Ript og wiki i undervising…

Omtalte nyleg programmet Ript her på bloggen og no skal eg bruka det i undervising. For å synleggjera korleis ein henter informasjon fleire stadar og set det saman til noko nytt.

Norge

Elevane skal i gong med fylka i samfunnsfag og geografi og då har eg gitt dei eit oppdrag.
Oppdraget lyd nokolunde slik som dette:
«Samfunnsfagsbøkene våre er om lag 10 år gamle. Me skal laga oppdaterte versjonar av kapitla om dei forskjellige fylka. De skal jobba saman to og to med to fylke på deling. Tips til hjelpemiddel: Biblioteket, geografiboka, Norge.no, ssb.no, caplex.no wikipedia.org. Hugs å skriva ned kvar du finn informasjonen du brukar.
Teksten skal reinskrivast på pc, godkjennast av lærar og publiserast her: http://svkwiki.net/wiki/index.php?title=Fylker_i_Norge «

Dette blir ein spanande prosess med femte trinn.

Blogged with Flock

Wikimindmap – Wikipedia som tankekart!

Via ihodet.no kom eg over wikimindmap.com som har ein interessant funksjon. Du skriv inn søkeord og så hentar nettsida ut informasjon frå wikipedia og presenterer resultatet som eit tankekart.
Naturlig nok sjekka eg «mind map» først og det såg lovande ut. Elles kan ein jo søka opp «Norway» og nokre stikkord om kva wikipedia inneheld der.
Og sjølv om ein ikkje kan velja den norske versjonen av wikipedia i menyen på wikimindmap.com kan ein jo sjølvsagt manipulera linken slik at ein får ut resultat på norsk…
Denne lenka gir det resulat frå den norske versjonen av wikipedia når ein søkjer på NRK: http://www.wikimindmap.org/viewmap.php?wiki=no.wikipedia.org&topic=NRK

Og då har eg bytta ut wiki=en.wikipedia.org med wiki=no.wikipedia.org i adressefeltet.

Praktisk måte å få ut viktige stikkord eller struktur frå wikipedia! Prøv sjølv!

Tversover: Wikipedia i skolen

Tversover: Wikipedia i skolen: «Wikipedia i skolen Seth Godin parkerer diskusjonen om Wikipedia i skolen: å forståog syntetisere informasjonen er viktig. Å finne den er ikke viktig, siden det nå kan automatiseres. Minner egentlig om et leserinnlegg fra en elev i Aftenposten som hadde brukt 15.000 kroner på PC og utstyr og så ikke fikk lov til åbruke det i klasserommet…»

Interessant diskusjon i kommentarfeltet.
Eg har og eit søkt tenkt tilfelle på lur…
Ein elev/student med mykje kunnskap kan t.d. skriva ein artikkel på wikipedia. Kva skjer når eleven så bruker sin artikkel i eksamensamanheng? Copyscape og andre av den sorten vil vel ikkje kunne finna ut kven som skriv kva på wikipedia?

Det viktigaste er vel å læra opp folk til å vera kritiske til det dei vert servert, og sjekka fleire kjelder.