Nokre kjappe video/DVD-tips

Feirer passering av 300 innlegg med nokre kjappe tips:
1. Lasta ned film/musikk frå Youtube -> finn fram til rett film og skriv inn KICK mellom www. og youtube.com (http://www.kickyoutube.com mao.)
2. Brenna det meste av flimsnuttar til DVD (smart å velje mpg over viss du skal ha det på DVD) -> dvdcoach, omtale
3. Alterntivt bruka DVD flick (visstnok bedre på episodar)for å brenna.

Kort og ganske konsist.

Nettsider for skulen og animasjon.

Har nyleg fått nettsider for Sandnes skole og Jarfjord oppvekstsenter på lufta. Begge vert drifta med Joomla. Etter kvart vil sidene verte ein naturleg ressurs for elevar, føresette, lærarar og andre interesserte. Eg har m.a. lagt inn ei nyhendeteneste som oppdaterer seg sjølv.
Nestsiste veka i jobb på Sandnes har elevane laga kortfilmar. Den eine animasjonsfilmen ligg på sandnes-skole.no.
Den er laga med monkeyjam og eit vevkamera i sandkassen. Elevane tok berre 600 bilete for å laga denne snutten. Det var kanskje i minste laget. Animasjonsfilmen frå Syd-Varanger er laga av rundt 2000 bilete om eg ikkje hugsar heilt feil.

Särskolelever utvecklas genom filmarbete

det er tittelen på ein artikkel på «IT för pedagoger«.

Att skapa film är ett sätt för eleverna på särskolan att uttrycka sig och berätta en historia, men det ger också en möjlighet att träna sig i abstrakt tänkande.

Elevane som vert omtalt arbeider etter planar ein gong i veka. Dei er innom fleire sjangrar og arbeider seg gjennom heile prosessen med manus, regi, filmin, animasjon, lyd, klipping og vurdering.
Gjennom prosessen vert det arbeidd med verkemiddel og hendingsforløp. Dette fører vidare til at elevane kan finna tankestrukturar som hjelp dei til å tenkja abstrakt.

Att bara göra en film en gång, är det knappt någon mening med anser Agneta Winkler.

Prosessen er minst like viktig som produktet, og elevane vurderer saman med lærarane. Gjennom desse filmane kan kanskje enkelte få god kommunikasjonstrening. Samstundes får dei jo produkt dei kan vere stolte av.

Att producera film kan hjälpa eleverna att gå utanför sina gränser, konstaterar Agneta Winkler och berättar om en flicka som i normala fall inte rör sig i okända miljöer men som med filmkamerans hjälp begav sig ut på spaning långt utanför sin normalt trygga miljö. Sedan kan flickan ta sin film och visa både för sig själv och andra att ”här har jag varit”.

Ein kort film om Agneta Winkler om dette kan du sjå her:

Det vert kanskje mogleg å testa dette, men om du har synspunkt er du hjarteleg velkommen til å dela tankane i kommentarfeltet eller via e-post.

Programtips: Debut Video Recorder (IM/Skjerm-filming)

Flash VideoImage via WikipediaDebut Video Recorder har ei rekkje funksjonar som gjer det verdt å kikka på. Programmet er laga for å ta opptak av videosamtalar og skjermfilming. Ein kan velje kvalitet, lengde, codec og format. Når ein er ferdig med filminga kan ein velje om programmet skal senda resultatet som eit vedlegg til e-post, lasta opp til ftp, eller kopiera det til ein nettverksdisk.

Programmet kan lagra rett i Flash Video (.flv).
Dersom du installerer kjem det inn snarvegar til ein del anna programvare frå utviklaren, det kan fjernast.

Les omtale på Dinside Data.