Norskressurs: Spesialeffektar i film

I samband med jobb har ein elev spurt meg om hjelp til å laga ein film med spesialeffektar. Eit av måla er å la han vera inne i filmane og effektane han skal presentera. Det får me nok til med ein einsfarga vegg, proffane bruker greenscreen og chroma keying.

I den samanhengen har eg ramla over ei liste med gode døme på spesialeffektar. I tillegg legg eg til nokre som tilfeldigvis er i interessefeltet mitt og.

Stikkord: rotoscope, kite, PIP

Animusic er kanskje ikkje spesialeffektar, men verdt å ta ein kikk på uansett. Dei har gitt ut minst to DVDar med ulike songar..

Stikkord: CAD, 3D, simulering, musikk.

100 år med spesialeffektar demonstrert gjennom ulike filmklipp:

Tron Legacy er vel for det meste laga på data…

Kva er eigentleg spel og kva er ikkje?

Utviklinga i verda i veldig grove trekk vert vist gjennom ein stop-motion animasjon basert på 2100 ark teikna for hand.

Heime hos oss går det mykje i Lego, og minstemann er ein kjennar innan sjangeren Lego Star Wars på youtube…

Ein treng eigentleg ikkje meir enn kreativitet og eit kamera for å laga fantastiske filmar (og ein plan og tid…). Denne musikkvideoen er laga med stop-motion.

Dette var eit lite tillegg og utdrag frå denne oversikta, mykje meir finst på youtube og så kan du finna fagstoff og fleire døme hos NDLA.

Kva bruker ein IKT til i læring? Hans Rosling demonstrerer

Eit praktdøme er Hans Rosling som visualiserer utviklinga til 200 land gjennom 200 år med 120 000 tal.

Sjå filmen tre gonger: Ein gong med bare lyd, ein gong med bare film og til sist med lyd og video.

Reflekter:
Kunne visualiseringa lært deg noko åleine? Kunne Hans Rosling lært deg noko gjennom forteljinga? Ja, til begge (kanskje forteljinga var mest lærerik?)

Poenget eg vil fram til er at denne måten å bruka IKT på (person pluss) sannsynlegvis er ein av måtane me må bli flinkare til å bruka. Kva tal kan du visualisera gjennom t.d. http://www.tableausoftware.com/, http://www.microsoft.com/silverlight/pivotviewer/ eller kanskje excel?

Mappa-mi.no

Eg har jobba ei stund eit verktøy for digitale mapper og karriereveildening. I morgon skal dette presenterast for mellom anna UDir, men du kan jo få smugkikka her Mappa mi og så kan du sjølvsagt kikka innom mappa-mi.no.
I notata mine står det mellom anna at dette er ei system som har fokus på den lærande. Ein samlar informasjon, reflekterer og dokumenterer i bloggar (så mange du vil), legg inn presentasjonar, oppgåver, videoar (last opp eller hentar direkte frå youtube). Ein kan melda seg inn nokre grupper frivillig, medan andre grupper berre er for klassen. Treng ein hjelp frå ein professor, ei tante eller vil visa fram til medelevar, føresette eller ein potensiell arbeidsgivar kan ein gjera med eit eller to klikk (ein kan bestemma datoar dei kan få sjå og). Ein kan senda inn presentasjonssider til læraren. Då vert sida låst inntil læraren gir kommentar og eventuelt frigjer sida for vidare arbeid.
Ganske spanande, men mykje teknisk arbeid (CSS, PHP, oversetting, administrering).

Nevnte eg at løysinga støtter feide og kan jobba saman med Moodle (då under namnet mahoodle)?

101 fantastiske og lærerike turar du kan ta (utan å forlata klasserommet)

Reising tek tid og kostar pengar, begge deler kan vera mangelvare i skulen. Heldigvis dukkar det opp fleire og fleire gode ressursar ein kan bruka i klasserommet og læringsarbeidet. I Noreg har me mellom anna Rockheim som er eit virtuelt rockemuseum, Uninett har skrive om Rockheim tidlegare. Slottet, rådhuset og postgirobygget finst og som tredimensjonale bygg i Google Earth.

OnlineUniversities.com er det samla 100 andre virtuelle turar. Du kan m.a. ta turen til Pompeii, det historiske Roma, Taj Mahal, Stonehenge, Vatikanet, Pisa, Smithsonian, Harvard, Mars, Disneyworld osb. Omfattande liste med gode ressursar er det i alle fall.

Sett turane i samanheng med tema ein har på skulen og «reis»…

ITUMonitor 2009

ITU har i dag publisert ITUMonitor 2009 der dei går gjennom trendar og tilstand i skulen.

ITU har lagt ut video frå pressekonferansen, ein finn igjen pressemeldinga hos Computerworld, NRK, VG og Teknisk Ukeblad.

Kunnskapsdepartementet svarar og fortel kva dei ynskjer å satsa på her.

Øystein Johannesen har oppsummert hovudfunn her.

Eva har skrive referat og oppsummert spørjerunden til slutt. Hans Christian bloggar her. Marian har nokre refleksjonar som kanskje ikkje er direkte samanheng med lanseringa.

Oppdatert: Marcel (i Aschehoug) har og skrive sine tankar her. Tommy Engen her.

Heile rapporten kan ein lesa hos ITU i tillegg kan ein finna ein del på twitter med søkeord #itumonitor.

Og for moro skuld kan du sjå om du og klarar elleve rette på testen til NRK.no

Eg vil tru at vidaregåande kjem til å ha endå høgare bruk og sannsynlegvis meir kompetanse etter kvart som dei vert vane med NDLA og stadig fleire digitale læremiddel. Men me kan ikkje berre satsa på å bruka IKT til lesing og skriving. Prosjektstyring, simulering, animasjon, samansette tekstar er nokre stikkord ein kan ha i bakhovudet. Men for å få til slikt må ein ha kompetente lærarar, og for å få til ei satsing på IKT i læring må dei som styrer og legg premissane og vera kompetente. Eg er spent på kva det nasjonale senteret for IKT i utdanning kan leggje til rette for.

Det dukkar heilt sikkert opp ein del i bloggane og på http://delogbruk.no snart.

Alt saman skal lesast og fordøyast, men nokre av oss har ferie litt til…

Post nummer 400 forresten!