnskap

Me har tilgang til ufattelege mengder informasjon gjennom teknologi og ikkje minst nettverk. Dersom ein skal halda seg heilt oppdatert må ein vel klikka på alle lenkene på twitter eller facebook og lesa alle elementa i RSS-lesaren dagleg. Eg trur stadig fleire opplever det Margreta treffande kallar «lenkestress» og føler at ein ikkje strekk til. Ein må utvikla personlege filter for å koma seg gjennom informasjonsjungelen, ein må prioritera. Kva er det naudsynt å lesa? Kva hadde det vore fint om ein hadde hatt tid til å lesa? Kva kan ein eigentleg klara seg utan? (Skru gjerne på Øystein Sunde sin song «Kjekt å ha» no)

Kunnskap og informasjon er ikkje det same. Kva gjer ein med informasjonen ein har tilgjengeleg? Mange går nok laus på søkemotorane med ein gong, men kva med å stoppa opp litt og tenkja seg om, slik at ein kan reflektera litt over kva ein ynskjer å oppnå gjennom søkinga. Kva informasjon/kunnskap har ein allereie? Kva informasjon treng ein for å arbeida vidare? Og korleis forandrar ein informasjonen til kunnskap? Korleis klarar elevane det? Finn dei relevant informasjon utanom dei fem til ti første treffa i søka? Leitar dei etter det? Brukar dei fleire søkekjelder?

PEGGY ORENSTEIN i NYT har skrive ein interessant artikkel om søking og om å bli distrahert og tipsar i tillegg om MacFreedom, eit program som kan hjelpa deg litt med sjølvdisiplinen dersom du har ein Mac.

For å oppsummera med hennar ord:
«the promise is of infinite knowledge, but what’s delivered is infinite information, and the two are hardly the same.»

Eg trur det er fleire som treng trening i å arbeida utan tilgang til internett i periodar. Og det er lov å merka alt som lest, og å ikkje følgja med på alt til ei kvar tid… (mhm, eg har vore innom ein del nettsider sidan eg starta på dette innlegget…)

Funfact: Søkjer du på «Information Overload» i google scolar får du ca 273 000 treff…

Bokmerke denne veka (weekly)

Posted from Diigo. The rest of my favorite links are here.

Personvern på nett? iam.no

Personvernet ditt er viktig, men kor lett er det å samla informasjon om deg?Photoblogger

Skattelister gjer det mogleg å finna ut kva andre tener, fødselsdato kan ein finna, telefonnummer, adresse, næringsinteresser, oversikt over verv og styrer, namnestatistikk og mykje anna. Det tek litt tid å finna fram til all denne informasjonen og det har nokon effektivisert på http://iam.no, test ditt eige telefonnummer eller namn for å sjå kva som ligg offentleg tilgjengeleg om deg. Informasjon om sjefen i iam.no ligg her.

Iam.no er heller ikkje den einaste tenesta som gjer slikt, har du testa pipl.com?

Er du av den tvilsomme nysgjerrige typen kan du i tillegg finna heile personnummeret ditt her: http://ranvik.net/privat/fnummer/fnummer.html eller lesa meir om personnummer og korleis du kan finna og testa dei.

Datatilsynet skal sjå på tenesta til iam.no, men eg ser ikkje bort frå at dei har lov til å setja saman informasjonen slikt. Meir om det her og her.

Ei gullgruve for identitetstjuveri?

Kva digitale spor har du lagt igjen i dag?

Bom-brikke? Bilde med geotagging? Filma av overvåkingskamera? Visakort? Hatt telefonen på?

Face.com, Picasa og iPhoto kjenner igjen ansikt. Tru om desse overfører informasjon til Google og Apple?

Meir lesnad:

VG

VG 2

Nettavisen

Aftenposten

Freakforum

NRK

Om eniro og fødselsdatoar

Paul Chaffey

Du er herved utfordra

Ein kan fortsetja å diskutera om IKT i læring er meiningslaust eller ikkje, om får noko meirverdi når ein brukar IKT, om dei digitale læremidla er gode nok, om kunnskapsløftet har gode nok rammer og mål og så bortetter.

Eg er overtydd om at IKT kan gi ein meirverdi i læring og undervising dersom ein del gitte føresetnadar er til stades. Det er og viktig å skilja læring gjennom, av eller med IKT. Her kan det vere store skilnadar på kva ein kan forventa av utbytte.

Sjølv støttar eg meg ofte til teoriar rundt Mindtools for å prøva å identifisera typar programvare og ikkje minst relevante læringssituasjonar.

No ynskjer eg å utfora deg til å skissera situasjonar og opplegg der du meiner det er mulig å få til god læring med bruk av IKT. Bruk gjerne tenkte situasjonar/opplegg eller situasjonar/opplegg du sjølv har erfart.

Merke/tag: delogbruk-ikt

Trackback/ping til denne bloggposten:

http://guttorm.hveem.no/blogg/2009/09/du-er-herved-utfordra/

eller legg igjen ein kommentar i feltet om kvar du har lagt ut dine idear.

Relatert: Øystein, Ingunn, Leif og Marita.

Oppdatert: Fortell gjerne noko om fag og ikkje minst fagspesifikke program du har erfaring med.

Dei ti bud for sosiale media

Twitter
Lon Safko er forfattaren av «The Social Media Bible«. Han har publisert dei ti bud for sosiale media. I utgangspunktet er dette skrive for næringslivet, men her er det mange gode poeng å få med seg for skulevesenet.

Det heile handlar vel om å delta ved å skriva, lesa, sjå, kommentera og dela.

Som alle andre «reglar» med religiøse referansar er det viktig å tenkja litt kritisk, Rolf Jacobsen har skjønt det:

«Og hva er tro? Nesten det samme som håp.
Men hvis du tror for sterkt, da blir du fanatiker.
Det er ikke bra. Derfor har vi tvilen også.
Uten tvilen ville vi fremdeles befunnet oss
i steinalderen. Men du skal ikke tvile for mye heller.
Du skal bare ha en liten takluke for tvil.
Det tror jeg er meningen. En liten tvil bak øret.»

Rolf Jacobsen..