Mindtools: Georgios Smedja i Fysik och Matematik

Via det svenske skuleverket sine nettsider for IKT i læring kom eg over

Georgios Smedja i Fysik och Matematik. Her samlar læraren Georgios gode ressursar han sjølv brukar i læringsarbeid. Han bruker m.a. simulering for at elevane skal læra og forstå komplekse prosessar. Han meiner og at det er viktig å gjera matematikk meir lab-orientert og konkret for å auka interessa og sjå at matematikk kan brukast praktisk. Geogebra vert nemnt som eit program ein kan konkretisera matematikk i. Eit anna viktig poeng er at simuleringar ikkje kan vera det einaste ein ein gjer for å forstå noko, læraren må hjelpa til med å tolka, forklara, stilla spørsmål osb.

Det Georgios fortel stemmer godt overeins med det David H. Jonassen  skriv om mindtools. Her er det snakk om målretta og fagspesifikk bruk av IKT, j.f. Skolefagundersøkelsen 2008, og ikkje minst læring med IKT.

Underviser du i matematikk eller fysikk er det lurt å ta turen innom Georgios smie, men husk å gjera noko meir enn å simulera…

Smartboard: Tips til ressursar, programvare og meir.

Har du Smartboard kan du finna ein del ferdig materiale og tips her:

http://www.smartskole.no
http://www.think-bank.com/iwb/
http://abunday-smartboard.blogspot.com/
http://edtechninja.com/
http://pdtogo.com/smart (Podcast, diverre berre lyd…)
http://smartboards.typepad.com/smartboard/
http://www.whiteboardblog.co.uk/
http://exchange.smarttech.com/forums/
http://almarolh.googlepages.com/ (Matematikk)

Teachertube.com har eigen kanal for opplæring i smartboard her.
Og eit søk på smartboard på teachertube gir brukbare resultat.

Og til sist eit tips om komande programvare til smartboard som gjer det litt lettare…

Smartboard – Edusim (KillerApp?)

Jeanette tipser om Edusim, har lasta ned og gleder meg til testing.

Edusim er som bildet over sier en gratis – nedlastbar – virtuell verden for de som har et interaktivt whitboard i klasserommet. Her kan du og klassen samarbeide med vennskapsklasser fra fjernere steder.

Digg – MIT Sketching – gammalt nytt, nytt håp?

Det er ei stund sidan eg såg denne videoen frå MIT Digg – MIT Sketching, men no har eg funne fram til filene som trengst for å gjera det same på min eigen pc!
Programvaren er nemleg Microsoft Physics Illustrator. Programmet er eigentleg utvikla for Tablet-pc og prøver du å lasta ned installasjonsfilene frå i alle fall eg utan tablet feilmelding.
Heldigvis har nokon lagt ut ein versjon som ikkje krev tablet-versjonen av windows. Sjekk her…
Det kan vere ein ide å sjå videoen ovanfor, samt å kikke på brukarrettleiinga til programmet.

Smartboard – kva gjer me?

Smartboard er fine greier, men kva skal ein bruka det til? Pernille stiller spørsmål og eg heng meg på i diskusjonen..

Pernille Moe – Læring, vurdering og IKT: Smartboard

For 1.-4. kan jo den gratis programpakka GCompris (GPL) vere eit brukbart verktøy til smartboarden. På versjonen som er gratis og porta til windows er det riktignok berre 20 av 100 aktivitetar som er tilgjengelege. Så vidt eg hugsar skal det vere eit verktøy for å animera der. Så no har eg lasta ned cygwin for å sjå om eg får til å gjøra linuxversjonen gjennom det. Elles kan det jo henda eg må finna ein livecd med linux (edubuntu, ubuntu, skolelinux eller liknande), der eg får heile programpakka. Kort fortalt er operativsystemet ferdig installert på CDen, det er vanlegvis
berre å boota opp frå CDen og så er ein klar (Utan at det skjer endringar på harddisken). Ein grei måte å testa ulike linux-distroar.

Les meir her: http://gcompris.net/-Om-GCompris-
Eller last ned her:
http://heanet.dl.sourceforge.net/sourceforge/gcompris/gcompris-8.2.2-2.exe

Elles kan det henda ein finn nokre tips på http://www.teachertube.com

Tips til kva du gjer med smartboard eller til kva ein kan gjere vert teke mot med stor interesse på e-post eller i kommentarar 🙂