Strukturering i ein digital skulekvardag #itsbk13 #ndla

Nokre konkrete og teoretiske tips til korleis ein jobber med struktur. Har klart å klemma inn LMS, NDLA, tankekart og geriljametodikk i same presentasjon.

Treng du vere digitalt kompetent? NEI!

Men det er sjølvsagt ein fordel.

Kaosprosess:

  • Du veit og har klargjort rammer for prosess og arbeid
  • og kva det skal resultera i.
  • Du bruker sjekklister og vurderingskriterier. Laga på førehand, gjerne i samarbeid med elevane.
  • Elevane skriv logg undervegs, kan vere enkel: kva har du gjort i dag, kva har du lært i dag, kva skal du gjere i neste økt. Arbeidsinnsats, osb.
  • Du lar elevane velje verktøy sjølv, men spør dei om framgang og om dette er gode val undervegs.
  • Det er fint om du kjenner til verktøy, men du treng ikkje meistra alle.
  • Du lærer av elevane
  • Og du lærer elevane å læra/hjelpa kvarandre
  • Du lar elevane spørje dei andre elevane om hjelp.
  • Fokuserer du på læringa i prosessen eller produktet?
  • Du kjenner igjen eit godt fagleg innhald uavhengig av innpakking.

IKT i læring og vurdering, kva tid får med til meir eller lærer betre med IKT?

Klasseleiing har og noko med IKT å gjere. Det er forsatt du som skal vere leiaren og hjelpa elevane gjennom jungelen.
Men du kan sannsynlegvis ikkje mest om eit tema lenger.
Men klarar elevane å sjå samanhengar like godt som deg?

Og presentasjonen med stikkord:

Den sjette sansen – Kva kan me venta oss i framtida?

Me har tilgang til fryktelig mykje informasjon til ei kvar tid. Så lenge ein har ein mobiltelefon eller ein annan dings med seg kan ein sannsynlegvis surfa på internett, kontakta andre og få vita ting. Denne dingsen (den sjette sansen) gjer heile prosessen litt enklare. Kikk gjennom videoen og tenk litt på kva konsekvensar dette kan få i skulen.

– Kven sørgjer for at informasjonen er riktig? Kan kven som helst leggja inn? Kjeldekritikk…
– Kva tid bruker ein slikt?
– Kva slags faktakunnskap bør ein ha?

– Korleis må eksamensoppgåvene/oppgåver vera for at eleven skal kunne visa kva han/ho kan gjera med informasjonen? (Tor Espen har nokre dømer nederst her.)
– Korleis kan du som lærar bruka denne teknologien i undervisinga?
– Har dette nokon relasjon til samansette tekstar?
– Kva strategiar for bruk, samhandling osb. bør ein ha?

ITUMonitor 2009

ITU har i dag publisert ITUMonitor 2009 der dei går gjennom trendar og tilstand i skulen.

ITU har lagt ut video frå pressekonferansen, ein finn igjen pressemeldinga hos Computerworld, NRK, VG og Teknisk Ukeblad.

Kunnskapsdepartementet svarar og fortel kva dei ynskjer å satsa på her.

Øystein Johannesen har oppsummert hovudfunn her.

Eva har skrive referat og oppsummert spørjerunden til slutt. Hans Christian bloggar her. Marian har nokre refleksjonar som kanskje ikkje er direkte samanheng med lanseringa.

Oppdatert: Marcel (i Aschehoug) har og skrive sine tankar her. Tommy Engen her.

Heile rapporten kan ein lesa hos ITU i tillegg kan ein finna ein del på twitter med søkeord #itumonitor.

Og for moro skuld kan du sjå om du og klarar elleve rette på testen til NRK.no

Eg vil tru at vidaregåande kjem til å ha endå høgare bruk og sannsynlegvis meir kompetanse etter kvart som dei vert vane med NDLA og stadig fleire digitale læremiddel. Men me kan ikkje berre satsa på å bruka IKT til lesing og skriving. Prosjektstyring, simulering, animasjon, samansette tekstar er nokre stikkord ein kan ha i bakhovudet. Men for å få til slikt må ein ha kompetente lærarar, og for å få til ei satsing på IKT i læring må dei som styrer og legg premissane og vera kompetente. Eg er spent på kva det nasjonale senteret for IKT i utdanning kan leggje til rette for.

Det dukkar heilt sikkert opp ein del i bloggane og på http://delogbruk.no snart.

Alt saman skal lesast og fordøyast, men nokre av oss har ferie litt til…

Post nummer 400 forresten!

Mikropresentasjonar

Martin Bekkelund kjem med eit godt tips til korleis du enkelt kan bruka ein iPhone til mikropresentasjonar. Ein kan sjølvsagt gjera det same med andre telefonar eller dingsar og.

  1. Eksporter presentasjonen til bilete.
  2. Overfør bileta til ei eiga mappe på mobilen.

Og så er ein klar til å dra fram presentasjonen når ein skal visa den til andre.

Mange nyare telefonar og dingsar har støtte for tilkobling til tv/prosjektør. Så i prinsippet kan ein halda heile presentasjonen i fullformat via telefonen/dingsen…

Enkelt og praktisk!

Les meir om alternativ og framgangsmåte her.

Prezi: Inspirasjonsøkt om web 2.0

Kirkenes vidaregåande har me IKT-verkstad med jamne mellomrom, på desse vert spesifikke verktøy teke opp, demonstrert og informert om. Denne gongen fortalte eg noko om m.a. web 2.0, blogging, twitter, del og bruk og om ein del læremiddel som finst.

Prezi vart brukt for å støtta fortellinga, ein kan vel ikkje kalla det ein finn i prezi for presentasjonar. Kanskje meir støtte for formidlaren? Ein kan forresten raskt bli sjøsjuk dersom ein leikar for mykje med funksjonane i prezi.

Kort oppsummert om prezi:  Rimeleg enkelt å bruka, krev trening, alternativ måte å presentera på (meir vekt på forteljaren), nedlastbar, plattformuavhengig. Berre synd at iphone ikkje har støtte for flash (då hadde eg kjørt direkte frå iphone til prosjektør…)

Og «presentasjonen» ser slik ut:
[iframe http://prezi.com/16750/view/ 600 400]

Eller fullskjerm: http://prezi.com/16750/

Andre presentasjonar mekka i prezi.

Vil du prøva?

Smart tillegg til Powerpoint: LiveWeb

Rett som det er har ein lyst til å setja inn nettsider i presentasjonar. Vanleg praksis er vel å enten leggja inn eit bilete av nettsida eller å leggje til ei lenke slik at ein opnar nettsida i nettlesaren.
Heldigvis har nokon funne ut at dette er upraktisk og laga eit tillegg til powerpoint det du set inn nettsida direkte i powerpoint.
Nettsida oppdaterer seg medan ein kjører presentasjonen.
Nevnte eg at det var gratis?
Les meir og last ned her: http://skp.mvps.org/liveweb.htm