WordPress på eigen server med OpenId

Nokre har kanskje merka at ikonet føre kommentarane mine rundt om har forandra seg, det heng saman med at eg har lagt inn OpenId her på bloggen. Kort fortalt gjer OpenId at eg kan bli identifisert på andre bloggar og nettsider. Tidlegare brukte eg Blogger for å stadfesta identiteten min.

Slik kan det gjerast:

1. Oppretter brukarkonto på http://www.myopenid.com/
2. Knytter guttorm.hveem.no/blogg/ til myopenid.com
3. Legg inn kode i malen på wordpress

<link rel=»openid.server» href=»http://www.myopenid.com/server» />
<link rel=»openid.delegate» href=»http://guttorm.myopenid.com/» />

Rimeleg enkelt og veldig praktisk.

Site Persona Last Signin Approvals
https://www.blogger.com/ Guttorm 8 minutes ago 4
http://www.blogger.com/ Guttorm 13 minutes ago 1

Frå blogger til wordpress

Etter den spede oppstart våren 2003 med katastrofale følgjer (som førte til at eg sjekka sikkerhet i systema før installasjon og til at eg må ha eit vedlegg til cv-en min sidan namnet mitt dukkar opp hos symantec og andre når ein googlar og studerer resultata) har eg brukt blogger som ein sentral del i mitt personlege læringsnettverk. Sidan wordpress sannsynlegvis passar meg endå betre måtte eg jo bare testa.

Overgangen var rimeleg enkel.

1. lasta ned wordpress
2. pakka ut lokalt
3. lasta opp til server i mappe blog/
4. testa import frå blogger og får feilmelding, bloggen må liggje på *.blogspot.com
5. «flytter» bloggen til *.blogspot.com
6.  flytter wordpress frå blog/ til blogg/
7. kjører ny import og vert imponert, alle innlegg og kommentarar på plass.
8. Gliser
9. Flytter *.blogspot.com bloggen til ei backupmappe på eige domene. (Tok backup på førehand og sjølvsagt… Relatert moro)
10. Fikser .htaccess slik at alle sider har same adresse som tidlegare (permalink).
11. Endrar feedburner.com slik at RSS-en vert levert som tidlegare med nye innspel.
12. Endrar oppsett på diigo.com slik at lenkene vert publisert som vanleg.
13. Endrar innlysande engelsk tekst i malen slik at ein del vert på nynorsk, heile kjem snart
14. Fortsetjer testing av tillegg og malar for å gjera mitt PLN endå betre.

Dersom du bruker blogger i dag og vil over til wordpress på *.wordpress.com trur eg du berre treng å gjera nr. 4 på lista (utan feilmelding sjølvsagt).

Sjølv om malen indikerer at eg har ein iPhone på skrivebordet, så held eg meg inntil vidare til SE W810i, men håper sjølvsagt på noko anna etter kvart.

Eg reknar med at det haroppstått noko krøll på vegen og oppfordrar deg til å ta kontakt via twitter, msn, facebook, e-post, sms, brev, kort, kommentar eller F2F/A2A dersom du oppdagar noko som ikkje er slik det bør vere, eller ikkje finn noko du er på jakt etter.

Vel overstått jul og nytt godt år til de lesarar.

Ny adresse til rss/atom

Det ser ut til at det atom.xml har blitt publisert to forskjellige stadar, både på 
http://guttorm.hveem.no/atom.xml og
http://guttorm.hveem.no/blogg/atom.xml (som har vore den korrekte).

No går eg over til feedburner for å kunne sjå litt meir statistikk for bloggen. 
Så om du føl med på bloggen kan du endra
ditt abonnement til:  http://feeds.feedburner.com/GuttormHveem-Ikt-I-Laering 

Referansar og kjelder, praktisk script…

Som du kanskje har sett nede på sidene mine i bloggen er det ferdig referanse klar til bruk (Trur det var Harvard-stil eg laga). Det er ikkje verre enn å leggje inn eit lite script  i malen din, scriptet ser omtrent slik ut (NB, [ må byttast med < og ] må byttast med >):

[p align=»center»]Referer til denne sida (Klipp og lim):[br /]
[script language=»JavaScript» type=»text/javascript»]
[!–
document.write (document.title)
// –][/script]
[Internett] NO: Adresse: [u]
[script language=»JavaScript» type=»text/javascript»]
[!–
document.write (location.href)
// –][/script]
[/u] Lest:
[script]
var mydate=new Date()
var year=mydate.getYear()
if (year [ 1000)
year+=1900
var day=mydate.getDay()
var month=mydate.getMonth()
var montharray=new
Array(«Januar»,»Februar»,»Mars»,»April»,»Mai»,»Juni»,»Juli»,»August»,»September»,»Oktober»,»November»,»Desember»)
var daym=mydate.getDate()
document.write(«»+daym+» «+montharray[month]+» «+year+»»)
[/script]

Det som vert vist er:
Tittel på sida  [Internett] NO: Adresse: http://server.no/mappe/fil.hm Lest: 25 Januar 2007

Du finn ein ferdig versjon på http://guttorm.hveem.no/dev/referer.txt
Eg lev i trua at det kanskje får nokre fleire til å leggje inn referansar på sine referanselister. Og lurer du på om noko av det du har skriv finst andre stadar på nettet kan du jo sjekka på http://copyscape.com/

Dersom du søker i bloggen finn du nok ei post om korleis eg laga min eigen automagiske referanseknapp eg bruker i Opera.