Spelbasert lesing? Undervisingside og tips. #MUD

Eit av dei tidlegaste spela eg hugsar frå den digre maskinen (x86-en) med grønt lys på svart bagrunn og 20 MB harddisk har eg tenkt litt på i det siste. Eg er usikker på om det skuldast oljemalinga eller malinga…

MUD er tekstbaserte rollespel på internett som blir spela over telnetprotokollen.

Uansett ein liten introduksjon til spelet:

The Two Towers MUD is a free Multiplayer Online Roleplaying Game set entirely within Tolkien’s world of Middle-Earth, at the time of «Lord of the Rings». We have extensively re-created the lands of Middle-Earth in a rich text environment, from Mithlond to Mordor and the lands of Harad beyond. With over 100,000 rooms and always growing, The Two Towers is a richly developed and highly interactive world. There are hundreds of quests, with rewards great and small, for you to discover.

The Two Towers has an active community of players from around the world who come together to play online. Players join together to create guilds, raid enemy lands, and more.

Online continuously since 1994, The Two Towers is one of the longest running Multiplayer games on the internet and is maintained by a staff of hardworking volunteers who love Tolkien and multiplayer gaming.

I desse spela må ein lesa og gjere val på bakgrunn av det ein les. Det kan vere lurt å laga seg eit lite kart for å ha ei viss peiling på korleis ein kjem seg vidare.

The Two Towers LP MUD
Kor lett er det å navigera i ein slik tekst kan ein kanskje spørje om? Ein kunne sikkert brukt denne typen spel i mange samanhengar. Enkelte vil kanskje lesa fordi akkurat dette handlar om Ringenes herre. Men ein kan jo og bruka det for å trena på å lesa engelsk. Eller ein kan bruka det for å trena lesestrategiar. Og eg er sikker på at du har mange andre gode idear (du gjerne kan leggje igjen i kommentarfeltet).
Eg er rett nok usikker på om det finst noko liknande på norsk.
Men det kan ein jo gjere noko med. Elevar kan laga eit tekstbasert spel eller ei historie der ein vel kvar ein skal vidare til dømes i ein wiki, eller på google sites, eller andre passande system. Kanskje det blir ekstra spanande om ein lagar det til ein barnehage eller til ein grunnskule? Eller kanskje ein skal laga det til ein annan klasse (i wiki) og så la denne klassen forbetre eller forandre historiane?
Det finst ein heil del av desse spela: http://en.wikipedia.org/wiki/Category:MUD_games
Kven lagar eit på norsk?

IDE: Vurdering for læring og personleg logging

Ever wonder why you’re having a bad day, or even a good one? Is there an ongoing problem in your life that you just can figure out? If you’ve got a free minute, just fill out this daily form to help you diagnose the problem by analyzing how you think, act, and feel.

Les artikkel eller sjå video først!

Kortversjon: dagleg logging i eit skjema/rekneark viser progresjon og anna.

Artikkel: Fill Out This One-Minute Form Every Day and Find Out Why Your Life Sucks (or Doesn’t).

Ideen: Tilpass reknearket slik at det handlar om læring og (eigen)vurdering. Spørsmåla som allereie står der kan kanskje brukast, dei påverker kanskje læringa? Kvar elev kan ha sitt eige rekneark og så dela det med læraren. Noko å sjå på saman ved undervegsvurdering?

Kva spørsmål ville du hatt med?

Kva har du lært i dag?

Kva idear har du delt?

LMS: treng ein det?

Margreta spør om ein kan klara seg utan LMS

Svaret er JA, ein kan klara seg utan eit LMS. Men ein treng sannsynlegvis verktøy for å strukturera læringsløpet. Ein sterk bakdel med t.d. facebook er at det er vanskelegare å bruka asynkront enn eit LMS. Ein må vere tilstades der og då for å delta. Det er vanskeleg å finna tilbake til noko som vart delt for lenge sidan. Kor gode og oversiktlege er dei to verktøya du ser på biletet under?

Finn du det som stod på veggen din den 12. november 2011 der? Kva stod på min (eller ein annan ven sin vegg då? (Ok, kanskje du finn det på tidslinja…)

George Siemens snakka varmt om læringsloggar og spor etter læring (eller i alle fall aktivitet) på fleire konferansar i Noreg for eitt eller to år sidan. Dette finn ein vel ikkje i itslearning eller fronter? Eg meiner å hugsa at det hovudsakleg var ELGG han brukte.

Det finst mange gode alternativ eg gjerne skulle ha brukt saman med elevane. Det finst mange gode verktøy som berre er gode til ein ting, som igjen fører til at ein må bruka mange verktøy med elevane og det er kanskje ikkje så smart det heller. Ein må ha eit nav eller ein portal som er fleksibelt og som kan tilpassast. I tillegg likar eg best å kunna installera dette på ein eigen server, slik at eg ikkje treng bekymra meg for om Instagram vert kjøpt opp av Facebook, eller om google endrar vilkåra. Løysingar ein kan installera på eigen server har ofte open kjeldekode slik at ein kan bygga vidare og/eller tilpassa det om ein ynskjer det.

Som «LMS» eller nav for det heile: sannsynlegvis wordpress MU med tillegget buddypress som det viktigaste tillegget. Det finst mange andre tillegg ein bør installera (Feide, val for å sperre deler, vurdering, osb.) Her kan ein bruka grupper for å samhandla med ein klasse, men ein kan og samarbeida på tvers av klassar om ein vil det. Alle elevane får og sin eigen blogg dei lett kan oppdatera frå ein av dingsane dei har. Dei kan velje kva innlegg som skal vere synleg for resten av verda, eller berre klassen, eller berre lærar(ane). Eg trur ein god del elevar vel å skriva mesteparten heilt opent. Elevar har og skjønt at det er lurt å ta bilete av ting, og dei har vanlegvis eit kamera mindre enn ein meter frå seg dei kan bruka til å oppdatera læringsloggen/bloggen med.

Som lærar hadde eg tilpassa løysinga slik at elevane hadde sett dei bokmerka og lenkene eg ynskjer å dela med dei frå min diigo-konto. Desse hadde eg merka med ein tag og så henta inn feeden automagisk. (Det gjer eg allereie nederst på denne sida). Det vert ikkje noko ekstraarbeid for meg å dela bokmerket med elevane.

Nokre gonger prøver eg å skriva langt og, og då er kanskje ikkje wordpress det aller beste verktøyet, men eg hadde kanskje brukt google apps edu til samskriving og prosessorientert skriving.

Det finst mange gode verktøy knytt til arbeidsoppgåver og prosjektstyring. Desse verktøya kan ofte brukast i læringsarbeid. Podio, teambox, basecamp og open atrium er verktøy som godt kan introduserast for elevar. Eg ser ikkje bort frå at denne typen verktøy og kan vere eit svært viktig nav i undervising og læring. Men faren med desse verktøya er kanskje at læraren vert prosjektleiar og har alt for mykje makt.

(Resten av denne posten er henta fram frå utkasta grunna Margreta sitt innlegg.)

Eg kom for lenge sidan med ei lita utfordring til å tenkja litt på korleis ein kan undervisa dersom skulebygget og eksisterande LMS forsvinn. I denne posten skal eg prøva å reflektera litt og det er stor fare for at denne vert oppdatert ved eit seinare høve.

Vanlegvis arbeider eg meist i fronter, men bruker og itslearning i ein annan jobb.

Kva bruker ein LMS til?

Ein god del lærarar brukar det sannsynlegvis mest til å leggje ut beskjedar, dela filer og lenker og til å ta i mot innleveringar. Treng ein LMS til det?

Ein god del skular har sannsynlegvis ein samarbeidsarena (fag eller rom) i sitt LMS der dei deler planar, vurdering, avtalar osb. Treng ein LMS til det?

LMS er ikkje eit verktøy, det er ei verktøykasse. Verktøykassen skal dekkje opplæring, undervising, dokumentasjon og ikkje minst kommunikasjon.
Er dei eigna til det?

I tråd med læreplan og samfunnet? Neppe.

Dersom eg stod heilt fritt til å velja noko trur eg at eg hadde valt litt annleis. (Og då tenkjer eg ikkje så mykje på feide, safe harbour, it-avdelinga osb.)

Den enkle versjonen:
Edmodo:
Edmodo kan brukast til kommunikasjon, utveksling av lenker, oppgåver og filer. Verktøyet støtter kommunikasjon fleire vegar. I tillegg kan ein velja å la deler av informasjonen vere offentleg tilgjengeleg (Les: informasjon til føresette). Ein kan inkludera RSS i grupper (delte bokmerker eller liknande. Kalender, vurdering og «alarmar» kan ein og bruka på edmodo.

Edmodo | Home

Den litt vanskelegare:
Mahara:
Mahara er eit portefølje-system uvikla i New Zealand. Og det støtter autentisering mot Feide.
Kvar elev vert meldt inn i ein institusjon (støtter fleire institusjonar og autentiseringsformer) og får eit område til disposisjon. Her kan eleven skriva inn informasjon om utdanning, interesser osb. slik at ein kan laga seg ein CV. I tillegg kan ein ha ulike «views» eller sider som eg har omsett det med. På sidene kan ein velje å inkluderer alle innlegga frå ein av bloggane eleven har på mahara, informasjon fra ei av gruppene, element frå youtube eller eksterne bloggar. Mahara snakkar saman med Moodle. I tillegg kan elevane eller brukarane sjølv lasta ned heile eller deler av innhaldet sitt og få ei god oversikt over dette. Elevar kan sjølv velje kven som skal få sjå dei ulike delene eller postane, dei kan og dele med andre som ikkje er brukarar av denne løysinga (søke lærlingeplass t.d.).

Start - Mappa mi

 

Den endå litt vanskelegare versjonen:
WordPress MU med Buddypress og KB-Gradebook (og sannsynlegvis ein del andre tillegg)
Her får ein ein kommunikasjonssentral der kvart medlem får sin eigen blogg (eller fleire) i tillegg til grupper. Grupper kan vere på tvers av klassar og ein kan i tillegg la elevane bli med i grupper dei vil vere med (foto, avis osb.). Elevane kan lett oppdatera loggboka/læringsloggen/bloggen frå ein av dingsane dei har med seg, mobiltelefon held.

Kirkenes videreg䤮de skole 2013 bloggportal

Eit slags forsøk på å oppsummera

Ein treng ikkje LMS, men ein treng noko for å strukturera undervising og læring. Store verktøy som itslearning og fronter har mange interessegrupper og skal dekkje mange krav. Små løysingar kan vere meir fleksible, men krev og ein del dugnadsarbeid frå den der it-dama eller mannen, eller venen med IT-kompetanse. Enkelte løysingar konsentrerer seg berre om få ting (t.d. Creaza og blir.no) og er ofte gode til akkurat det.

Eigentleg handlar det vel mest om å utnytta dei verktøya ein har tilgjengeleg på best mulig måte for å nå dei måla ein har sett seg. I

Eg lurer på kven som slutter med itslearning, fronter eller pedit (utan å gå frå den eine til den andre) først. Moodle er allereie i bruk enkelte stader i Noreg.

Igjen alt for lita tid til å skriva kort og konsist. Kan bli oppdatert… Men det er fint om skriv noko under her likevel. Eg har ikkje fasiten.

Rolf Baltzersen. Om pedagogikk, teknologi og mye annet: Årets nyhet: Gratis bok om «Digitale fortellinger i skolen!»

Årets nyhet: Gratis bok om «Digitale fortellinger i skolen!»

Nå er jeg endelig ferdig med en fagboken Digitale fortellinger i skolen (Versjon 2012). Jeg har faktisk holdt på med denne teksten i over to år. Boken er spekket med praktiske tips og eksempler på hvordan man kan bruke digitale fortellinger i undervisningen på ulike måter. Og det beste av alt er at du kan laste ned en gratis PDF-av boken!

Jeg anbefaler alle å kikke på nettversjonen av boken. Boken er egentlig primært en digital lærebok. Nettversjonen lenker direkte til mange digitale fortellinger som du selv kan se på YouTube. Det er også ganske mange fine bilder i boken sammenliknet med andre fagbøker. Disse er hentet fra nettstedet Wikimedia Commons.

Verdt å kikka på!

Nynorsk – pause?

Skal straks ut i pappaperm og er svært usikker på om det fører til meir eller mindre blogging. Men om du kjem til å sakna å lesa nynorsk frå denne kanten kan du sjå følgjande video.

Til inspirasjon.

Ny definisjon av digitale ferdigheter | Senter for IKT i utdanningen

» Grunnleggende digitale ferdigheter er mye mer enn å kunne trykke «send» på en epost eller bruke en nettleser til å lese nyheter. Nå synliggjøres dette gjennom et nytt rammeverk fra Utdanningsdirektoratet. Blant annet er digital dømmekraft trukket frem som ett av fire mestringsområder i en ny definisjon av digitale ferdigheter.»

Via
https://iktsenteret.no/aktuelt/ny-definisjon-av-digitale-ferdigheter