Klimamysteriet – IKT i læring

Rainbows have nothing to hideSkolefagundersøkinga og andre undersøkingar viser at bruk av fagspesifikke program kan føra til auka læring. I tillegg kan det vere gevinstar å henta frå simuleringar og problembasert læring. Klimamysteriet er eit læringsundervers der elevar skal hjelpa rollefiguren Axel med å redda klimaet i verda. Her må ein bruk filmar, spel, informasjonskompetanse og web 2.0 for å løysa oppdraget. Underviser du i naturfag eller engelsk er det fleire kompetansemål som kan passa. Men hugs at spelet ikkje nødvendigvis fører til god læring så lenge det berre vert brukt som eit spel. Det bør brukast i ein større samanheng. Ein kan t.d. gi elevane eigne spørsmål dei berre klarar å svara på gjennom å ta del i spelet.

Meir kan lesast her:

HSH

Introduksjonsvideo

Spelet finn du på: http://www.congin.com/climatemystery/

Klarar dine elevar å løysa klimamysteriet?

Mindtools: Georgios Smedja i Fysik och Matematik

Via det svenske skuleverket sine nettsider for IKT i læring kom eg over

Georgios Smedja i Fysik och Matematik. Her samlar læraren Georgios gode ressursar han sjølv brukar i læringsarbeid. Han bruker m.a. simulering for at elevane skal læra og forstå komplekse prosessar. Han meiner og at det er viktig å gjera matematikk meir lab-orientert og konkret for å auka interessa og sjå at matematikk kan brukast praktisk. Geogebra vert nemnt som eit program ein kan konkretisera matematikk i. Eit anna viktig poeng er at simuleringar ikkje kan vera det einaste ein ein gjer for å forstå noko, læraren må hjelpa til med å tolka, forklara, stilla spørsmål osb.

Det Georgios fortel stemmer godt overeins med det David H. Jonassen  skriv om mindtools. Her er det snakk om målretta og fagspesifikk bruk av IKT, j.f. Skolefagundersøkelsen 2008, og ikkje minst læring med IKT.

Underviser du i matematikk eller fysikk er det lurt å ta turen innom Georgios smie, men husk å gjera noko meir enn å simulera…

Du er herved utfordra

Ein kan fortsetja å diskutera om IKT i læring er meiningslaust eller ikkje, om får noko meirverdi når ein brukar IKT, om dei digitale læremidla er gode nok, om kunnskapsløftet har gode nok rammer og mål og så bortetter.

Eg er overtydd om at IKT kan gi ein meirverdi i læring og undervising dersom ein del gitte føresetnadar er til stades. Det er og viktig å skilja læring gjennom, av eller med IKT. Her kan det vere store skilnadar på kva ein kan forventa av utbytte.

Sjølv støttar eg meg ofte til teoriar rundt Mindtools for å prøva å identifisera typar programvare og ikkje minst relevante læringssituasjonar.

No ynskjer eg å utfora deg til å skissera situasjonar og opplegg der du meiner det er mulig å få til god læring med bruk av IKT. Bruk gjerne tenkte situasjonar/opplegg eller situasjonar/opplegg du sjølv har erfart.

Merke/tag: delogbruk-ikt

Trackback/ping til denne bloggposten:

http://guttorm.hveem.no/blogg/2009/09/du-er-herved-utfordra/

eller legg igjen ein kommentar i feltet om kvar du har lagt ut dine idear.

Relatert: Øystein, Ingunn, Leif og Marita.

Oppdatert: Fortell gjerne noko om fag og ikkje minst fagspesifikke program du har erfaring med.

ITUMonitor 2009

ITU har i dag publisert ITUMonitor 2009 der dei går gjennom trendar og tilstand i skulen.

ITU har lagt ut video frå pressekonferansen, ein finn igjen pressemeldinga hos Computerworld, NRK, VG og Teknisk Ukeblad.

Kunnskapsdepartementet svarar og fortel kva dei ynskjer å satsa på her.

Øystein Johannesen har oppsummert hovudfunn her.

Eva har skrive referat og oppsummert spørjerunden til slutt. Hans Christian bloggar her. Marian har nokre refleksjonar som kanskje ikkje er direkte samanheng med lanseringa.

Oppdatert: Marcel (i Aschehoug) har og skrive sine tankar her. Tommy Engen her.

Heile rapporten kan ein lesa hos ITU i tillegg kan ein finna ein del på twitter med søkeord #itumonitor.

Og for moro skuld kan du sjå om du og klarar elleve rette på testen til NRK.no

Eg vil tru at vidaregåande kjem til å ha endå høgare bruk og sannsynlegvis meir kompetanse etter kvart som dei vert vane med NDLA og stadig fleire digitale læremiddel. Men me kan ikkje berre satsa på å bruka IKT til lesing og skriving. Prosjektstyring, simulering, animasjon, samansette tekstar er nokre stikkord ein kan ha i bakhovudet. Men for å få til slikt må ein ha kompetente lærarar, og for å få til ei satsing på IKT i læring må dei som styrer og legg premissane og vera kompetente. Eg er spent på kva det nasjonale senteret for IKT i utdanning kan leggje til rette for.

Det dukkar heilt sikkert opp ein del i bloggane og på http://delogbruk.no snart.

Alt saman skal lesast og fordøyast, men nokre av oss har ferie litt til…

Post nummer 400 forresten!

Dei ti bud for sosiale media

Twitter
Lon Safko er forfattaren av «The Social Media Bible«. Han har publisert dei ti bud for sosiale media. I utgangspunktet er dette skrive for næringslivet, men her er det mange gode poeng å få med seg for skulevesenet.

Det heile handlar vel om å delta ved å skriva, lesa, sjå, kommentera og dela.

Som alle andre «reglar» med religiøse referansar er det viktig å tenkja litt kritisk, Rolf Jacobsen har skjønt det:

«Og hva er tro? Nesten det samme som håp.
Men hvis du tror for sterkt, da blir du fanatiker.
Det er ikke bra. Derfor har vi tvilen også.
Uten tvilen ville vi fremdeles befunnet oss
i steinalderen. Men du skal ikke tvile for mye heller.
Du skal bare ha en liten takluke for tvil.
Det tror jeg er meningen. En liten tvil bak øret.»

Rolf Jacobsen..

Google Sketchup – endå meir levande?

Kom over denne videoen der ein viser at ein enkelt kan henta ut modellane ein lagar i sketchup og visa/manipullera med hendene med eit tillegg til Sketchup. Rimeleg tøft, og sjølvsagt kan dette brukast i læring…

Eg bruker ofte Sketchup i undervising og læring. Gjerne knytt til matematikk. Ein kan gi instruksar og spørsmål undervegs som til dømes:
1. Konstruer en garasje med grunnflate lik 42m2

2. Sett opp reisverk, bruk mal fra Google Warehouse (med bilde av malen, må manipulerast for å passa)

3. Sett inn dør, Google Warehouse

4. Sett inn garasjeport, Google Warehouse

5. Sett inn vegger, Google Warehouse

6. Regn ut volum av garasjen
6m * 7m * 3,4m = 142,8 m3

7. Regn ut hvor mange meter 2 tom 4 du trenger til reisverket
16 * 3 m = 48 m
+ 19 * 3 m = 57m
+ 19 * 3 m = 57 m
+ 17 * 7 m = 119 m
Totalt = 281 meter

8. Regn ut utvendig overflate på vegger
2,9m * 7m = 20,3 m2
2,9m * 7m = 20,3 m2
2,9m * 6m = 17,4 m2
2,9m * 6m = 17,4 m2
Totalt: 20,3+20,3+17,4+17,4=75,4m2

Og slik kan ein jo fortsetja med utviding, målestokk, vinklar, form, setja saman fleire modellar til ein by osb…

Sketchup 3D

Oppdatert:

Einar Berg tipsar om denne saken, du må klikka på  See the AR version of Materials Card Game movie for å sjå videoen.

Kom på at eg hadde sett denne videoen der ein kan styra nokre andre element. Ein kan lasta ned demo her.