Føredrag: MK-nettverk om web 2.0

I går var eg så heldig at eg fekk halda eit lite føredrag om web 2.0, eit par smarte verktøy og litt om personlege læringsnettverk for rundt 70 MK-lærarar og andre i Tønsberg. Slike bestillingar på føredrag vert det fleire og fleire av og då er eg glad for at eg kan bruka elluminate/learncentral.org. Det gjer at reisetida vert 10 minutt (kobling og administrering) i staden for fly og anna. Den tekniske løysinga krev litt trening og tilpassing. Mellom anna kan det vere smart å gjera slik at mikrofonen ikkje står på når høgtalarane er på. Dialogbasert undervising er og litt vanskeleg sidan det forsvinn nokre sekund mellom sendar og mottakar.

Uansett, presentasjonen er lagt ut som nettsider og som PDF med stikkord. Undervegs i presentasjonen fekk deltakarane oppgåver gjennom google skjema, ei ypperlig løysing der eg kunne sjå svara med ein gong.

Takk til Tom/@tom_knudsen, John Eivind/@johneivind007 og Rune/@bitjungle for innspel og tips.

Kva skal me bruka IKT til? Kva tid skal me bruka IKT?

Finst det nokre kjenneteikn på kva tid ein kan forventa betre læring når ein bruker IKT?

Ein må kunne finna, tolka, vurdera informasjon, og vidare setje informasjonen inn i ein ny samanheng og bruka denne sjølv.

Nokre teoretiske perspektiv det kan vere lurt å ha bakhovudet når ein tenkjer på IKT i læring finn ein i «Computers as Mindtools for Engaging Learners in Critical Thinking»

Kort oppsummert:
– Learners as Designers
– Knowledge Construction, Not Reproduction
– Learning with Technology
– (Un)intelligent Tools
– Distributing Cognitive Processing

Web 2.0 sett i lys av Mindtools passar ypparleg, web 2.0 legg til rette for den lærande som designar (av kunnskap, informasjon, osb.). Ein må konstruera eigen kunnskap, gjerne kobla tidlegare kunnskap med ny informasjon. Verktøyet ein vel støttar opp under læringsprosessen, slik at den lærande får meir ut av arbeidet/prosessen enn det han/ho hadde hatt utan.
Ein brukar IKT som ei avlasting i læringsprosessen:
«Learners should be responsible for recognizing and
judging patterns of information and then organizing it, while the computer system should
perform calculations, store, and retrieve information. When used as Mindtools, we are
engaging learners in the kinds or processing that they do best.» (David H. Jonassen, Chad Carr, Hsiu-Ping Yueh.)

Å læra av, gjennom eller med IKT er og nokre andre sentrale perspektiv ein bør ha i med seg:
Salomon, G. , Perkins, D.N., & Globerson, T. (1991). Partners in cognition: Extending
human intelligence with intelligent technologies. Educational Researcher, 20(3), 2-
9.

Ein av dei viktigaste faktorane for bruk av IKT i skulen er læraren, eg har skrive noko om korleis ein kan bruka IKT i læringsarbeidet sjølv utan IKT-kompetanse. Men det er sjølvsagt viktig at ein veit om kva som er mogleg.

Det handlar kanskje meir om klasseleiing og rammene ein legg rundt læringarbeidet?

Tilbake til dei store spørsmåla, kva bruker me IKT til? Korleis bruker me IKT?
Og treng eigentleg læraren kunne alle web 2.0 verktøy? Skal me læra med, av eller gjennom IKT?
Fleire og fleire lærarar grublar, tenkjer og kjem med forslag på Del og bruk
Ein fasit trur eg ikkje me skal jakta på, men det finst fleire løysingar på vegen.

(Dette var eigentleg ein kommentar på http://deltemeninger.no/-/bulletin/show/324364_forbud-mot-sosiale-medier-i-skolen?ref=mst, men vart aktuell under ein diskusjon på Dei gode døma)

Digital spor – nettvett

Denne teksten høyrer til presentasjonen (skremselspropaganda) om nettvett og om det å leggje igjen gode spor laga av Beret T. og Guttorm Hveem
Presentasjonen bør du sjå samstundes som du les manus: http://prezi.com/whhmrait9qne/
Teksten under er eit nokolunde manus. Undervegs er det ein del spørsmål der tilhøyrarane skal rekkja opp handa…
Til slutt er det viktig å opna for spørsmål og å ha nokre svar klare. Det ligg mykje kjeldemateriale på http://bit.ly/ghnettvett.
Kom gjerne med innspel og tilbakemeldingar på dette.

Potensiell startfilm frå telenor: Barnas sikkerhet i sentrum:http://www.telenor.no/privat/flyt/?ICID=p-091029-forside-linklist-8-flyt

Lisens: Creative Commons: BY-NC. (Du kan bruka dette, men ikkje kommersielt og du må opplysa om kven som har laga dette).

————————————————————————————
Kor lett er det?
Har du mobiltelefon?
Kan du ta bilder med den?
Kan du senda mms?

Då kan du meir enn nok til å publiserta både tekst og bilete på internett.

Men det følgjer med litt ansvar.

Har du tatt bilde av nokon i ein flau eller pinlig situasjon (garderobe, dusj, heime)?

Har nokon tatt eit bilde av deg i ein flau eller pinlig situasjon?

og

sendt det til andre?

eller publisert det

på nettby?
på facebook?
på deiligst?
———————————————————–
Kva kan skje? Og kva skjer kvar dag?
Nokon legg ut bilder
av seg sjølv eller andre

ikkje alle tenkjer seg om…

Jente 14, USA
La ut nakenbilder av seg sjølv slik at kjæresten skulle få sjå dei.
14 år og nakenbilder = barneporno

Kva skjedde når dette vart oppdaga?
– ho vart sikta for produksjon, oppbevaring og distribusjon av barneporno.

og kjæresten?
– han var sikta for oppbevaring av barneporno.

ho risikerer 17 år i fengsel og å havna i eit register for seksualforbrytarar.

OK, ho la ut nakenbilder, men det gjer jo ikkje alle.

To jenter, ungdommar, USA
Tok bilder av seg sjølv i BH og med håndkle rundt kroppen. Sendte til venner…
Fleire og fleire vert sikta for å spre utfordrande og lettkledde bilder…

Men, slikt skjer jo ikkje i Norge?
Eller?

Veit du kor Lødingen er?
Der var det ein sytten år gamal gutt som la ut ei liste på Nettby.
Ei liste der han gav terningkast og skreiv navnet på jenter han hadde hatt sex med.
Lista låg ute på nettby i fire dagar før politiet og nettby fekk fjerna den.
Jentene var mellom 14 og 17 år.
Kva om ditt navn hadde vore på ei slik liste?

Våren 2009, Vadsø
Ei jente ble banka, nokon filma og la det ut på youtube.
Jenta som banka blogga om det. Nokon støtta ho, medan andre fordømte det.

Skjer slik kvar veke?

Våren 2009, Kirkenes
Veit dåke kor dette er?
Bak senteret i Kirkenes.

Ein offiser og ein soldat kosa seg der. Nokon gjekk forbi,
stoppa,
og filma med mobilen
og sendte filmen til venner
og la videoen ut på nettet.

Offiseren måtte slutta i jobben sin på grensa.
Trur du jenta hadde det fint på oppstilling på GSV på mandagen?
Veit de at offiserar på grensa tjener mellom 600 000 og 800 000,- i året?

Kva hadde skjedd om han som filma ikkje hadde filma og sendt filmen til andre?

———-

Du har eit ansvar
Det er enkelt og fort gjort å publisera, og det kan få store konsekvensar.
Konsekvensar du kanskje ikkje har tenkt over….

2020 – om ti år.
Kva bilete finst det av deg då?
Face.com er berre eit døme, denne teknologien finst fleire plassar.
Søkemotorane kjem til å finna bilete av deg.

Barneversjonen Voksenversjonen (bruk mimikk og imiter…)
Tenk deg at du bader eller soler deg i syden.
Du ser ikkje personen som står 30 meter lengre borte med kamera.
Seinare søker du på navnet ditt og då dukker det plutselig opp bilder av deg på sydentur. Du skjønner ikkje kven som har tatt bildet. Og du kan heller ikkje få det sletta.
Du er på danskebåten eller på pub i ferien. Og står og heng ved ein bardisk. Ikkje heilt edru. Du ser ikkje personen som står litt lengre borte og tek bilete, ikkje av deg, men den som står ved sida av deg. Du blir bare tilfeldigvis med på bildet..
Seinare søker du eller nokon andre på navnet ditt, og eit bilete av deg dukkar opp. Kanskje du ikkje hugsar biletet (eller noko anna frå akkurat då…)
Du skjønner ikkje kven som har tatt bildet. Og du kan heller ikkje få det sletta.

OH shit eller OK?

Kor mange av dåke har profil på facebook?
Kor mange leste den lange teksten, du veit, den der rett før du kunne kryssa i ein boks der
du sa at du faktisk hadde lest teksten?

Veit du kva du sa at du godtok?
At facebook kan gjera akkurat det dei vil, med alt det du legg ut på facebook.
"Kan me i facebook bruka bildene dine til noko?" Ja, versegod!
"Kan me bruka andre sine bilder av deg til det me vil?" – Ja, versegod, gjer som de vil…

Plutselig fotomodell.
Ting du legg ut kan bli misbrukt, eller bli brukt på ein måte du ikkje hadde tenkt.
Ein amerikansk familie tok familiebilde på ferietur. Alle satt fint på ein benk og smilte.
Når dei kom heim la dei ut biletet på nettet.
Nokre veker seinare reiste ein venn av familien på ferie til Europa.
Vennen ringte til familien og spurte om dei var fotomodellar.
Han stod nemlig og såg på ein svær reklameplakat der familien var avbilda…. saman med ein tube tannpasta.
Nokon hadde tatt bildet deira og brukt det på ein reklameplakat. Utan å spørja og uten å sei i frå.

Facebook er jo litt greie då, du kan jo bestemma kven som skal sjå bildene… Eller?

Men det er jo bare vennene mine som ser
biip.no – reklame for biip.no
Viser bilder av medlemmene sine slik at du skal sjå alle dei "kule" folka som er der.
Slik at du og blir medlem. Det er jo det dei tjener penger på.

Men trur du at denne jenta, Florenthyna, har lyst til å visa det bildet fram til alle?
Trur du at ho tenkte at eg kunne visa dette bildet fram til dåke? og andre?

Har ho lov til å legga ut bilde av seg sjølv?
Egentlig ikkje, ho er kanskje berre 17 år. Og då har ein vel ikkje lov til å bestemma slikt sjølv?
Kan du legga ut bilete av vennen din?
Ja, viss han er over 18 år og har sagt du får lov. Eller hvis du har spurt foreldra og dei synest det er greit.

Ungdomsversjonen/vidaregåande: rollespel…
Hei, pappan til Per. Eg tok bilder av Petter på lørdag. Han var i skikkelig god form før me gjekk ut. Eg tok eit skikkelig kult bilde der han stod med vodkaflaska, dei blei skikkelig kult lys i flaska. Og du, ja. Grunnen til at eg ringer er for å spør om eg kan få legga ut det bildet på nettby og facebook…

Eg kan jo sletta bildet
Hjelper det Florenthyna, ho eg viste bilete av i stad?
Og tenk deg at du tar eit flaut/pinlig bilde av kompisen din. Legg det på facebook. Viser det til ein annan kompis og så sletter det.
Kor lang tid tek det før det blir fjerna? Altså sletta, på ordentlig… Gjett! 3 sekund, ein time? ein dag? ei veke?
Nei, det kan faktisk ta mellom 30 og 60 dagar! Ooops, det kan jo blir litt dumt.

Og visste du om dette:
Akkurat no står det ganske mange tusen maskinar og tråler nettet. Archive.org er ein av dei. Dei tek vare på nettsider. Faktisk rundt 85 milliardar nettsider.
Dei lagrer alt – for alltid. Du kan faktisk gå inn og sjå korleis vg såg ut i går, eller i forrige veke, eller korleis det såg ut i 1996.
Eller du kan sjekka korleis bloggen din såg ut i går før du sletta den posten du angra på at du skreiv. Og før du rakk å sletta det bildet du veit…

Google gjer akkurat det same. Dei tek kopi av av det dei finn på nettet. Og du kan sjå korleis ei nettside såg ut i går, eller sist gong google var innom.

Kan me sletta noko dei har tatt vare på?
Då må ofte politiet hjelpa til. Dette er jo ikkje norske selskap og dei treng ikkje følgja norsk lov…

Huskeregel: Det som blir lagt ut ligg der for alltid, sjølv om det bare er på spøk…
Og då må du tenka på kva du vil barnebarna dine skal finna om deg om 40 år.
Kva kjæresten din om skal finna ut om deg om 10 år.
Og kva sjefen i firmaet skal finna ut om deg når du søker ny jobb…

For det skjer allereie no. Dersom du søker jobb kan du vera rimeleg sikker på at du blir googla, og at det blir sjekka kva du har lagt ut på facebook, twitter og andre stader.
Kva om du ikkje får akkurat den jobben du ønsker deg fordi du har lagt ut ein haug med festbilder og fordi du egentlig skulker jobben.
Gløymer du kven som kan sjå det du legg ut?

Send?
Last opp?

Tenk deg om ein gong til først!

———————————————

Ble hacket på MSN
Har du nokon gong latt andre få låna din konto på msn?
Er det andre som veit dine passord?
Sikker på at det er så lurt?

Desse to gutane vart hacka. Nokon gjekk inn på kontoen deira og bytta passordet.
Og sendte stygge meldingar til vennene deira.
Desse to vart hacka, men andre kan bytta ditt passord dersom du låner bort kontoen din….

Ikkje la andre få ditt passord!
for
du gir vel ikkje bort pinkoden til visakortet heller (viss du har penger på kortet då…)

———————————————

Spørsmålsrunde, typiske tema:

  • PC-ane skal stå på eit fellesareal i huset. Mine ungar skal ikkje ha eigen PC på rommet.
  • Sett deg ned med ungane, spør om dei kan visa deg rundt på nettet. Engasjer deg.
  • Er ungane på facebook bør du og vera det. Ungane kan sjølvsagt skjula informasjon og bilder for deg, men dei veit du er der og at du bryr deg.
  • Det er lov å gi beskjed. Ungane kjem før eller seinare borti noko dei egentlig ikkje vil sjå/lesa. Då er det fint om dei kan gi beskjed og få hjelp av ein voksen.
  • Digital mobbing skjer nesten berre mellom kjente. Dersom din unge vert mobba på nettet er det sannsynligvis nokon kjente.
  • Politiet er ofte dei einaste som kan kreva at noko skal fjernast. Det kan tid…
  • Å ikkje få meldingar frå andre kan og vera eit teikn på mobbing eller utfrysing.
  • Sikre filtre er ikkje sikre! Det er alltid ein veg rundt. Og så kan ein jo besøka vener…
  • Delte meiningar: bør du leggje til ungane sine vener på facebook? Tja, men det kan vere lurt å venta til dei inviterer deg. Fin balansegang mellom overvåking og tillit…
  • Logging kan vere på, men det hjelp neppe.

Ressursar:
http://www.diigo.com/user/guttorm1979/nettvett