Tar undervisningen i Itunes | Skole og utdanning

På universitetsnivå har NTNU i Trondheim og Universitetet i Stavanger levert undervisningsmateriale til iTunes U siden 2009, men Telemark fylkeskommune er først ute med innhold for videregående skole. Prosjektleder Rune Mathisen er stolt over at Telemark fylkeskommune er den første fylkeskommunen i landet med et slikt tilbud.- Jeg er overbevist om at bruk av videoer har en plass i fremtidens skole. Ikke som en erstatning av læreren, men et tilegg. Det er lettere med tilpasset undervisning, og her kan elevene kjøre i sitt eget tempo. De kan ta pauser og spole tilbake, det er ikke mulig i klasserommet, sier Mathisen i en pressemelding fra Fylkeskommunen.

via Tar undervisningen i Itunes | Skole og utdanning.

Spenstig tiltak, og eg er overtydd om at elevane er fornøyde med å kunne sjå timar om igjen når det passar dei. Prosjektet har og valt å ikkje låsa seg til ein plattform, alle videoar ligg på youtube i tillegg.

Føredrag: MK-nettverk om web 2.0

I går var eg så heldig at eg fekk halda eit lite føredrag om web 2.0, eit par smarte verktøy og litt om personlege læringsnettverk for rundt 70 MK-lærarar og andre i Tønsberg. Slike bestillingar på føredrag vert det fleire og fleire av og då er eg glad for at eg kan bruka elluminate/learncentral.org. Det gjer at reisetida vert 10 minutt (kobling og administrering) i staden for fly og anna. Den tekniske løysinga krev litt trening og tilpassing. Mellom anna kan det vere smart å gjera slik at mikrofonen ikkje står på når høgtalarane er på. Dialogbasert undervising er og litt vanskeleg sidan det forsvinn nokre sekund mellom sendar og mottakar.

Uansett, presentasjonen er lagt ut som nettsider og som PDF med stikkord. Undervegs i presentasjonen fekk deltakarane oppgåver gjennom google skjema, ei ypperlig løysing der eg kunne sjå svara med ein gong.

Takk til Tom/@tom_knudsen, John Eivind/@johneivind007 og Rune/@bitjungle for innspel og tips.

Norskressurs: Spesialeffektar i film

I samband med jobb har ein elev spurt meg om hjelp til å laga ein film med spesialeffektar. Eit av måla er å la han vera inne i filmane og effektane han skal presentera. Det får me nok til med ein einsfarga vegg, proffane bruker greenscreen og chroma keying.

I den samanhengen har eg ramla over ei liste med gode døme på spesialeffektar. I tillegg legg eg til nokre som tilfeldigvis er i interessefeltet mitt og.

Stikkord: rotoscope, kite, PIP

Animusic er kanskje ikkje spesialeffektar, men verdt å ta ein kikk på uansett. Dei har gitt ut minst to DVDar med ulike songar..

Stikkord: CAD, 3D, simulering, musikk.

100 år med spesialeffektar demonstrert gjennom ulike filmklipp:

Tron Legacy er vel for det meste laga på data…

Kva er eigentleg spel og kva er ikkje?

Utviklinga i verda i veldig grove trekk vert vist gjennom ein stop-motion animasjon basert på 2100 ark teikna for hand.

Heime hos oss går det mykje i Lego, og minstemann er ein kjennar innan sjangeren Lego Star Wars på youtube…

Ein treng eigentleg ikkje meir enn kreativitet og eit kamera for å laga fantastiske filmar (og ein plan og tid…). Denne musikkvideoen er laga med stop-motion.

Dette var eit lite tillegg og utdrag frå denne oversikta, mykje meir finst på youtube og så kan du finna fagstoff og fleire døme hos NDLA.

Kva bruker ein IKT til i læring? Hans Rosling demonstrerer

Eit praktdøme er Hans Rosling som visualiserer utviklinga til 200 land gjennom 200 år med 120 000 tal.

Sjå filmen tre gonger: Ein gong med bare lyd, ein gong med bare film og til sist med lyd og video.

Reflekter:
Kunne visualiseringa lært deg noko åleine? Kunne Hans Rosling lært deg noko gjennom forteljinga? Ja, til begge (kanskje forteljinga var mest lærerik?)

Poenget eg vil fram til er at denne måten å bruka IKT på (person pluss) sannsynlegvis er ein av måtane me må bli flinkare til å bruka. Kva tal kan du visualisera gjennom t.d. http://www.tableausoftware.com/, http://www.microsoft.com/silverlight/pivotviewer/ eller kanskje excel?