Digital kompetanse og delingskultur

Digital kompetanse og IKT (eller IT/EDB) er eit vanskeleg tema. Handlar det om ferdigheiter (altså ting ein kan gjera i t.d. word) eller kunnskap om korleis ting fungerer (t.d. wikipedia, web 2.0, eller korleis ein søker, finn, vurderer og bruker informasjon)? Eller kva handlar det eigentleg om? Og korleis skal elevar og lærarar i skulen koma skikkeleg i gong med dette temaet?

Ein kan lokka med at ting kan ta mindre tid og verte meir effektivisert (LMS, Markin), at ein får meir inspirasjon og idear (bloggar, del og bruk, twitter), eller fordi det er gøy (for å dra vidare Trond Viggo sine tankar på del og bruk-konferansen…).

Henning Fjørtoft fekk fram eit godt poeng då han kursa oss i vurderingskriterier i vår. Kvar gong nokon føreslo eit mål rakk han opp handa og spurte kva han skulle gjera. Ikkje dumt. Korleis kan ein konkretisera og koma vidare?

Eg trur ein berre må hiva seg i det, finna inspirasjon på fleire av bloggane til pedagogane og sjå kor langt ein kjem. Alt kan ikkje brukast, men mykje kanFlickr Meet #3 - Nottingham. Og i den samanhengen har m.a. Albertine Aaberget lagt ut ein strålande presentasjon, ho har og lagt ut lenker til nokre andre det kan vere lurt å kikka gjennom.

Delingskultur kan ein få til dersom ein gir, deltek, kjem med forslag, roser andre, og lenker/refererer til andre. (Albertine Aaberget, slide 57). Og det trengst fleire stemmer, så langt er det vel unge menn som har hatt definisjonsmakta på internett (Petter B. B, slide 15).

Petter B.B. skriv og  «Det handlar om kva du kan dela og ikkje minst om kva andre kan dela med deg.» samstundes kan ein ha i bakhovudet at læring ofte skjer i kontakt med andre, men ein treng ikkje nødvendigvis møtast fysisk.

(Dette vart berre halvferdige tankar, del gjerne dine i kommentarfeltet.)

Bokmerke denne veka (weekly)

Posted from Diigo. The rest of my favorite links are here.

Bokmerke denne veka (weekly)

Posted from Diigo. The rest of my favorite links are here.

Bokmerke denne veka (weekly)

Posted from Diigo. The rest of my favorite links are here.

Bokmerke denne veka (weekly)

Posted from Diigo. The rest of my favorite links are here.

Bokmerke denne veka (weekly)

Posted from Diigo. The rest of my favorite links are here.

Dei ti bud for sosiale media

Twitter
Lon Safko er forfattaren av «The Social Media Bible«. Han har publisert dei ti bud for sosiale media. I utgangspunktet er dette skrive for næringslivet, men her er det mange gode poeng å få med seg for skulevesenet.

Det heile handlar vel om å delta ved å skriva, lesa, sjå, kommentera og dela.

Som alle andre «reglar» med religiøse referansar er det viktig å tenkja litt kritisk, Rolf Jacobsen har skjønt det:

«Og hva er tro? Nesten det samme som håp.
Men hvis du tror for sterkt, da blir du fanatiker.
Det er ikke bra. Derfor har vi tvilen også.
Uten tvilen ville vi fremdeles befunnet oss
i steinalderen. Men du skal ikke tvile for mye heller.
Du skal bare ha en liten takluke for tvil.
Det tror jeg er meningen. En liten tvil bak øret.»

Rolf Jacobsen..

NKUL – Ressursar og oppsummering dag 1.

Først nokre praktiske:

Videostream og opptak frå NKUL (ikkje alle sesjonar)

Niels Damgaard, Biblioteksentralen, Oslo har laga samleside for NKUL her

Straum frå twitter kan du sjå her.

Det er mange som bloggar under konferansen, dei er velkomne til å leggje inn trackbak/ping/kommentar hit.

Kort bloggliste:
Bjørn Helge
http://matematikklererensverden.blogspot.com/
http://iktivgs.blogspot.com/
Elles:

Har testa liveblogging via twitter i dag. Det verka rimeleg greit, ting eg skreiv med #nkul vart samla opp på bloggen, måtte berre hugsa på //NLB// og //ELB// for å starta og slutta ein post. Håper dei som synest det vert for mykje filtrerer bort alt med #nkul frå meg.

Liveblogginga om NDLA vart forresten skrive på ein telefon, staumkontaktar utan straum er lureri…

Har elles hatt gleda av å treffa mange kjente folk frå twitter, del og bruk, IKT i læring og andre.

den lærande og IKT


Image by Getty Images via Daylife

Johan Lundin har nokre gode poeng i blogginnlegget «IT är inte ett nödvändigt ont».
Han skriv om ein student som berre dukka opp på dei obligatoriske førelesingane og elles studerte på varmare breiddegrader. Dette kunne ein ikkje merka på resultata. Lundin skriv vidare om korleis studentane brukte versjonskontroll for oppgåver, digital delt kalender og at dei brukte nettbaserte møteløysingar.

Med dette i bakhovudet kan ein ta den lærande sitt perspektiv. Mykje av fokuset rundt IKT i skulen i dag er kanskje på skulen og lærarane sine forutsetningar. Bør me kanskje tenkja meir på kva dei lærande brukar? Nokon vel å bruka nettby for å organisera aktivitetar, skal me då la dei gjera det, skal me nekta dei, eller skal me kanskje visa dei betre/alternative løysingar? Zimbra Desktop Edition kan vere eit godt verktøy for lærande. Sjølv brukte me msn og irc for å analysera mellomkrigsromanar saman med elevar frå ein annan skule (Krav). Gruppene fekk sjølv velje kva verktøy dei ville bruka for å diskutera (Dette var før skype/gtalk og andre videoløysingar…). På masterstudiet IKT i læring brukte me videokonferanse for å samarbeida med medstudentane som var spreidd over heile landet.

Det er ein god ide å visa elevar korleis ein kan bruka IKT på ein god måte. Treng de ein samarbeidsplattform? Har du kikka på elgg, ning, zimbra, zoho, google docs? Kanskje secondbrain er ein ypperlig stad å samla informasjonsbitane og for å samarbeida?
Wiki kan brukast både til oppgåveskriving og for å organisera.

Det heile handlar kanskje om kva du som lærar legg til rette for. Skal du styra heile prosessen og leggja alle premissa, eller skal du styra mål og vurderingskriterier?

Dette passar sjølvsagt ikkje i alle samanhengar, men kanskje mest når det er snakk om problembasert læring, prosjekt og liknande.